Jøkullsarlon med sjølve jøkullen, ein del av Vatnajøkull, i bakgrunnen
Korleis beskriva det ubeskrivelege? Eg trur Jökullsarlón er noko av det mest spektakulære eg nokon gong har sett og opplevd. Jökullsá eller Jøkullså er elva som renn frå jøkullen, (Vatnajøkull er den største breen i Europa) lón tyder lagune. Denne lagunen vert stadig større fordi breen kalver og slepp store isblokker ut i lagunen som har danna seg av smeltevatnet.
Blokkene løyser seg opp og renn med elva ned mot sjøen. På stranda vert dei slengde opp på den svarte sanden og ligg og glitrar som diamantar. Fantastisk vakkert, og også trist når vi veit at klimaendringane får breen til å minka meir og meir.
Vi var ute i lagunen i ein båt, og kom nær isfjella
Isfjella endrer tyngdepunkt og kan plutseleg velta over
Det svarte i isen er lag med oske frå tidlegare vulkanutbrot
Isen flyt nedover elva og ender opp på stranda, der han glitrer som diamantar. I elva såg vi fleire leikande selar, det er godt med fisk der.
Hoffell heitir pottar
- er fem kummar med varmt vatn som ligg ikkje så langt frå vegen.
Der hamn vi i godt lag med ein mann frå Ukraina og ein frå Tsjekkia, i ein annan kum sat eit par som snakka tysk, avslappa, grei og internasjonal stemning.
mannen bader
Höfn
I Hõfn budde vi på eit gjestehus. Reint, ryddig og greitt, bortsett frå at rommet vårt låg ved felleskjøkkenet der nokre jenter stadig vekk dreiv og kokte kål. Ja, eg veit det er sunt og sånn, fårikål er storveges, men lukta er kjedeleg i lengda, kokt kål kvar dag????
Höfn ( skal uttalast Høbn) var elles ein koseleg liten stad. Pakkhúsid var ein triveleg restaurant med god mat og god stemning.
heiter så fordi det er ein Borgarfjord på vestsida også. Det er jo ikkje så greitt når du kjem til eit kliss nytt land, utan folk i, og skal setja namn på vikar, vatn og øyar, tusen fjordar, tusen fjell. For ikkje å seia elver, det er jysla mange Jøkullså ( elver som renn ned frå ein jøkull altså). Og slike jøklar eller brear er det jo også mange av.
Her i nærleiken vaks Johannes Sveinsson Kjarval opp, han er rekna som ein av dei største målarane på Island, om ikkje den største. ( lenke til nokre av bileta hans). I den kjempekule kafeen som er der, var det mange portrett som han hadde teikna av kjende folk. Elles var campingplassen stappfull av glade folk, fult av telt og campingvogner, det skulle vera stor musikkfestival dagen etter, Bræðslan, det var seld 900 billettar på førehand.
Det var småregn, skodde, kaldt og stor stemning!
Og det var her vi verkeleg møtte
Lundefuglane
Lundefugl
.
Mange lundefuglar.
Lundefuglane gjorde tydelegvis ikkje noko av at vi var der. Dei sat og "prata" saman og stabba litt ikring. Flaksa litt rundt, elendige flygarar, men jysla flinke til å dykka . Dei er aldeles nydelege, sjølvsagt, virker så tillitsfulle. Alle vi som stod og såg på dei, snakka lågt saman og var nok fylte av ærefrykt, mannen og eg var jafall det.
Tok ein video også.
Seydisfjördur
Frå Borgarfjord Eystri drog vi til Seydisfjordur. Vegane var stort sett ganske dårlege
grusvegar, men det var mykje vegarbeid, så dei vert sikkert gode seinare.
Det er i Seydisfjord båten kjem inn, Smyril! De har kanskje høyrt om han? Tidlegare gjekk denne ferja innom Bergen, men nå går han frå Hirtshals, innom Færøyane til Seydisfjord. Du kan ta med deg bilen på båten dersom du ønskjer å kjøra rundt Island med eigen bil.
Seydisfjord er ein koseleg liten tettstad som er prega av mykje kunst og kultur. Den vakre Gufufossen helser deg når du kjører inn til byen.
Det er ein fantastisk sushirestaurant der, men den var ikkje open då vi var der, så vi åt lammeskankar til lunsj, gode dei også.
Seydisfjord blei ramma av eit forferdeleg jordras i desember 2020. Meir enn tjue hus blei tekne, men folk var heldigvis evakuerte, så ingen blei skada.
Ein sel kviler på eit skjær i hamnebassenget.
Egilsstadir
er eit knutepunkt på ringvegen og eit utgangspunkt for avstikkarar. Det var nok derfor senga var så dyr sjølv om vi bestilte tidleg.
Det er eit veldig fint bad der, Vök. Dette badet ligg ute i eit vatn og du kan symja litt rundt i vatnet, det heldt 13. grader, og så gå opp i det varme vatnet etterpå. Vök er eitt av favorittbada våre.
