fredag 8. oktober 2021

Fjellet og språket

 

Esja med nysnø




Fjellet vi ser frå by'n heiter Esja. Det fekke eit lag nysnø her om dagen då sola skein og  det regna, hagla, snødde og bles. Nedbør og sol kom litt om kvarandre då, sjølvsagt, ikkje samstundes. Vinden var konstant.

Dette fjellet er stort og vakkert, det er vårt fjell, Reykjavikfjellet lizm, og eg vil det skal symbolisera språket islandsk på eitt eller anna vis.. Å læra språket er eit svært prosjekt og det er mitt fjell, digert og sjølvsagt umogleg å overvinna.  Eg skal heller ikkje overvinna det, eg skal vera audmjuk og ha respekt for det, men eg vil  læra det å kjenna og bruka det.

Snakka og forstå islandsk

Vi er i gang med å læra islandsk. Eg ikkje uvan med å læra språk. Vi var så heldige at vi hadde tre framandspråk på gymnaset i mi tid.  I tillegg gjekk eg på norrønlina, og lærte gamalnorsk som er oldemora til moderne islandsk.

Dette gjer at eg ikkje er ukjend med kasus og slikt. Eg tok fransk mellomfag i godt vaksen alder, og er blitt glad i grammatikk ( jadda!) Tykkjer det er spennande å finna mønster, samanhengar, system i språk.

Forskjellen på unge meg og meg i dag, er nemleg at eg har så sabla dårleg minne...  Før hugsa eg jo alt, men nå slit eg. Derfor er grammatikken og systema fine, der er eg blitt betre, eg ser meir mønster og fleire samanhengar enn før.

Takk til Noregs Mållag

Islandsk er ikkje lett. Men vi som kjem frå bygda og har ein dialekt, kanskje spesielt vestnorsk, har ein fordel også når det gjeld uttale. Dei seier steidn og stodl her. Det er også veldig greitt å ha kjennskap til nynorsk, ikkje minst litt gammalvoren nynorsk. 

Her må eg bare takka mållaget som kjempar og har kjempa for nynorsk og dialektar. Dette, og det er eg viss på, har gjeve meg eit så mykje betre utgangspunkt for å læra og snakka islandsk. Med eit skriftleg utgangspunkt i bokmål/riksmål og eit normert talemål, hadde eg hatt endå større probem.

Men kasus...

Men på islandsk skal alt sjølvsagt bøyast i kjøn og tal og kasus og eintal og fleirtal.  Kasus veit de, vert styrt av verb og preposisjonar, an, auf, hinter in.. rørsle og ikkje-rørsle, dette hugsar vi frå tysken. Men på Island bøyer dei til og med talorda 1-4 i kjøn og kasus, det må jo vera å overdriva? Dersom du gir tre eple til fire damer. Det er sjølvsagt dårleg gjort, dei burde fått eitt eple kvar.  Men altså uansett, så kjem ikkje bare damene i dativ, men firetalet også! Meining i slikt?

Samtalepartnarar?

Ása og eg
Eg fann meg eit tannlegekontor der eg fekk snakka islandsk, dei snakka så enkelt og seint at eg forstod alt. Veldig kjekt, men ein kan jo ikkje renna til tannlegen kvar dag for å få prata islandsk? Kostar pengar, og kan bli dyrt.

Men nå har eg ein tannkjøtsjukdom som er 

permanent og kostbar, så eg får då
øvd meg.

Frisør gjekk også greitt, vi blei samde om hår, og det er lettare å konversera når dei held på i håret ditt og ikkje inne i munnen din. Eg slapp mellom anna å bli blond, så eg fekk altså forklart meg. Skrekkeleg mykje bleika hår på damene her.


 

Unge snakkar gjerne engelsk

Dei unge snakkar helst engelsk, og dei snakkar godt engelsk. Alle har hatt dansk på skulen, og eldre folk snakkar gjerne dansk/skandinavisk med oss. Mange har også jobba i Noreg og kan norsk. Ein skal sjølvsagt aldri baktala folk, og jafall ikkje gjera det på Island. Hugs det!

Unge snakkar engelsk og
måler vakre bilete på veggane i Reykjavik
Men snakkar eg med ein islending, så fortset eg  på islandsk sjølv om folk svarer meg på engelsk.  Dei tykkjer gjerne det er litt stas at vi prøver å læra språket deira, og så tykkjer dei at nordmenn er greie folk. Og vi tykkjer jo at islendingar er greie folk?

Men litt sta?

Men det undrar meg desse islendingane. Dei kan lesa Snorres kongesoger i original. Litt trøblete rett nok, men endringane er ikkje så store frå då dei blei skrivne på 1200-talet. Dei har rett og slett stått på sitt omtrent sidan dei kom hit. Og dei er ikkje fleire enn omlag 365 000 personar her.

Umåteleg fin solnedgang Seltjarnarnes



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...