fredag 24. juni 2022

17. juni, trebeinte kattar og tullesyrin.



Frå turen til Esja


Juni er eineståande vakker her på Island også med lyse, lyse netter som ein aldri burde sova bort.
Sidan dei ikkje har 17. mai her, det er det
 jo bare vi nordmenn som har, feirer dei 17. juni . Det er både feiring av frigjeringa frå Danmark i 1944 og fødselsdagen til Jón Sigurdsson , ein av dei fremste forkjemparane for frigjeringa på 1900- talet.

Her taler Katrin
Det var mykje stas, tog frå Hallgrimskyrkja, tale av statsminister Katrin og flotte bunader.


Men det var ingen som ropte hurra...
Dei må jo ropa hurra, vel? Vert vel ingen nasjonaldag når dei ikkje roper hurra.

Mannen og eg prøvde oss med litt forsiktige hurrarop frå fortauet, men fekk bare heva augnebrun til svar.
Ikkje var det allsong av nasjonalsongen heller. Eg hadde teksten i veska og har øvd, slik at eg kjem både opp og ned (sjå blogg om ubehagelege nasjonalsongar) og hadde gledd meg.

Men det var bare eit lite damekor som framførte songen før Katrin statsminister talte, og eg trur sørenmeg dei hadde lagt'an opp! Koret var litt sprikete i klangen og hadde ein tanke for mykje vibrato etter min smak. 
Mannen og eg var elles samde om at det hadde vore ein gild dag.


Duft av syrin

Tullesyrin
Eg har sakna lukta av syrin, den friske deilige syrinlukta som er ulik all anna lukt og som bare er der nokre korte veker mai/ juni.

Eg har ein stor, fin syrin med doble blomar i hagen heime. Dette er ein vanleg syrin, syringa vulgaris på latin

Eg har leitt og leitt etter den i Reykjavik.

Det ER ein art som liknar ganske mykje. Litt meir buskliknande. Eg har luska rundt utanfor hagegjerdene i vekevis og venta på at dei skal springa ut. Knoppane har absolutt ingen duft.

Men blomane luktar, lukta er annleis og ikkje så frisk. Busken er pen , men det ikkje min vulgære syrin. Dette er ein hybrid eller krysning. 

Eg leitte også i botanisk hage her i Reykjavik. Mange syrinar, mange hybridar, men ikkje min vulgaris.

Det er ganske rart, klimaet i Reykjavik er mildare enn i Oslo, når det gjelde vintertemperatur o.l. Eg ville jo tru min vanlege syrin ville tola det?

Heldigvis er det hegg her, masse hegg, avblomstra nå, men deilig så lenge det varte.


Katten i Frakkarstigur og meir grammatikk

Kattar er tøffe og nokre er tøffare enn andre
På ein portstolpe i Frakkarstigur ligg det ein katt som gjerne blir klappa av alle som går forbi.

Frakkarstigur er ei gate som går ned frå Hallgrimskirkja og til Laugarvegur. Det ligg eit bakeri der, med veldig gode snúdir og croissant. Croissant heiter krosant på islandsk, uvisst kjønn og med trykk på første staving. Akkurat det er enkelt, det er alltid trykk på første staving, men sidan du ikkje veit kva kjønn det er kan du enda med å spørja om å få tvo, tvær eller tvö (akkusativ) krosant. Eg er blitt råda til å alltid kjøpa fem av alt eg skal ha, etter fire er det nemleg ingen grammatiske problem, talet vert ikkje bøygd i kjønn og kasus. Men det kan fort bli helsefarleg å bestilla slike mengder både av krosantar i bakeriet og øl på bar, så noko har vi då lært: ég ætla að fá tvo bjór (hankjønn akkusativ) eller tvö glös hvít vin (inkjekjønn akkusativ, raudvin går like greitt), eventuelt tvær flöskur (hokjønn akkusativ). MEN dersom du er så uheldig å gløyma øl og glas i disken, så kjem dei i dativ, verbet "gleyma" styrer nemleg dativ. Det vil du verkleg ikkje.
 
