Katt i solnedgang |
Bruker du augo når du går ikring byen, vil du snart oppdaga dei, kattane. Dei er
alle stader. Dei har det godt her, bortsett frå i perioden nyttår til 6. januar.
Nyttårsafta går kattane med halen mellom beina og er livredde frå tidleg ettermiddag 31. desember fram til 6. januar 13. dags jul. Den dagen skal jula ut og då er det også fyrverkerismell frå morgon til kveld.
Etter det kan dei slappa av og overta byen att.
Kattane eig denne byen.
Venlege, pelskledde og gjerne med halsband sit dei der og følgjer med på si gate.
Ja, for gata er deira, heilt klart. Bileta begynte eg å ta i august då vi kom hit. Nå er det vinter og kaldt, ikkje så mange er ute.
Mange lar seg også klappe - allernådigst, om ein gjer seg grann i målet, og bed fint.
Kattekafé
Det finst også også ein eigen kafé i Reykjavik der det bur kattar. Den er populær blant vaksne og barn. Det er mange turistar der også.Der har eg vore nokre gonger, drikk svart kaffi (Ekki mjólk og zykur??? - svart kaffi er rart). Eg koser meg med kattane der når dei gidd leika med meg.
Drikk kaffi og tenkjer på Vincent, verdas vakraste katt, som blei att i Noreg.
Vincent har det veldig bra der han er, men eg må ha lov å sakna han litt.
Kattakaffihusið heiter kafeen.
Vincent, verdas finaste pus. |
Vincent har det veldig bra der han er, men eg må ha lov å sakna han litt.
Rósalind rektor
var ein katt som heldt til på universitetet her, Háskóli Íslands. Ho gjekk ikring som ho ville, og var også med å fatta vedtak saman med rektor. Ho var ein stødig student, la seg gjerne på pulten, men aldri oppå læreboka når studentane las.
Ho døydde nettopp og fekk oppslag både i Frettabladid og Morgunbladid. Her ser du
film om Rosalind
film om Rosalind
Berømte kattarDenne katten - Negull - bur i butikken Hjarta Reykjavik. Her skal han på vitjing til kaféen Mál og menning, musikk der kvar kveld. Folk er bare litt treige med å sleppa han inn. Han under her heiter Baktus, han har eigen instagramkonto, og bur i den fjonge bruktbutikken Gyllti kötturinn. Det finst glasbrikker med bilete av desse fire kjendiskattane, dei har eg sjølvsagt kjøpt. Folk er glade i kattane sine. Det var ei soge i avisa i dag om ein mann som var vener med ein katt. Dei var på hels når dei møttest og likte lukta av kvarandre. Katten flytta til Helsinki. Og dei sakna kvarandre. Mannen gjekk lang tur med ei tøyfille surra rundt handa ( den han pla helsa på katten med), og sende tøyfilla i eit brev til katten i Helsinki. Då katten som forresten heitte Flækjufótur, fekk tøyfilla, la han seg med snuten på tøyfilla, lukka augo, snuste inn lukta av mannen i Reykjavik og mol. Baktus og Negull nedst: Ófelia og Púki Púki er pensjonert, men var tidlegare ofte på kaféen Mál og Menning. Det ser ut som om Negull har teke plassen hans der og altså jobber dobbelt. Guida kattesafariDet er ein eigen guida kattetur i Reykjavik. Den startar sjølvsagt på kattakaffihúsid. Til liks med kvalsafari kan ein ikkje garantera å få møte ein av kjendiskattane, men det er mange kattar i by'n så nokre kan ein alltid møta. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar