mandag 27. september 2021

Vel overstått val og om Snorre som valde feil

 

Himmel og hav


Valekspertane bomma på Island. Dei tippa regjeringsskifte, men slik blei det ikkje. 

Demokratiet er spinkelt.
   Dette er ein fiskehjell, men er passe 
spinkel og fin illustrasjon
 



Själfstettisflokkurinn,(SF), høgrepartiet hugsar de? gjorde eit greitt val, dei gjekk bare litt tilbake. Framsóknarflokkurinn (FF) - senterpartet, gjorde eit veldig godt val. Det tredje partiet som var i regjering, Vinstrehreyfinginn Grænt framboð (VG)søsterpartiet til vårt SV, gjekk tilbake.
Eg tykkjer det verker heftig med SV og Høgre i same regjering, men her på Island har dei hatt det den siste perioden.



 Sidan Island ikkje har mindretalsregjering vert det SF og FF  som dannar regjering saman med nokre andre. Det vert spanande å sjå kven det blir. Ein periode i går var det kvinnefleirtal på tinget, det hadde i såfall vore det første i Europa, men så fintelte dei ein stad oppe på nordvestlandet og kjønnsfordelinga blei 33 menn og 30 kvinner. Temmeleg jamnt då.

Skemmtilegar kosningar?

Vi har prøvd å ønskje folk godt val, men dei gjer visst ikkje det på Island.

Å velja er að kjósa på islandsk. På engelsk har dei verbet to choose så her er det ein gammal norrøn sams stamme. Dette verbet er borte i moderne norsk, men jammen fann eg det att i Ivar Aasens Norsk ordbog, de har vel den på hylla de også?
Litt vanskeleg med gotisk skrift, men her står det: kjosa, v.a.(kys, kaus, kosset) kaare, vælge foretrække, stæmme på.

Snorri Sturluson (1179-1241)

Han med kongesogene og Edda, veit de, var ein av dei rikaste og mektigaste mennene på Island. Han budde på Reykholt når han ikkje farta fram og tilbake til Noreg, og på Reykholt ligg det nå eit forskningssenter, Snorrestofa.

Har stadnamnet "reyk" i seg tyder det gjerne varm kjelde, og det same gjeld for
Det var skikkeleg varmt, eg stakk handa nedi

Reykholt, ja Reykjavik også.

Han var glad i å bada, Snorre,  som alle islendingar, deilig å sitja i eit varmt bad og snakka om ver og politikk, medan det sluddar og regnar ikring deg. Snorre hadde ein  nydeleg steinsett badekulp, der det kom inn vatn frå ei varm kjelde, den er rekonstruert. Den underjordiske tunnellen der dei meiner han blei drepen, er også der.


Tunnellen der Snorre blei drepen



Snorre støtta nemleg feil mann i Noreg. Han fekk lendmansstatus av kongen , Håkon Håkonsson, men blei meir og meir  godvener med hertug Skule. 
Hertug Skule som var svigerfar til kong Håkon,  prøvde å ta makta frå kongen. 

Derfor såg Håkon Håkonsson Snorre som ein svikar og farleg fiende og sørga for å få han drepen nett i denne tunnellen.





Heldigvis for oss hadde han fått unna det meste av skrivearbeidet før det skjedde. Vi er også heldige som lever i ein del av verda der det ikkje er livsfarleg å støtta ein annan enn den som har makta i augneblinken, det er eigentleg heilt greitt.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...