- eller Demant hringinn er turen til desse stadene her. Slik Sør-Island har Golden Circle har Nord-Island Diamond Circle. Ein runde på 250 km
Mývatn
- tyder omtrent akkurat det de trur, altså myggvatn. Mannen og eg hadde med noko gammal myggspray som eg fann i skuffa, og kliss ny islandsk frå apoteket. "Islandsk gift til islandsk mygg" tenkte vi. Vi hadde også skaffa oss mygghatt, ein svært lite kledeleg bøttehatt med myggslør som du kan dra ned framfor andletet. Men det var dårleg med mygg kring Myvatn. Det er ikkje mygg på Island, ser du. Det som vanlegvis fyk rundt i rikelege mengder der er ein slags små knottaktige fluer. Då vi var der var det ikkje særleg mykje av dei heller. Orm finst det heller ikkje på Island, eller ulv, ikkje eingong brunsneglar...
NB! det er nokre forferdelege greier som heiter lúsmý sørpå. Dei er bittesmå og bit, Kom hit til lands for fem år sidan og er heilt grusomme og blodtørstige. Vi har ikkje sett dei eller gitt dei blod. Det hjelper visst med vanleg myggmiddel. Men det var svært vakkert kring Myvatn, det skal ogsð vera eit godt fiskevatn. Fiske i vatn er vanleg på Island, men mannen liker best å fiska i ei elv så det har han ikkje freista ennå.
Dimmuborgir
- er ikkje bare eit norsk symfonisk black metalband (wikipedia), men også staden der ho der fæle Gryla bur saman tredje ektemannen sin Leppaludi, den morderiske Jólakötturinn og dei tretten jolasveinane. Meir om Grýla og traumatiserte islandske barn her
Dimmuborgir er også eit avsindig lavalandskap ved Myvatn. Denne dagen hadde det passa med drivande tåke og duskregn, men då var det rett og slett sol og ganske fint.
"Kyrkja" heitte denne lavahallen
Litt for fint ver til å vera skummelt
Vanskeleg å tru på Grýla i slikt eit godt ver.
Og etterpå bada vi sjølvsagt.
Myvatn Nature Baths
heitte det( lenke til badet). Der var det slikt mjølkefarga ugjennomsiktig vatn som det er i Blue lagoon. Alltid deilig med eit bad.
Vatnet er alkalisk og mineralrikt. Samansetninga er sik at alger og skit ikkje trivst, og derfor treng ein ikkje tilsetje klor.
Stuðlagil
er eit gjel, ei ravine eller canyon som er laga ved at elva har grave seg ned i berget over lang tid. Dette gjelet her - Studlagil - er spesielt på grunn av formasjonane i fjellsidene. Studlagil blei ikkje oppdaga før dei demma ned elva for å utnytta vasskrafta til energiføremål. Då kom desse fantastisk vakre steinformasjonane til syne. Før elva var demma ned var området i kring rekna som farleg, det var bare sauer, (modige sauer!) som heldt seg der.
Det er ikkje heilt greitt å koma dit, mykje dårleg grusveg.
- litt geologi
Stuðlaberg heiter søylebasalt på norsk, ( eg slo det opp nett nå.) Det er lavaen som storknar i slike gjerne sekskanta/ heksagonale former som står vinkelrett på underlaget. Sidan vrir og vender alt på seg, jafall her på Island, så du får dei merkelegaste formasjonar. Fargane her i dette gjelet varierer jo også mykje på grunn av forskjellig innhald av mineral. Det må vera spennande å vera geolog på Island.
er på veg til Husavik slik vi har lagt opp turen. Godafoss er lett å finna, ligg rett ved ringen
Godafoss
Imponerande breid og flott foss. Mange busslastar med turistar, Island er utselt som de veit?
Mannen og fossen
Du kan gå på begge sider av fossen, det er verkeleg eit flott syn. Namnet Godafoss skal visst koma av at gudebilete av heidenske gudar vart kasta i fossen då kristendommen blei innført.
Den blei spelt inn i og rundt Husavik, og der finst eit eige museum for Grand prix her. Diverre stengt då vi var der, på grunn av sjukdom stod det på lappen. Ja Ja Ding Dong museet altså.
I og omkring Husavik er det også varme kjelder og sjansar til å bada.
Vi fann ein dam med gullfisk på vegen inn. Idyllisk i eit skogholt ved innfartsvegen. Levande gullfisk som sumde ikring i vatnet.
Passe varmt til at dei kunne vera der året rundt, vi kunne sikkert ha bada der vi også. Det var appen til mannen sjølvsagt som fann gullfiskdammen.
Trur ikkje fiskane syner her. Men dei virka godt nøgde dei vi såg
I Husavik er det eit kvalmuseum ein bør besøka, i tillegg til Ja Ja Ding Dong sjølvsagt. Det er også eit fint bad, der du kan henga over kanten og drikka kampavin medan du ser ut på det uendelege havet. Geosea heiter det
Geosea, kampavinen er sjølvsagt bare for den som ikkje kjører
Dettifoss
ligg i eit månelandskap. Det er eit godt stykke å gå frå parkeringsplassen Det er eigentleg eit system av tre fossar etter kvarandre i eit stort vassdrag.
Storslått, storveges og litt skremmande, nedanfor finn de også videoar. Eg tykte det var vanskeleg å fanga det storslåtte med mobilkameraet mitt, alt vert så puslete.
Dettifoss
Dettifoss er noko du må oppleva, verkeleg fantastiske naturkrefter.
Lenger oppe i vassdraget er SelfossOg så er det ein til lenger oppe, men så langt kom ikkje vi