mandag 12. september 2022

Island rundt 6 Vik i Myrdal, den svarte sanden, dei eventyrlege klippene og Reynisfjøra med dei farlege, farlege bølgjene

Utsikt frå Dyrholaey ved Vik

Kirkjubæjarklaustur

Hugs at du kan klikka på bileta, så vert dei store!
Her var det eingong eit nonnekloster, men vi kom der mest for å sjå studlaberget. Kirkjugólf eller kyrkjegolvet kallar dei dette området der søylebasaltet eller studlaberget ligg som eit golv. Tøft.
 Dei skal helst vera sekskanta, men dei greier det ikkje heilt, nokre av dei har fleire enn seks sider, andre færre. Eg sluttar aldri å undra meg over naturen, desse heksagonane ( mykje finare ord enn sekskantar), tenk at lavaen former seg slik? Og kven var det som tipsa biene at dette var ein ok grunnform å konstruera bikuber etter? Holroma der biene lagrer honning er jo nettopp sekskanta.



Vik i Myrdal og Reynisfjöra

Vik er ein hyggeleg stad. Her budde vi på Arsalir gjestehus, som var veldig triveleg. Fronten
Den svarte stranda i Vik i Myrdal


blei brukt som Hotell Vik i den litt skumle og  rare serien Katla 
som ligg på Netflix.
Den svarte sanden i Vik er pimpsteinssand, og det er planar om å eksportera han  til kontinentet. Dette er det store protestar mot,. Transporten vil for det første skapa for stor belastning på vegnettet som ikkje er laga for denne typen trafikk, ( snakk om fire lastebilar i timen...), i tillegg er dette eit eineståande naturfenomen og viktig turistattraksjon. Turisme er nå blant dei viktigaste
næringsvegane på Island.
Reynisfjøra i vakkert motlys

 Reynisfjøra
er rett rundt hjørnet, dvs rett rundt klippa du ser til høgre på biletet over her. Det vert meterhøge, lumske bølgjer her, og det har vore fleire dødsfall. Det står skilt om at du ikkje skal gå ned på stranda når det er mykje bølgjer, men likevel gjer turistane det. Det vert mykje diskutert kva ein skal gjera for å få folk til å bruka vit, det vert snakka om raude flag, blinklys m.m. Vanskeleg det der. Det er så mykje på Island som er livsfarleg.
Fantastiske klippeformasjonar og studlaberg her
Steinhall av studlaberg

Vi blir så små i dette 




Naturkreftene har vridd og vrengt på denne steinen. Hola han ut, laga kvelvingar og søyler,  slengt klipper ut i sjøen og stabla opp steinformasjonar på land.
Utsikt frå Dyrholaey vest for Reynisfjøra,
 her hekka  lundefugl



Du får respekt for slikt arbeid. 

På Dyrholaey som ligg vest for Reynisfjøra, hekker dei vidunderlege lundefuglane som får oss til å smila og bli snille. Må bli snill av å sjå på lundefuglar.

Frå Dyrholaey er det to og ein halv time heim, seier Google. Dette var siste etappen på rundturen vår på Island.
Vi har sett så mykje vakker natur og det er så mykje vi har att å sjå på Island. Vestfjordane for eksempel? Vi har ikkje sett Vestfjordane. 
"The Ginger" som venen vår Andrew kallar dei, det ser ut som ei slik ingefærrot på kartet. Kanskje vi dreg dit neste sommar?
Denne bloggen er dagboka mi, det er fint å få samla og ordna minne og bilete på denne måten. Ein gløymer så fort. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...