torsdag 12. mai 2022

Kom mai, men ikkje blås meg avgarde då

Gönguferd i Mosfellsbær



Mai er ikkje alltid skjønn og mild. Ni meter pr sekund høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men når alle ni kjem rett i mot deg og det ikkje er meir enn fem grader frå før, då tykkjer eg det er kaldt. Men det er sol, den offisielle sommardagen har vore, trea sprett av alle krefter og islendingar går i shorts. 
Eg dreiv og tøffa meg i dag, ut å kjøpa fisk, ikkje vera kuldaskræfa, ikkje lue, eller vottar eller stillongs,  er jærbu for søren, oppvaksen i stiv motvind .... guri malla så surt det var!


Grand Prix og kommuneval

Pusekattane er ute, det er snart kommuneval og Grand Prix ( same dagen) og 17. mai i neste veke. 

Grand Prix og kommuneval på same dagen (14. mai) er slett ikkje greitt. Islendingar tykkjest vera hysterisk opptekne av Grand Prix, og det kan tenkjast at kommunevalet kjem litt i bakgrunnen. Den islandske songen er fin tykkjer vi, og vi vurderer å gå ein stad med storskjerm for å føla på stemninga. På den andre sida veit eg ikkje om eg orker tjue grangprilåtar slik etter kvarandre.

Meiningsmålinga før kommunevalet er prega av skandalen med sal av bankaksjer der finansministeren var sentral. Det ser ut til at partia som sit i regjering går sterkt tilbake i lokalvala. Så spørst det om folk hugsar dette når dei skal stemma i alltingsvalet om nokre år. Det er fast demonstrasjon i by'n kvar laurdag for å halda minnet om dette levande.


 Løvetann

        - for språkinteresserte ( andre kan hoppa over): Den fine, gule løvetannplanta heitte før i tida  dent de lion på fransk, altså tanna til løva, same namnet som vi har. Kanskje formen på blada liknar på  tenner?  Dette blei til dandelion på engelsk, engelsk har svært mange lånord frå fransk, mange fleire enn du trur. Men  franskmennene kallar helst blomen for pissenlit nå, og dette tyder akkurat det de trur, nemleg piss i  senga. Dette viser til at planten virker vanndrivande og han vert brukt i urtemedisin.

Unge løvetannblad kan brukast i salat som ruccola, tørka vert det brukt som vanndrivande te, rota er også virksom, du kan laga vin av blomen, og finna ut om folk liker smør ved å halda blomen under haka på dei. Sjølv om det er eit forbaska ugras er det svært viktig for bier og humler om våren, så vi bør venta med å luka til dei blomstrar av.  
 På islandsk heiter løvetann túnfífill, for sjølvsagt måtte dei finna på noko anna. Eg oppsøkte Ivar Aasen Norsk Ordbog, for det bør ein alltid gjera om ein lurer på ord, og han seier at fivel mellom anna kan tyda løvetann, helst i avblomstra form. Heia Ivar! 


Bunadssko 

Vi har fått nye bunadssko, mannen og eg. Dei  er stive og fine, og eg har vore på tur med dei fleire gonger for at vi skal gå oss inn saman. Vil helst unngå for mange gnagsår på 17. mai. Dei har til og med vore med på konsert i Harpa med kjærleikssongar, gripande og vakkert.


Sel

Selane held seg gjerne langs land i desse tider. Ved munninga av elvene koser dei seg gjerne i sola. Dei er forvitne og liker å følgje med på kva som skjer på land, vert det sagt. Eg var på tur for å sjå sel i Leirvogur ved Mosfellsbær, der går tre elver ut i fjorden, og selane har det finfint der. Men selen er som nordlyset, han kjem når han vil, og han ville heilt klart ikkje då vi var på tur. Men det er vakkert der, fin tur, sjølv utan sel,

Leirvogur - utsikt mot Esja frå Mosfellsbær 





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...