Men katten i Frakkastigur har bare tre bein ( þrjá fætur - hankjønn akkusativ).  Han overlevde såvidt ei trafikkulukke, så nå hoppar han rundt på tre bein, og får mykje kos av dei som går forbi. Er han nøgd? Har han god livskvalitet? Kan vi læra noko av den trebeinte katten i Frakkastigur? Neimen om eg veit. 

Heim til hagen

Sykkeltur ved Árbæjará
Det eg veit er at eg dreg heim i morgon og gler meg til å møta familie og vener. 
Eg har verkeleg sakna dykk.
Ser fram til å få jobba litt i hagen. Syrinen er avblomstra for lenge sidan, men det vert spennande å sjå korleis det går med rosene.
Det vert gildt å koma heim.


søndag 5. juni 2022

Glymurfossen - vår og sommar - turar kring Reykjavik

Botnselva, tømmerstokken er på plass og folk på veg over
Alle bileta kan klikkast på, gjer det! 




Glymurfossen er Islands nest høgaste foss. Den ligg ein times kjøretur frå

Reykjavik. Følg ringvegen riksveg 1 retning nord, nordvest langs kysten og ta til høgre mot Hvalfjardarvegur. Dersom du ikkje tar til høgre, riksveg 47  mot
 Hvalfjardarvegur, hamnar du i tunnellen under fjorden, og då får du ein omveg.
Du vert skilta frå Riksveg 47 til Glymurfossen
Dårleg grusveg fører deg til
parkeringsplassen og kan ta på deg fjellsko.
Fjellsko med støtte for ankelen er lurt, det er mykje rullestein oppover på turen.

Vårturen

Elva er stri og vårfløymande nå, så vi går opp på nordsida av elva opp til fossen. Du går oppover fjellet i greitt terreng, noko stein og ur som sagt, men med skikkelege sko går det fint. Du ser ikkje så mykje av sjølve elva medan du går, men det er ein fin tur og utsynet når du kjem opp er fantastisk.
Denne turen er ikkje veldig krevjande, dersom du er van med å gå i fjellet. Med kaffipausar og sjokoladepausar og roleg gange brukte vi to og ein halv time opp og to timar ned. Veret var grått og littegrann fuktig, men det var ein fin tur i vakker natur. 
Utsyn til havet - vårturen
Fossen har eit fall på 950 m ned i ei trang ravine.
Fuglane byggjer reir i fjellsidene.

Sommarturen
I juni er ikkje elva så strid lenger. Då vert det lagt ein tømmerstokk over elva slik at du kan gå oppover på sørsida, der er synet av fossen endå meir spektakulært
Du kan gjerne gå same tur om sommaren som om vinteren, men vi ville gjerne gå opp langs elva på sørsida og ned på nordsida. Då får vi sjå fossen frå to forskjellige sider. Men dette er ein meir krevjande tur. Skorne er like viktige sjølvsagt, men i tillegg bør du 
  • vera i god form, 
  • ha god balanse, 
  • vera fri for høgdeskrekk 
  • og tola å bli verkeleg iskald og våt på beina. 
  
Du skal nemleg balansera barbeint over ei stri elv på ein sleip tømmerstokk, heldigvis er det ein vaier du kan halda deg fast i. Ta med handkle, det gløymte vi, fekk låna av ein venleg franskmann. 
På vegen oppover er det tau å halda seg fast i på dei brattaste stadene, men det er ein tøff tur. Når du vel er komen opp må du bretta opp buksene, dersom du ikkje er islending. Islendingar går i shorts når det er sol og heiter juni sjølv om det bare er åtte varmegrader. 
Du må vada over den fossande, iskalde  elva, på steinar som anten er skarpe eller sleipe, ingen mellomting. Ikkje dett, då vert du jysla våt og kald. Når du er komen over sit du i den mjuke mosen og drikk kaffi og ser på dei som kjem etter. Ta med kaffi!
 
Sommarturen vår gjekk i strålande ver som de ser. Eg blei stolt av meg sjølv fordi eg turde gjera dette, eg er slett ingen tøffing, men fekk veldig mestringskjensle. Alt dette i tillegg til ei fantastisk naturoppleving.

Eg legg ut bilete kronologisk her under.

Stien går gennom ein heller, her tørka dei tøy og fisk i gamle dagar, når det var dårleg ver.





