Du møter gjerne sauer og hestar, ja folk også.
Sauene brydde seg ikkje om oss |
Ytst til høgre ligg eg! |
Hestane var ute og gjekk med turistar |
Vi møtte ein islandsk veninnegjeng som var proffe på elvebading. Og elles høyrde vi fransk, tysk, italiensk og sjøvsagt engelsk, rettare sagt amerikansk-engelsk. Det er nå amerikanarar alle stader.
Bading ein folkerett!
Alle småstader på Island har symjebasseng med tilhøyrande heitir pottir (hankjønn nominativ fleirtal).
Det å "fara i sund" altså gå og bada, er noko folk gjer ofte, gjerne kvar dag, dette er ikkje luksus, men ein viktig del av kvardagen.
Det er symjebasseng og heitir pottir på helsestudioet vårt også, der vi går for å trena. Vi trener helst styrke, og det er uliiiiiideleg keisamt, tykkjer eg. Belønninga kjem etterpå: synka ned i varmt vatn, skikkeleg varmt vatn, og bare slappa fullstendig av, med små avstikkarar til badstova, iskaldt vatn ( ja, vi tøffer oss opp!), massasjebasseng etc. Vi har ennå ikkje sumt i bassenget.
Vi kjem ofte i snakk med folk også der, og får øvd litt islandsk.
Første badesjølvi av mannen og eg med finger (oppe til høgre) |
Tøft land og tøffe folk.
Naturressursen geotermisk vatn
Det er sjølvsagt dette naturleg varme vatnet som gjer dette mogleg. Det varme vatnet i springen vår er geotermisk og kjem frå varme kjelder. Leiligheten vår er oppvarma med vannboren varme i røyr i golvet. Dette er grøn varme, ingen utslepp her.
De hugsar Snorri Sturluson? Han som heldt med feil konge? Eg skreiv om han her
Eg håper han kom frå badet og hadde fred med seg sjølv, før dei kasta seg over han og drap han, men verda er vel ikkje slik.
Då vi gjekk nedover sludda det og bles, motvind sjølvsagt. Men vi var begge samde om at det hadde vore ein gild tur.
-
Badekultur, det skulle jeg gjerne hatt mer av her.
SvarSlett- SiwH