onsdag 27. oktober 2021

Golden circle - revisited eller

 

Þingvallavatnet

 Gullna hringinn endurskoðað - eller vatn vatn og vatn

Gullna hringinn - uttale gudlna hringidn ( legg merke til h'en framfor r.) Denne gylne ringen som vi talar om, er den runden med buss eller bil som mange turistar tar når dei kjem til Island. Ofte det einaste du får tid til om du er på mellomlanding mellom USA og Europa. Du kan kjøpa billett til denne turen mange stader.
 
Eine sonen kom på besøk, stor stas, og då tok vi turen omatt. Det slo meg at her handlar det mykje om  vatn.

Þingvellir

som vi skreiv om her ligg  ca tre kvarters tur eller 48 km aust- nordaust frå sentrum i Reykjavik, når du parkerer ved besøkssenteret.
.

 Den vakre Öxaràfossen som de ser fossar her, renn vidare som Öxará. Denne elva har dei funne ut, blei regulert i for meir enn tusen år sidan, for å vera ei meir tilgjengeleg kjelde for drikkevatn for folket som var samla til tings. 
Då reknar eg med at dei henta drikkevatnet frå elva før vatnet kom til drekkingarhylur, ( som tyder noko slikt som drukningshølen). Der drukna dei kvinner som blei dømde på tinget for å ha gjort noko gale. Dei blei putta inni ein sekk og dregne ned i vatnet. Dei vart gjerne dømde for blodskam, for å ha teke livet av nyfødde og skjult fødsler. Det er ei liste ved  drukningshølen over kvinner som blei drukna der frå ca 1600 til  1750. Straffene blei mykje verre etter at reformasjonen blei innført av danskekongen  i 1536.

Gullfoss

Frå Þingvellir er det sju mil eller omlag ein time å køyra til Gullfoss. 
Då er du sjølvsagt  blitt svolten. For det første er det ei stund sidan frukost, og for det andre er du så ovandotten av islandsk natur og historie at du treng mat. Du  parkerer  ved besøkssenteret og så går du inn, rett  forbi alle dei fine lopipeysene og kjøper deg ein tallerken med kjötsúpa. Kjötsúpa er laga på deilig lammekjøt og grønsaker, og er absolutt på høgde med norsk fårikål. (Utan at eg nå skal hiva meg inn i den pågåande, brennheite diskusjonen om fårikål i Noreg).

Gullfoss har to fall, eitt på 11 meter og eitt på 21 meter, vatnet fossar ned i eit djupt juv. 

Sigriður Tómasdottir
1871-1957 

heitte ei kvinne - slik begynner gjerne dei islandske sogene. Denne dama her var ei ekte sagakvinne som kjempa for det ho meinte var viktig, ein knallhard naturvernar.
Ho  budde i Brattholt like ved Gullfoss. Ho fekk aldri formell skulegang, men las mykje og  var kunstnerisk.   Ho og systrene synte ofte fossen til turistar.
I 1907 fekk bøndene deromkring eit tilbod om å selja fossen, det var snakk om mykje pengar, det skulle byggjast vasskraftverk der.
Sigriður gjekk til aksjon for å verna fossen. Ho drog til Reykjavik gong etter gong - det er 120 km - til hest og til fots, for å skapa merksemd og vinna dei store og mektige for fossen og mot utbygging. Ho var svært einvis i dette, ho truga til og med med å kasta seg i Gullfoss.
Ho brukte sparepengane sine på å 
leiga advokat, han heitte  Svein Björnsson og  blei seinare Islands første president.
Dei  tapte rettsaka, men hadde greidde å vinna folket for seg. Gullfoss blei selt til staten, og er nå nasjonalpark.



Geysir

på heimvegen køyrer du innom Geysir. Det er bare ei mil frå Gullfoss.
Sjølve Geysir som har gitt alle andre geysirar namn, tar det heilt med ro.
Han søv stort sett, m
en det er sabla varmt vatn det som sildrer ned på sidene, 80-100 gr C, så du må passa deg.


Rett ved sida av er Strokkur, ein superaktiv veslebror som spruter og spruter, høgt!

Eg tok video av han,den er lang, over to minutt. Men held du ut får du med deg spruten. Fram til då kan du sjå på vatnet som damper, trekk seg saman og vidar seg ut, litt meditativt.
.



Her er videoen eg tok, eg måtte leggja han på Youtube for å få syna han her sidan han er så lang.


Etterpå drog vi heim, litt over ti mil til sentrum av Reykjavik.  Gullna hringinn er verd å få med seg, sjølv om det altså er svært vanskeleg å uttala.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...