Gamla laugin ligg i Flúðir. Det er halvannan time frå Reykjavik, og bare ein halv time frå Gullfoss. Du kan leggja det til som ein slags ekstra deilig belønning på den gullna hringinn din om du vil.
Landskapet - så vakkert og goldt
Vi drog frå Reykjavik, strålande solskin var det, og ein del vind. Du kjører
gjennom brutale lavalandskap, der du ser korleis fjella på eit vis er stivna i ei
rørsle, marka er knudrete lavastein, med eit tunt lag lav på. Bonden i meg undrar
seg over at folk har greidd å overleva her, det lavet som veks her kan du ikkje eingong fø ein sau på.
Landskapet endrar seg etter Hveragerði, (hugsar de den varme elva?) Det veks gras på marka til sauer og hestar, og det er planta tre her.
Gamla laugin eller Secret Lagoon
- blei opna i 1891 og er det eldste offentlege symjebassenget på Island. Dei heldt symjekurs her frå 1894.
Teikn tyder på at folk har bada her før også, og ikkje minst vaska kleda sine. Det er rikeleg med kokande varme vasskjelder kring bassenget.
Teikn tyder på at folk har bada her før også, og ikkje minst vaska kleda sine. Det er rikeleg med kokande varme vasskjelder kring bassenget.
Det var i full drift fram til 1947, men då blei det bygd nytt symjeanlegg, og Gamla Laugin gjekk i gløymeboka, heilt til det blei renovert og opna att.
Vatnet kjem frå dei varme kjeldene i
kring.Det vert filtrert og går ut i bassenget som held ein jamn temperatur på 36-40 grader. Vatnet vert skifta ut, etterkvart, og er heilt utskifta etter 24 timar. Det blir ikkje brukt klor. Det kostar ikkje meir enn drygt 200 norske kroner å koma inn her. Det er veldig stille og fredeleg. Vi kom i snakk med eit ungt par frå Australia som jakta på nordlys på Island. Dei skulle til Noreg også, Oslo og Tromsø.
kring.Det vert filtrert og går ut i bassenget som held ein jamn temperatur på 36-40 grader. Vatnet vert skifta ut, etterkvart, og er heilt utskifta etter 24 timar. Det blir ikkje brukt klor. Det kostar ikkje meir enn drygt 200 norske kroner å koma inn her. Det er veldig stille og fredeleg. Vi kom i snakk med eit ungt par frå Australia som jakta på nordlys på Island. Dei skulle til Noreg også, Oslo og Tromsø.
Men Blue Lagoon, og kva med Sky Lagoon?
Det er den alle har høyrt om, Blue lagoon er spillvatn frå det geotermiske varmekraftanlegget Svartsengi. Der har vi ikkje vore ennå.
Sky Lagoon er heilt nytt. Det ligg i Kópavogur, eit kvarter med bil frå der vi bur. Det er jysla fint og dyrt. Bygningen har vegger av torvblokker,mørkt tre og betong. Bassenget er omkransa av "lavaklipper", og du kan ligge på kanten og sjå utover havet. Folk er veldig opptekne med å ta bilete av kvarandre der, men eg tykkjer det er litt ugreitt å ha mobilen med i vatnet derfor er alle bileta her frå Gamla laugin.
Det er ei fantastisk badstove der som du får besøka om du kjøper den nest dyraste billetten, der er det eit digert panoramavindauge der du ser utover havet og solnedgangen dersom du ha taima dette skikkeleg.
Også er det bar der! Du kan liggje i det varme vatnet og drikka kampavín *champagne* og sjå på stjernene.
Vesturbæjarlaug
er det lokale symjeanlegget vårt. Det ligg nedi høgget her. Vi har kjøpt klyppekort, og eg har ein plan om å gå dit og sitja i heita pottinum * her vert det dativ sidan eg sit i ro, det er veik bøying av adjektivet sidan substantivet har bestemt form, trur eg, men kjem eg nokon gong til å hugse det???*
og prøve å snakka islandsk med dei andre som har tid til å vera der om føremiddagen. Eg har til og med tenkt å symja.
Sidan vame bad er ein menneskerett på Island er ikkje dette særleg dyrt, kjøper du årskort, er det grisebillig. Når du er 67 går du inn gratis, bare å gle seg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar