fredag 15. oktober 2021

Badekultur - den varme elva

 



Naturen varmar oss på Island.  Biletet de ser her er frå ei kjelde   med nesten kokande vatn som låg ved stien då vi var på veg til Varmá. Varmá tyder varm elv, og det er akkurat det det er, ei varm elv som du kan gå tur til og bada i. Der var vi tidlegare i haust. 
Elva kastar seg nedover

For å koma dit køyrer du til Hveragerði, frå oss som bur midt i Reykjavik tar det ca 40 minutt. Frå Hveragerði vert du skilta til parkeringsplassen, og så går du derifrå.

 Fin tur oppover langs elva.
Du møter gjerne sauer og hestar, ja folk også.
Sauene brydde seg ikkje
 om oss
Ytst til høgre ligg eg!
Det var surt ver då vi var der, småregn på veg opp. 

Allversjakke og badedrakt er obligatorisk når du er på tur på Island. Ta gjerne med ulltøy også.

Når du kjem dit du skal, er det treplattingar ved sida av elva og benker der du legg frå deg klede og slikt. Og så er det bare å koma seg uti ein stad det er passe temperatur.
Hestane var ute og gjekk
med turistar


Vi møtte 
ein islandsk veninnegjeng som var proffe på elvebading. Og elles høyrde vi fransk, tysk, italiensk og sjøvsagt engelsk, rettare sagt amerikansk-engelsk. Det er nå amerikanarar alle stader.



Bading ein folkerett!

Alle småstader på Island har symjebasseng med tilhøyrande heitir pottir (hankjønn nominativ fleirtal).

Det å "fara i sund" altså gå og bada, er noko folk gjer ofte, gjerne kvar dag, dette er ikkje luksus, men ein viktig del av kvardagen.

Det er symjebasseng og heitir pottir på helsestudioet vårt også, der vi går for å  trena. Vi trener helst styrke, og det er uliiiiiideleg keisamt, tykkjer eg. Belønninga kjem etterpå: synka ned i varmt vatn, skikkeleg varmt vatn, og bare slappa fullstendig av, med små avstikkarar til badstova, iskaldt vatn ( ja, vi tøffer oss opp!), massasjebasseng etc. Vi har ennå ikkje sumt i bassenget.

Vi kjem ofte i snakk med folk også der, og får øvd litt islandsk.


Første badesjølvi av mannen og eg
med finger (oppe til høgre)

Tøft land og tøffe folk.

Islendingar jobbar mykje, det er eit lite land, mykje må gjerast, lønningane er ikkje så høge så mange har to jobbar. I følgje ein statistikk eg fann på nettet, jobbar dei 1847 timar i året. Til samanlikning jobbar svenskar 1603 timar i året, og vi nordmenn 1364 timar
i året. Det er nok derfor det er så dårleg med symjebasseng hos oss... Islendingane treng dette avbrekket.
Dei jobber mykje og lever i eit tøft klima.
Dei er utsett for jordskred, jordskjelv og vulkanutbrot, (alt dette  er ting som har skjedd sidan vi kom i august,) så det er dei vel unt å slappa av.

 

Naturressursen  geotermisk vatn

Det er sjølvsagt dette naturleg varme vatnet som gjer dette mogleg. Det varme vatnet i springen vår er geotermisk og kjem frå varme kjelder. Leiligheten vår er oppvarma med vannboren varme i røyr i golvet. Dette er grøn varme, ingen utslepp her.

De hugsar Snorri Sturluson? Han som heldt med feil konge? Eg skreiv om han her

Eg håper han kom frå badet og hadde fred med seg sjølv, før dei kasta seg over han og drap han, men verda er vel ikkje slik.

Då vi gjekk nedover sludda det og bles, motvind sjølvsagt. Men vi var begge samde om at det hadde vore ein gild tur.







 - 










1 kommentar:

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...