![]() |
Himmel over Myvatn |
Diamond Circle
- eller Demant hringinn er turen til desse stadene her. Slik Sør-Island har Golden Circle har Nord-Island Diamond Circle. Ein runde på 250 km
Mývatn
- tyder omtrent akkurat det de trur, altså myggvatn. Mannen og eg hadde med noko gammal myggspray som eg fann i skuffa, og kliss ny islandsk frå apoteket. "Islandsk gift til islandsk mygg" tenkte vi. Vi hadde også skaffa oss mygghatt, ein svært lite kledeleg bøttehatt med myggslør som du kan dra ned framfor andletet. Men det var dårleg med mygg kring Myvatn. Det er ikkje mygg på Island, ser du. Det som vanlegvis fyk rundt i rikelege mengder der er ein slags små knottaktige fluer. Då vi var der var det ikkje særleg mykje av dei heller. Orm finst det heller ikkje på Island, eller ulv, ikkje eingong brunsneglar...NB! det er nokre forferdelege greier som heiter lúsmý sørpå. Dei er bittesmå og bit, Kom hit til lands for fem år sidan og er heilt grusomme og blodtørstige. Vi har ikkje sett dei eller gitt dei blod. Det hjelper visst med vanleg myggmiddel.
Men det var svært vakkert kring Myvatn, det skal ogsð vera eit godt fiskevatn. Fiske i vatn er vanleg på Island, men mannen liker best å fiska i ei elv så det har han ikkje freista ennå.
Vanskeleg å tru på Grýla i slikt eit godt ver.
Men det var svært vakkert kring Myvatn, det skal ogsð vera eit godt fiskevatn. Fiske i vatn er vanleg på Island, men mannen liker best å fiska i ei elv så det har han ikkje freista ennå.
Dimmuborgir
- er ikkje bare eit norsk symfonisk black metalband (wikipedia), men også staden der ho der fæle Gryla bur saman tredje ektemannen sin Leppaludi, den morderiske Jólakötturinn og dei tretten jolasveinane. Meir om Grýla og traumatiserte islandske barn her
Dimmuborgir er også eit avsindig lavalandskap ved Myvatn. Denne dagen hadde det passa med drivande tåke og duskregn, men då var det rett og slett sol og ganske fint.
![]() |
"Kyrkja" heitte denne lavahallen |
![]() |
Litt for fint ver til å vera skummelt |
Vanskeleg å tru på Grýla i slikt eit godt ver.
Og etterpå bada vi sjølvsagt.
Myvatn Nature Baths
heitte det( lenke til badet). Der var det slikt mjølkefarga ugjennomsiktig vatn som det er i Blue lagoon. Alltid deilig med eit bad.
Vatnet er alkalisk og mineralrikt. Samansetninga er sik at alger og skit ikkje trivst, og derfor treng ein ikkje tilsetje klor.
Stuðlagil
er eit gjel, ei ravine eller canyon som er laga ved at elva har grave seg ned i berget over lang tid. Dette gjelet her - Studlagil - er spesielt på grunn av formasjonane i fjellsidene. Studlagil blei ikkje oppdaga før dei demma ned elva for å utnytta vasskrafta til energiføremål. Då kom desse fantastisk vakre steinformasjonane til syne. Før elva var demma ned var området i kring rekna som farleg, det var bare sauer, (modige sauer!) som heldt seg der.
Det er ikkje heilt greitt å koma dit, mykje dårleg grusveg.
- litt geologi
Stuðlaberg heiter søylebasalt på norsk, ( eg slo det opp nett nå.) Det er lavaen som storknar i slike gjerne sekskanta/ heksagonale former som står vinkelrett på underlaget. Sidan vrir og vender alt på seg, jafall her på Island, så du får dei merkelegaste formasjonar. Fargane her i dette gjelet varierer jo også mykje på grunn av forskjellig innhald av mineral. Det må vera spennande å vera geolog på Island.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar