onsdag 22. september 2021

Valet på laurdag og Helga som forsvann

 

Kaldakvísl sett frå toppen av Helgufoss
Dei store stridsspørsmåla i politikken  kan eg ikkje mykje om. 

Det eg har fått med meg er at Sjálfstæðisflokkurinn er eit høgreparti, medan Samfylkingin er eit sosialdemokratisk parti. 

Det er 63 plassar i AllꝦingi. Sjálfstæðisflokkurinn har nå 16 av desse, medan Samfylkingin har 7 plassar. Av andre parti kan eg nemna Vinstrihreyfinginn - Grænt framboð som er søsterpartiet til SV, dei har 11 seter. Framsóknarflokkurinn liknar på vårt Senterparti, dei har 8 plassar. Piratpartiet oppstod i 2012 som eit protestparti då folk opplevde at politikarane ikkje høyrde på dei. Dei har  6 plassar på tinget.  

Nei,  dette vert ikkje 63 til saman, eg har bare teke med dei som liknar på norske parti. Eg kan elles for lite språk og skjønar for lite av kva det vert snakka om på radioen til å få  med meg skiljelinene mellom dei. Men dei snakkar om skatt, helseteneste, skule og slikt her også.

Kanskje eg skjønar meir etter laurdag?


langs elva 

Halldór Laxness

Elva Kaldakvísl som de ser på første biletet, går forbi huset til Halldór Laxness og til Helgufoss. (Den litle blå prikken på biletet er meg). Helgufoss er 12 meter høg, ikkje så stor, men veldig fin. 

Laxness er ein av dei aller største og mest produktive islandske forfattarane. Han fekk m.a. Nobelprisen i litteratur for romanen "Sin egen herre". 

Turen frå huset hans på Gljúfrasteinn  til Helgufoss er ein fin liten søndagstur når det er spådd regn om ettermiddagen.

Helgufoss

  Elva er vakker og det skal også vera ei god fiskeelv. Turen er lett å gå, og vi fekk til og med sjå mange fine hestar.

Helga Bárdsdottir

Og så kan vi tenkja på Helga.

Ho heldt visst til her omkring. Helga Bárdsdottir  heitte ho. Ho var dotter til Bárd Snæfellsás som var halvt rise og blei til ein vette eller ånd eller noko. ( Han er der framleis, på Snæfellsnes.)

Det same skjedde visst med Helga, ho gjekk inn i fossen og blei til ein alv eller vette eller noko. Ho skal vera der framleis, ho også, men vi såg henne ikkje


Litt meir av Kaldakvísl, ser de hestane?

Ikkje at dette har noko med politikk å gjera, men 80 % av alle islendingar trur på alvar. 

Det er litt å tenkja på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...