Þingvallavatnet |
Gullna hringinn endurskoðað - eller vatn vatn og vatn
Þingvellir
Gullfoss
Sigriður Tómasdottir
1871-1957
Ho brukte sparepengane sine på å leiga advokat, han heitte Svein Björnsson og blei seinare Islands første president.
Þingvallavatnet |
Sauene brydde seg ikkje om oss |
Ytst til høgre ligg eg! |
Hestane var ute og gjekk med turistar |
Alle småstader på Island har symjebasseng med tilhøyrande heitir pottir (hankjønn nominativ fleirtal).
Det å "fara i sund" altså gå og bada, er noko folk gjer ofte, gjerne kvar dag, dette er ikkje luksus, men ein viktig del av kvardagen.
Det er symjebasseng og heitir pottir på helsestudioet vårt også, der vi går for å trena. Vi trener helst styrke, og det er uliiiiiideleg keisamt, tykkjer eg. Belønninga kjem etterpå: synka ned i varmt vatn, skikkeleg varmt vatn, og bare slappa fullstendig av, med små avstikkarar til badstova, iskaldt vatn ( ja, vi tøffer oss opp!), massasjebasseng etc. Vi har ennå ikkje sumt i bassenget.
Vi kjem ofte i snakk med folk også der, og får øvd litt islandsk.
Første badesjølvi av mannen og eg med finger (oppe til høgre) |
Det er sjølvsagt dette naturleg varme vatnet som gjer dette mogleg. Det varme vatnet i springen vår er geotermisk og kjem frå varme kjelder. Leiligheten vår er oppvarma med vannboren varme i røyr i golvet. Dette er grøn varme, ingen utslepp her.
De hugsar Snorri Sturluson? Han som heldt med feil konge? Eg skreiv om han her
Eg håper han kom frå badet og hadde fred med seg sjølv, før dei kasta seg over han og drap han, men verda er vel ikkje slik.
Då vi gjekk nedover sludda det og bles, motvind sjølvsagt. Men vi var begge samde om at det hadde vore ein gild tur.
-
![]() |
Esja med nysnø |
Dette fjellet er stort og vakkert, det er vårt fjell, Reykjavikfjellet lizm, og eg vil det skal symbolisera språket islandsk på eitt eller anna vis.. Å læra språket er eit svært prosjekt og det er mitt fjell, digert og sjølvsagt umogleg å overvinna. Eg skal heller ikkje overvinna det, eg skal vera audmjuk og ha respekt for det, men eg vil læra det å kjenna og bruka det.
Vi er i gang med å læra islandsk. Eg ikkje uvan med å læra språk. Vi var så heldige at vi hadde tre framandspråk på gymnaset i mi tid. I tillegg gjekk eg på norrønlina, og lærte gamalnorsk som er oldemora til moderne islandsk.
Dette gjer at eg ikkje er ukjend med kasus og slikt. Eg tok fransk mellomfag i godt vaksen alder, og er blitt glad i grammatikk ( jadda!) Tykkjer det er spennande å finna mønster, samanhengar, system i språk.
Forskjellen på unge meg og meg i dag, er nemleg at eg har så sabla dårleg minne... Før hugsa eg jo alt, men nå slit eg. Derfor er grammatikken og systema fine, der er eg blitt betre, eg ser meir mønster og fleire samanhengar enn før.
Islandsk er ikkje lett. Men vi som kjem frå bygda og har ein dialekt, kanskje spesielt vestnorsk, har ein fordel også når det gjeld uttale. Dei seier steidn og stodl her. Det er også veldig greitt å ha kjennskap til nynorsk, ikkje minst litt gammalvoren nynorsk.
Men på islandsk skal alt sjølvsagt bøyast i kjøn og tal og kasus og eintal og fleirtal. Kasus veit de, vert styrt av verb og preposisjonar, an, auf, hinter in.. rørsle og ikkje-rørsle, dette hugsar vi frå tysken. Men på Island bøyer dei til og med talorda 1-4 i kjøn og kasus, det må jo vera å overdriva? Dersom du gir tre eple til fire damer. Det er sjølvsagt dårleg gjort, dei burde fått eitt eple kvar. Men altså uansett, så kjem ikkje bare damene i dativ, men firetalet også! Meining i slikt?
Ása og eg |
Men nå har eg ein tannkjøtsjukdom som er
permanent og kostbar, så eg får då
øvd meg.
Frisør gjekk også greitt, vi blei samde om hår, og det er lettare å konversera når dei held på i håret ditt og ikkje inne i munnen din. Eg slapp mellom anna å bli blond, så eg fekk altså forklart meg. Skrekkeleg mykje bleika hår på damene her.
Unge snakkar engelsk og måler vakre bilete på veggane i Reykjavik |
Men det undrar meg desse islendingane. Dei kan lesa Snorres kongesoger i original. Litt trøblete rett nok, men endringane er ikkje så store frå då dei blei skrivne på 1200-talet. Dei har rett og slett stått på sitt omtrent sidan dei kom hit. Og dei er ikkje fleire enn omlag 365 000 personar her.
Umåteleg fin solnedgang Seltjarnarnes |
![]() |
Vulkanen Fagradalsfjell |
Vi besøkte vulkanen på Fagradalsfjell/Geldingadalur i august. Vi var "heldige" det var utbrot då. Den ligg bare ein liten biltur frå Reykjavik. Du køyrer til Grindavik og derifrå til ein parkeringsplass, og så er det ein fottur på halvannan time med gode skor.
Det er skræmande å sjå fjellet opna seg og slengja ut eld og røyk og stein. Lavaen har fylt opp dalane i kring fjellet. Det stod skilta til ein stad som heitte Natthági, eg spurde ein islending kva det tydde, jau, sa han, ein stad der sauene var om natta,
Nå var det bare ein svær lavasjø. Her ser det ein liten video eg tok då vi var der.
![]() |
Dagens avis |
![]() |
Lakikratera i dag ( bilete frå Creative Commons) |
Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol! Siste våren.Nå i vår har eg teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg... L...