Goðafoss
er på veg til Husavik slik vi har lagt opp turen. Godafoss er lett å finna, ligg rett ved ringen
Imponerande breid og flott foss. Mange busslastar med turistar, Island er utselt som de veit?
![]() |
Mannen og fossen |
Du kan gå på begge sider av fossen, det er verkeleg eit flott syn.
Namnet Godafoss skal visst koma av at gudebilete av heidenske gudar vart kasta i fossen då kristendommen blei innført.
Namnet Godafoss skal visst koma av at gudebilete av heidenske gudar vart kasta i fossen då kristendommen blei innført.
Har de sett den der Grand prix-filmen? Eurovision song contest the story of Fire Saga, morosam film som ligg på Netflix
Den blei spelt inn i og rundt Husavik, og der finst eit eige museum for Grand prix her. Diverre
stengt då vi var der, på grunn av sjukdom stod det på lappen. Ja Ja Ding Dong museet altså.
stengt då vi var der, på grunn av sjukdom stod det på lappen. Ja Ja Ding Dong museet altså.
I og omkring Husavik er det også varme kjelder og sjansar til å bada.
Vi fann ein dam med gullfisk på vegen inn. Idyllisk i eit skogholt ved innfartsvegen. Levande gullfisk som sumde ikring i vatnet.
Passe varmt til at dei kunne vera der året rundt, vi kunne sikkert ha bada der vi også. Det var appen til mannen sjølvsagt som fann gullfiskdammen.
I Husavik er det eit kvalmuseum ein bør besøka, i tillegg til Ja Ja Ding Dong sjølvsagt. Det er også eit fint bad, der du kan henga over kanten og drikka kampavin medan du ser ut på det uendelege havet. Geosea heiter det
![]() |
Geosea, kampavinen er sjølvsagt bare for den som ikkje kjører |
Dettifoss
ligg i eit månelandskap. Det er eit godt stykke å gå frå parkeringsplassen Det er eigentleg eit system av tre fossar etter kvarandre i eit stort vassdrag.
Storslått, storveges og litt skremmande, nedanfor finn de også videoar. Eg tykte det var vanskeleg å fanga det storslåtte med mobilkameraet mitt, alt vert så puslete.
Dettifoss er noko du må oppleva, verkeleg fantastiske naturkrefter.
Lenger oppe i vassdraget er SelfossOg så er det ein til lenger oppe, men så langt kom ikkje vi
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar