![]() |
Jøkullsarlon med sjølve jøkullen, ein del av Vatnajøkull, i bakgrunnen |
Blokkene løyser seg opp og renn med elva ned mot sjøen. På stranda vert dei slengde opp på den svarte sanden og ligg og glitrar som diamantar. Fantastisk vakkert, og også trist når vi veit at klimaendringane får breen til å minka meir og meir.
Isen flyt nedover elva og ender opp på stranda, der han glitrer som diamantar. I elva såg vi fleire leikande selar, det er godt med fisk der.
![]() |
Vi var ute i lagunen i ein båt, og kom nær isfjella |
![]() |
Isfjella endrer tyngdepunkt og kan plutseleg velta over |
![]() |
Det svarte i isen er lag med oske frå tidlegare vulkanutbrot |
Isen flyt nedover elva og ender opp på stranda, der han glitrer som diamantar. I elva såg vi fleire leikande selar, det er godt med fisk der.
Hoffell heitir pottar
Der hamn vi i godt lag med ein mann frå Ukraina og ein frå Tsjekkia, i ein annan kum sat eit par som snakka tysk, avslappa, grei og internasjonal stemning.
![]() |
mannen bader |
Höfn
I Hõfn budde vi på eit gjestehus. Reint, ryddig og greitt, bortsett frå at rommet vårt låg ved felleskjøkkenet der nokre jenter stadig vekk dreiv og kokte kål. Ja, eg veit det er sunt og sånn, fårikål er storveges, men lukta er kjedeleg i lengda, kokt kål kvar dag????
Höfn ( skal uttalast Høbn) var elles ein koseleg liten stad. Pakkhúsid var ein triveleg restaurant med god mat og god stemning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar