![]() |
Vulkanen Fagradalsfjell |
Vi besøkte vulkanen på Fagradalsfjell/Geldingadalur i august. Vi var "heldige" det var utbrot då. Den ligg bare ein liten biltur frå Reykjavik. Du køyrer til Grindavik og derifrå til ein parkeringsplass, og så er det ein fottur på halvannan time med gode skor.
Det er skræmande å sjå fjellet opna seg og slengja ut eld og røyk og stein. Lavaen har fylt opp dalane i kring fjellet. Det stod skilta til ein stad som heitte Natthági, eg spurde ein islending kva det tydde, jau, sa han, ein stad der sauene var om natta,
Nå var det bare ein svær lavasjø. Her ser det ein liten video eg tok då vi var der.
Oska frå Eyjafjellajökull
De hugsar 2010? Oska frå vulkanen Eyjafjellajökull som sette flya på bakken ein lang periode. Nyordet det året var "askefast". Dette vulkanutbrotet kom ikkje lenge etter finanskrisa på Island, og Island var ikkje så populære i utgangspunktet. Men bileta synte den fantastiske islandske naturen, og dette førte etterkvart til stor vekst i turismen. Etter at oska hadde lagt seg sjølvsagt..
Men vulkanen Fagradalsfjall
![]() |
Dagens avis |
eller giftig gass. Han har hatt utbrot lenge, det begynte i mars, han kviler inni mellom og så er det på'an igjen. Men det er stadig jordskjelv i området, seier Morgunblaðið, så det er sjanse for at det kan koma utbrot ein stad i nærleiken av den i Fagradalsfjall, vi får verkeleg håpa den er like liten og vakker.
Utbrotet i 1783-84
![]() |
Lakikratera i dag ( bilete frå Creative Commons) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar