![]() |
Borgarfjord eystri - ser de studlane i fjellsida? |
heiter så fordi det er ein Borgarfjord på vestsida også. Det er jo ikkje så greitt når du kjem til eit kliss nytt land, utan folk i, og skal setja namn på vikar, vatn og øyar, tusen fjordar, tusen fjell. For ikkje å seia elver, det er jysla mange Jøkullså ( elver som renn ned frå ein jøkull altså). Og slike jøklar eller brear er det jo også mange av.
Her i nærleiken vaks Johannes Sveinsson Kjarval opp, han er rekna som ein av dei største målarane på Island, om ikkje den største. ( lenke til nokre av bileta hans). I den kjempekule kafeen som er der, var det mange portrett som han hadde teikna av kjende folk. Elles var campingplassen stappfull av glade folk, fult av telt og campingvogner, det skulle vera stor musikkfestival dagen etter, Bræðslan, det var seld 900 billettar på førehand.
Det var småregn, skodde, kaldt og stor stemning!
Det var småregn, skodde, kaldt og stor stemning!
Og det var her vi verkeleg møtte
Lundefuglane
![]() |
Mange lundefuglar. Lundefuglane gjorde tydelegvis ikkje noko av at vi var der. Dei sat og "prata" saman og stabba litt ikring. Flaksa litt rundt, elendige flygarar, men jysla flinke til å dykka . Dei er aldeles nydelege, sjølvsagt, virker så tillitsfulle. Alle vi som stod og såg på dei, snakka lågt saman og var nok fylte av ærefrykt, mannen og eg var jafall det. Tok ein video også. Seydisfjördur grusvegar, men det var mykje vegarbeid, så dei vert sikkert gode seinare. Det er i Seydisfjord båten kjem inn, Smyril! De har kanskje høyrt om han? Tidlegare gjekk denne ferja innom Bergen, men nå går han frå Hirtshals, innom Færøyane til Seydisfjord. Du kan ta med deg bilen på båten dersom du ønskjer å kjøra rundt Island med eigen bil. Seydisfjord er ein koseleg liten tettstad som er prega av mykje kunst og kultur. Den vakre Gufufossen helser deg når du kjører inn til byen. Det er ein fantastisk sushirestaurant der, men den var ikkje open då vi var der, så vi åt lammeskankar til lunsj, gode dei også. Seydisfjord blei ramma av eit forferdeleg jordras i desember 2020. Meir enn tjue hus blei tekne, men folk var heldigvis evakuerte, så ingen blei skada. ![]() Ein sel kviler på eit skjær i hamnebassenget. Egilsstadirer eit knutepunkt på ringvegen og eit utgangspunkt for avstikkarar. Det var nok derfor senga var så dyr sjølv om vi bestilte tidleg. Det er eit veldig fint bad der, Vök. Dette badet ligg ute i eit vatn og du kan symja litt rundt i vatnet, det heldt 13. grader, og så gå opp i det varme vatnet etterpå. Vök er eitt av favorittbada våre. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar