 |
Frå turen til Esja |
Juni er eineståande vakker her på Island også med lyse, lyse netter som ein aldri burde sova bort.
Sidan dei ikkje har 17. mai her, det er det jo bare vi nordmenn som har, feirer dei 17. juni . Det er både feiring av frigjeringa frå Danmark i 1944 og fødselsdagen til Jón Sigurdsson , ein av dei fremste forkjemparane for frigjeringa på 1900- talet. |
Her taler Katrin |
Det var mykje stas, tog frå Hallgrimskyrkja, tale av statsminister Katrin og flotte bunader.

Men det var ingen som ropte hurra...
Dei må jo ropa hurra, vel? Vert vel ingen nasjonaldag når dei ikkje roper hurra.
Mannen og eg prøvde oss med litt forsiktige hurrarop frå fortauet, men fekk bare heva augnebrun til svar.
Ikkje var det allsong av nasjonalsongen heller. Eg hadde teksten i veska og har øvd, slik at eg kjem både opp og ned (sjå blogg om ubehagelege nasjonalsongar) og hadde gledd meg.
Men det var bare eit lite damekor som framførte songen før Katrin statsminister talte, og eg trur sørenmeg dei hadde lagt'an opp! Koret var litt sprikete i klangen og hadde ein tanke for mykje vibrato etter min smak.
Mannen og eg var elles samde om at det hadde vore ein gild dag.
Duft av syrin
 |
Tullesyrin |
Eg har sakna lukta av syrin, den friske deilige syrinlukta som er ulik all anna lukt og som bare er der nokre korte veker mai/ juni.
Eg har ein stor, fin syrin med doble blomar i hagen heime. Dette er ein vanleg syrin, syringa vulgaris på latin
Eg har leitt og leitt etter den i Reykjavik.
Det ER ein art som liknar ganske mykje. Litt meir buskliknande. Eg har luska rundt utanfor hagegjerdene i vekevis og venta på at dei skal springa ut. Knoppane har absolutt ingen duft.
Men blomane luktar, lukta er annleis og ikkje så frisk. Busken er pen , men det ikkje min vulgære syrin. Dette er ein hybrid eller krysning.
Eg leitte også i botanisk hage her i Reykjavik. Mange syrinar, mange hybridar, men ikkje min vulgaris.
Det er ganske rart, klimaet i Reykjavik er mildare enn i Oslo, når det gjelde vintertemperatur o.l. Eg ville jo tru min vanlege syrin ville tola det?
Heldigvis er det hegg her, masse hegg, avblomstra nå, men deilig så lenge det varte.
Katten i Frakkarstigur og meir grammatikk
Kattar er tøffe og nokre er tøffare enn andre
På ein portstolpe i Frakkarstigur ligg det ein katt som gjerne blir klappa av alle som går forbi.
Frakkarstigur er ei gate som går ned frå Hallgrimskirkja og til Laugarvegur. Det ligg eit bakeri der, med veldig gode snúdir og croissant. Croissant heiter krosant på islandsk, uvisst kjønn og med trykk på første staving. Akkurat det er enkelt, det er alltid trykk på første staving, men sidan du ikkje veit kva kjønn det er kan du enda med å spørja om å få tvo, tvær eller tvö (akkusativ) krosant. Eg er blitt råda til å alltid kjøpa fem av alt eg skal ha, etter fire er det nemleg ingen grammatiske problem, talet vert ikkje bøygd i kjønn og kasus. Men det kan fort bli helsefarleg å bestilla slike mengder både av krosantar i bakeriet og øl på bar, så noko har vi då lært: ég ætla að fá tvo bjór (hankjønn akkusativ) eller tvö glös hvít vin (inkjekjønn akkusativ, raudvin går like greitt), eventuelt tvær flöskur (hokjønn akkusativ). MEN dersom du er så uheldig å gløyma øl og glas i disken, så kjem dei i dativ, verbet "gleyma" styrer nemleg dativ. Det vil du verkleg ikkje.
Men katten i Frakkastigur har bare tre bein ( þrjá fætur - hankjønn akkusativ). Han overlevde såvidt ei trafikkulukke, så nå hoppar han rundt på tre bein, og får mykje kos av dei som går forbi. Er han nøgd? Har han god livskvalitet? Kan vi læra noko av den trebeinte katten i Frakkastigur? Neimen om eg veit.
Heim til hagen
 |
Sykkeltur ved Árbæjará |
Det eg veit er at eg dreg heim i morgon og gler meg til å møta familie og vener. Eg har verkeleg sakna dykk.
Ser fram til å få jobba litt i hagen. Syrinen er avblomstra for lenge sidan, men det vert spennande å sjå korleis det går med rosene.
Det vert gildt å koma heim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar