![]() |
Sandvikselva med nyfallen snø på trea |
smygande? Gjer ho det? Kanskje heller trampande, insisterande? Nokre vil meina ho kjem rullande, dundrande med alle sine forventningar og krav om lukke og kjærleik og samhald og gåver og allslags. Neimen om eg veit, men ho kjem, rett rundt hjørnet ligg ho og lurer.
Her eg sit og ser austhimmelen rødme mot dag, prøver eg å ta det med ro. Mannen er att i
![]() |
Oslotreet på Austurvöllur |
Reykjavik, kjem i romjula, og eg skal lage jul med barna våre. Juletre er tilkjørt frå Sandefjord, det kom i plastnett så det vert spennande å sjå korleis det ser ut. Mi erfaring frå barndommen på Kleppe, (då vart dei også tilkjørte), er at uansett kor skakke og stygge trea eigentleg var, så vart dei alltid vakre og nydeleg når vi fekk hengt på all pynten, nesten alltid det vakraste vi hadde sett.
Oppdatering: det er kjempefint om ikkje akkurat det finaste vi har hatt.
Førjulstida i Reykjavik er minst like heftig som her. Eg fekk med meg juletrehogst og -tenning, koret mitt song julesongar rundt i byen ein kveld det var fint ver, stille og frost. Trur det er fyrste gongen med vakkert ver. Vi har vanlegvis frose oss forderva i kuling frå alle kantar og sno/ regn - alle typar nedbør. Det er sjølvsagt svært mange uttrykk for dårleg vinterver på islandsk: skafrenningur, snjóbylur, rennidrif t.d.
![]() |
Reykjavik i vinterkvitt, sett frå Nordens hus |
Siste førjulstida her, siste vinteren, siste semesteret med islandsk på universitetet ligg framfor meg, å som eg kjem til å sakne det. Eg er så glad (glöð, men hadde eg vore mann hadde eg vore glaður, tenk litt på det), for å ha fått denne sjansen til å lesa og læra så mykje spennande og kjekt, og for å få bu på Island.
![]() |
Codex Regius Konungsbók |
Eg var mellom anna vitne (hang ut av vindauga) då dei gamle middelaldershandskriftene vart kjørte med politi- og kulturministereskorte, dei femhundreogfemti (Google maps) metrane frå kjellaren på universitetet til Edda, praktbygget der dei skal lagrast trygt, synast fram og bli forska på, Nå snakkar vi altså mellom anna om Codex Regius, Konungsbók med eddadikt og sjølvaste Flateyjarbók. Desse skriftene låg i København fram til 1970-talet, då Island fekk nokre av det tilbake. Men avtalen er at islandske dokument frå middelalderen som ikkje handlar om Island framleis skal liggja i København.. Danmark var koloniherre, vi må ikkje gløyma det, og dette meiner eg er restar av koloniherretankegang.
Tenkje seg til at eg har kunne lesa dette på originalt norrønt, (bare rettskrivinga er fiksa). Vi hadde delar av Snorre-Edda og nokre eddadikt på pensum i haust, i tillegg til fornalder- og islendingasoger.
![]() |
Djevelen sluker dei fortapte sjelen (dei blå beina!) |
Det var val til ny nasjonalforsamling 30. november. Sosialdemokratane gjorde eit godt val. Saman med to andre parti skal dei danna regjering. På Island virker det som om fleirtalsregjering er det einaste alternativet. Det er ingen venleg tone mellom regjering og opposisjon her, så den typen høfleg og venleg diskusjon vi kan oppleva mellom Støre og Listhaug (Dagsrevyen i desember), ser eg ikkje for meg på Island. Kristrun, som leier Samfylkingen (sosialdemokratane) dannar regjering med Inga frå Flokkur folksins (småpopulistisk parti på venstresida) og Thorbjörg frå Vidreisn( liberalt). Dei vert kalla "Valkyriene" i media, sjølv om vi veit at valkyriene stort sett jobba med å velja ut kven som skulle døy på slagmarka og så ta dei med til Åsgard til Odin og Frøya ( Frøya fekk halvparten). Ikkje akkurat spesielt fruktbart grunnlag for politiske programerklæringar etter mi meining.
![]() |
Siste vulkanutbrotet til nå fotografert frå nabolaget mitt |
blaserte....Nå rant det mykje lava ut over parkeringsplassen ved Blue Lagoon, men den er blitt rydda og folk bur på hotellet. Dei som bur der er folk som tykkjer vulkanar er spennande og som kan evakuerast på ein halvtime, og vanlegvis får du minst ein halvtime. Bortsett frå siste utbrotet, det begynte 20. november og ingen hadde venta eit utbrot akkurat då.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar