tirsdag 24. mai 2022

Syttande mai - tankar i kring ubehagelege nasjonalsongar

På veg til Krýsuvik

Når vi er ferdige med 17. mai,  gnagsåra er grodd hos dei som IKKJE hadde gått inn bunadskoa sine, ungane er utsovne og tilbake i vanleg modus,  ketsjup og sennep på skjorta er noko drit, men gjekk bort med sitronsåpe, og er det eigentleg (evig spørsmål dette..) lurt med champagne/cava/prosecco til frukost?
Då vil eg gjerne ha dykk med på litt refleksjonar om nasjonalsongar.

Om å syngja nasjonalsongen

Tønnes og eg 17.mai 2022, det bles.
Eg er jysla glad i å syngja. Eg blir skikkeleg oppstemt, yr og munter av det, saknar sjølvsagt koret mitt Bislet-Bækkens (u)Blandede, her eg sit på øya, men allsong er også stor stas.

Det har vore 17. mai, som de heilt sikkert la merke til. 17. mai er ofte spesielt gildt i utlandet og eg har hatt gleda av å oppleva det fleire gonger,  dette er 

tredje landet mitt og sjuande 17.maien ute. 

Du får mykje meir merksemd for bunaden, det er endå gildare  å ropa hurra og folk er i skikkeleg feststemning, utan for mykje alkohol slik vi kan oppleva det heime.

Men nasjonalsong: Vår "Ja vi elsker" går frå låg H til høg E tre tonar meir enn ein oktav - to oppe og ein nede, og vi slit... 

Sjølv er eg ein av dei irriterande som held tonen på " den saganatt som senker" der de andre går ned ein oktav.

Her er det Kopavág skulekorps som spelar, dei var skikkeleg gode, sambatakter i toget og greier.

Eg vil hevda at dei som komponerer nasjonalsongar, gjerne kan ta meir omsyn til korleis vi syng. Nasjonalsongar skal skapa glede og samhald, ikkje prestasjonsangst. Altså laga litt meir behagelege nasjonalsongar,  dette er ei oppfordring til dykk, nasjonalsongkomponistar, ta det til dykk!

Lofsöngur Ó, Guð vors lands!

Dette er ein kopi av ein
drakt frå 1700-talet.
Ho her hadde laga alt
sjølv, til og med stølane
framme på beltet.

 - er den islandske nasjonalsongen. Den startar veldig djupt nede,  låg G,  og svingar seg så opp til høg E, (der vi er på "saganatta" hugsar de?)

Her har vi fem tonar i tillegg til oktav, tre under. Her må eg som middels sopran henta tonen djupt nede frå magen i introen.

Islendingar slit, sjølv om skrekkeleg mange islendingar står i kor, og då sikkert er betre enn oss å syngja. Eg snakka med ekte, innfødde islendingar om dette på 17. mai. Det var eit lite kor der, sånn solistkor med damer og menn der mennene tok den låge introen på den islandske nasjonalsongen, og damen svingte seg opp på " eilífðar smáblóm ". Songen er skriven til tusenårsfesten for landnåmet i 1874, og innført som offisiell nasjonalsong ved frigjeringa i 1944.

Melodien er laga av Sveinbjørn Sveinbjørnsson, (1847-1927) han var opprinneleg tenkt bare som lovsong.. Det står til og med på nettstaden "Tonlistarsaga Reikjavikur" at han har for stort tonespenn og er "vandsungid" - vanskeleg å syngja. Sveinbjørn levde store delar av livet sitt i utlandet, i 1922 fekk han stipend frå Island så han kunne flytta heim, likevel døydde han i København fem år etter.

Var han eigentleg forbanna på islendingane? Sat han der med notepapiret og blekkhuset sitt,  gneid seg i hendene, flirte med seg sjølv og tenkte: He , he - her begynner vi på ein låg G... og så kliner vi til med ein høg E litt uti her..

Nokre slepp lettare....

Eg vil påstå at svenskar og danskar har det mykje lettare. Den danske nasjonalsongen held seg nokså pent innanfor oktaven, bortsett frå nestsiste tonen. Sverige er sjølvsagt endå meir forsiktige, her greier dei seg med sju tonar D-C i nasjonalsongen

Eg har hatt gleda av å bli kjent med den grønlandske nå, den er også kjempegrei melodisk. Eg kan jo ikkje grønlandsk, men omsetjinga ser fornuftig ut, for vi må seia noko om teksten

Tekstane

til dei forskjellige nasjonalsongane er jo så ymse. Den franske er jo bloddryppande, men vi held oss i norden nå. Den svenske er grei, bortsett frå andreverset " Jag vet att du är och du blir vad du var" i beste fall innlysande, elles temmeleg kryptisk. 
Fossen Glymur
Den danske er koseleg, du bør vita  kven Freja var, vi snakkar ikkje Kvikk Lunsj her. Elles er det nokre harniskklædte kæmper der i andre verset, men dei kviler seg bare.

 Den norske har denne "saganatt som senker, senker drømme på vår jord" som er temmeleg  ullen, men resten av teksten er vel grei? Mødre som gret, fedre som kjemper og så slår vi leir?

Når vi nå kjem til den islandske seier mi islendske kjelde at den er det ingen som forstår. Her må du til med djupe tekstanalysar. Det er ein småblom med titrande tår som tilber sin gud og døyr som avslutter første verset. Kan ein byggja ein nasjon på slikt ?
 Fleire islendingar meiner bestemt at nokon burde skriva ein ny nasjonalsong til dei.
 Teksten i ein nasjonalsong kan gjerne vera litt nasjonalromantisk, meiner eg. Her på Island  bør ein vel ta med litt sauer og fiske og slikt, og så kjøre på med brear, fjell, fossar og elver, for ikkje å seia vulkanar. Her er det då nok å ta av.
Også ein litt grei melodi, så er vi der.


6 kommentarer:

  1. Tekstanalyse altså? Da kan jeg slå til med at hvorfor skal fedre kjempe og mødre grine? Det kan du skrive noe om. Det med væren som biter også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære ukjente. Væren som biter kjenner eg ikkje til. Eg har ikkje politisk analyse akkurat her, akkurat nå, sjølv om vi sjølvsagt kunne sagt mykje om det. Eg har konsentrert meg om det forståelege i tekstane, det tydelege om du vil. Mødre som gret og fedre som kjemper er jo tydeleg, sjølv om det er mange mødre som kjemper heile tida, og mange fedre som gret.

      Slett
    2. Nå har jeg fått med navnet, men bildet nekter fortsattt.

      Slett
    3. Deg var det ja! Tenkte meg det. Det ER bilete her altså. Beklager at eg svarer så seint, har vore bortreist

      Slett
  2. Kjenner ikke den islandske nasjonalsangen, men vår egen er allerede justert ned så det holder. Nordraak var oppe på fiss. Vi trenger å synge mer, ikke bare brumme i middels register. Lytt til engelskmennene..https://www.youtube.com/watch?v=Go-jJlGd1so&t=33shttps://no.wikipedia.org/wiki/Ja,_vi_elsker_dette_landet#/media/Fil:Rikard_Nordraak,_Norsk_F%C3%A6drelandssang.png

    SvarSlett
    Svar
    1. I utgangspunktet er eg heilt samd med deg. Koralboka som vert(vart?) brukt i kyrkja ligg høgare enn det folk tykkjer er behageleg nå. Folk song mykje meir før. Syng du meir, syng du ikkje bare betre og reinare ( jafall om du lytter til deg sjølv), du får også større register. I tillegg til dette blir du gladare og får betre mental helse. Eg trur at dersom ein legg songar som ein ventar at alle skal vera med på i eit stemmeleie "alle" greier, kan ein oppnå større songglede hos fleire og dermed meir song!

      Slett

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...