Det er bare ein vanleg, rund tømmerstokk som ligg over elva. Han er delvis våt og sleip og ligg ikkje over heile elva. Du må du trø på litt store steinar før du når stokken. Vaieren hjelper veldig...
Ravina er djup, langt der nede er elva og framfor oss ligg fossen





Første glimt av fossen


Fossen er breid og mektig




Vi drikk kaffi og ser på dei som vader over, Elva er breid.
Turen nedover på sørsida er grei, litt bratt nokre stader, men ikkje så veldig


Glimt frå turen ned


torsdag 2. juni 2022

Videy - små turar ikring Reykjavik


Husa på Videy. Eit stort hus med ei lita kyrkje ved sida



Slags smørblomst, vårkål mon tru?

Rocio, Ramiya og eg på ferja
Videy eller Viðey, er ei lita øy i fjorden rett nord for Reykjavik. Du kan ta buss eller køyra til ferjekaia ved Skarfabakki. Om sommaren (etter 1. juni) går det også ferje frå sentrum. 
Dette er ein slik passeleg halvdagstur, om du ikkje sit for lenge på kafé så du mister ferja tilbake.
Eg gjekk eit godt stykke fordi Google maps stadig driv og tullar med bussrutene.
Men vi skulle på gönguferð, altså ut og gå, så det passa fint
Eg skulle på tur med Rocio frå Bolivia og Ramiya frå India, Rocio har budd her i over 30 år og Ramiya kom i haust, slik som eg. Eg er glad for at eg er blitt kjent med desse damene frå heilt andre kantar av verda, det gir meg mykje.

Veret

Veret var så ymse, vi håpte heile tida det skulle bli sol, ein gjer gjerne det, og vi fekk nokre solstreif, litt regn også, men ikkje mykje. Det er jo slik når du bur på Island, alt ver er greitt bare det ikkje regnar, snør eller bles for mykje. Og ser veret 
Interiør frå kyrkja. På kvinnesida er
benkene sju cm lågare enn på 
mannssida.  

greitt ut ein dag, må du bare hiva deg rundt og dra avgarde. Du kan ikkje satsa på at det vert betre i morgon. 
Uansett er mørke skyer kule på biletet. Blå himmel kan fort bli litt einsformig.

Historie - Videy

Det bur ikkje folk på Videy nå, og ingen har lov å overnatta. Men det har budd folk her før, frå rett etter landnåmstida. I 1124 blei det etablert eit kloster på Videy, som vart lukka under reformasjonen. Skúli Magnusson var landfogd her, den første islendingen med det embetet, seinare blei øya sete for stiftsamtmannen. Garden som blei driven her , med kyr og sauer, vart rekna som mønsterbruk i regionen. 
Rikt fugleliv på øya, ærfugl blant anna







Det var også ein skule her ein gong, og ein liten landsby.

Vi gjekk rundt heile den eine enden av øya, Vesturøy. Vi fekk ikkje sett Kvennagönguhólar, dei ligg rett ved der fuglane leigg på reir,  og dei må vera i fred nå om våren.

Huldukvinner

I kvennugönguhólane held huldufolket til, altså alvefolk eller underjordiske , i dette tilfellet alvekvinner. Vi skulle gjerne helst på nokre slike.

Kyrkje og kafé - sjel og likam

Kyrkja er bittelita, men orgelet funker visst fint framleis og folk synst det er stas å gifta seg her. Ho er frå 1774, men ein har funne rester av ei klosterkyrkje som blei bygd på 1200-talet.
Utsyn mot Esja i nord
Fogden eller stiftsamtmannens fine hus er blitt kafé. Der fekk vi verkeleg god kaffi (presskanne) og lune kleinur. Kleina ( fleirtal  kleinur, svak bøying hokjønn) er eit islandsk smultbakverk, nært i slekt med norsk smultring. Denne her var kjempegod. Diskusjonen omkring kva som var dei beste bakeria i Reykjavik blei såpass heftig at vi gløymte ei ferje, og måtte vera litt lenger enn vi hadde tenkt. Ferjene går bare ein gong i timen,. 
Landskapet er vakkert, øya er fredeleg, fin til ein liten dagstur.

Reykjavik skyline i sør. Hallgrimskyrkja heilt til venstre
Det ER kult med mørke skyer!












Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...