![]() |
Botnselva, tømmerstokken er på plass og folk på veg over Alle bileta kan klikkast på, gjer det! |
Glymurfossen er Islands nest høgaste foss. Den ligg ein times kjøretur frå
Reykjavik. Følg ringvegen riksveg 1 retning nord, nordvest langs kysten og ta til høgre mot Hvalfjardarvegur. Dersom du ikkje tar til høgre, riksveg 47 mot Hvalfjardarvegur, hamnar du i tunnellen under fjorden, og då får du ein omveg.
Du vert skilta frå Riksveg 47 til Glymurfossen
Dårleg grusveg fører deg til
parkeringsplassen og kan ta på deg fjellsko.
Fjellsko med støtte for ankelen er lurt, det er mykje rullestein oppover på turen.
Vårturen
Elva er stri og vårfløymande nå, så vi går opp på nordsida av elva opp til fossen. Du går oppover fjellet i greitt terreng, noko stein og ur som sagt, men med skikkelege sko går det fint. Du ser ikkje så mykje av sjølve elva medan du går, men det er ein fin tur og utsynet når du kjem opp er fantastisk.
Denne turen er ikkje veldig krevjande, dersom du er van med å gå i fjellet. Med kaffipausar og sjokoladepausar og roleg gange brukte vi to og ein halv time opp og to timar ned. Veret var grått og littegrann fuktig, men det var ein fin tur i vakker natur.
![]() |
Utsyn til havet - vårturen |
Fossen har eit fall på 950 m ned i ei trang ravine.
Fuglane byggjer reir i fjellsidene.
Fuglane byggjer reir i fjellsidene.
Sommarturen
I juni er ikkje elva så strid lenger. Då vert det lagt ein tømmerstokk over elva slik at du kan gå oppover på sørsida, der er synet av fossen endå meir spektakulært
Du kan gjerne gå same tur om sommaren som om vinteren, men vi ville gjerne gå opp langs elva på sørsida og ned på nordsida. Då får vi sjå fossen frå to forskjellige sider. Men dette er ein meir krevjande tur. Skorne er like viktige sjølvsagt, men i tillegg bør du - vera i god form,
- ha god balanse,
- vera fri for høgdeskrekk
- og tola å bli verkeleg iskald og våt på beina.
Du skal nemleg balansera barbeint over ei stri elv på ein sleip tømmerstokk, heldigvis er det ein vaier du kan halda deg fast i. Ta med handkle, det gløymte vi, fekk låna av ein venleg franskmann. På vegen oppover er det tau å halda seg fast i på dei brattaste stadene, men det er ein tøff tur. Når du vel er komen opp må du bretta opp buksene, dersom du ikkje er islending. Islendingar går i shorts når det er sol og heiter juni sjølv om det bare er åtte varmegrader. Du må vada over den fossande, iskalde elva, på steinar som anten er skarpe eller sleipe, ingen mellomting. Ikkje dett, då vert du jysla våt og kald. Når du er komen over sit du i den mjuke mosen og drikk kaffi og ser på dei som kjem etter. Ta med kaffi! Sommarturen vår gjekk i strålande ver som de ser. Eg blei stolt av meg sjølv fordi eg turde gjera dette, eg er slett ingen tøffing, men fekk veldig mestringskjensle. Alt dette i tillegg til ei fantastisk naturoppleving.
Eg legg ut bilete kronologisk her under.
- vera i god form,
- ha god balanse,
- vera fri for høgdeskrekk
- og tola å bli verkeleg iskald og våt på beina.
Du skal nemleg balansera barbeint over ei stri elv på ein sleip tømmerstokk, heldigvis er det ein vaier du kan halda deg fast i. Ta med handkle, det gløymte vi, fekk låna av ein venleg franskmann.
![]() |
Ravina er djup, langt der nede er elva og framfor oss ligg fossen
Turen nedover på sørsida er grei, litt bratt nokre stader, men ikkje så veldig
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar