![]() |
Rocio, Ramiya og eg på ferja |
Dette er ein slik passeleg halvdagstur, om du ikkje sit for lenge på kafé så du mister ferja tilbake.
Eg gjekk eit godt stykke fordi Google maps stadig driv og tullar med bussrutene.
greitt ut ein dag, må du bare hiva deg rundt og dra avgarde. Du kan ikkje satsa på at det vert betre i morgon.
Fogden eller stiftsamtmannens fine hus er blitt kafé. Der fekk vi verkeleg god kaffi (presskanne) og lune kleinur. Kleina ( fleirtal kleinur, svak bøying hokjønn) er eit islandsk smultbakverk, nært i slekt med norsk smultring. Denne her var kjempegod. Diskusjonen omkring kva som var dei beste bakeria i Reykjavik blei såpass heftig at vi gløymte ei ferje, og måtte vera litt lenger enn vi hadde tenkt. Ferjene går bare ein gong i timen,.
Men vi skulle på gönguferð, altså ut og gå, så det passa fint
Eg skulle på tur med Rocio frå Bolivia og Ramiya frå India, Rocio har budd her i over 30 år og Ramiya kom i haust, slik som eg. Eg er glad for at eg er blitt kjent med desse damene frå heilt andre kantar av verda, det gir meg mykje.
Veret
Veret var så ymse, vi håpte heile tida det skulle bli sol, ein gjer gjerne det, og vi fekk nokre solstreif, litt regn også, men ikkje mykje. Det er jo slik når du bur på Island, alt ver er greitt bare det ikkje regnar, snør eller bles for mykje. Og ser veret
![]() |
Interiør frå kyrkja. På kvinnesida er benkene sju cm lågare enn på mannssida. |
Uansett er mørke skyer kule på biletet. Blå himmel kan fort bli litt einsformig.
Historie - Videy
Det bur ikkje folk på Videy nå, og ingen har lov å overnatta. Men det har budd folk her før, frå rett etter landnåmstida. I 1124 blei det etablert eit kloster på Videy, som vart lukka under reformasjonen. Skúli Magnusson var landfogd her, den første islendingen med det embetet, seinare blei øya sete for stiftsamtmannen. Garden som blei driven her , med kyr og sauer, vart rekna som mønsterbruk i regionen.![]() |
Rikt fugleliv på øya, ærfugl blant anna |
Det var også ein skule her ein gong, og ein liten landsby.
Vi gjekk rundt heile den eine enden av øya, Vesturøy. Vi fekk ikkje sett Kvennagönguhólar, dei ligg rett ved der fuglane leigg på reir, og dei må vera i fred nå om våren.
Huldukvinner
I kvennugönguhólane held huldufolket til, altså alvefolk eller underjordiske , i dette tilfellet alvekvinner. Vi skulle gjerne helst på nokre slike.
Kyrkje og kafé - sjel og likam
Kyrkja er bittelita, men orgelet funker visst fint framleis og folk synst det er stas å gifta seg her. Ho er frå 1774, men ein har funne rester av ei klosterkyrkje som blei bygd på 1200-talet.
![]() |
Utsyn mot Esja i nord |
Landskapet er vakkert, øya er fredeleg, fin til ein liten dagstur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar