onsdag 2. mars 2022

Det lysnar, men vert mørkare i verda, også veret då

þingvallavatn - fredfullt og vakkert, men kaldt

Språket for krig

Eg ønska ikkje å  vita kva invasjon heiter på islandsk, men det heiter altså innrás, og det er hokjønn, árás tyder åtak. Kjarnavopn forstår eg utan vidare.
På islandsk heiter første verdskrigen fyrri heimsstyrjöld, andre heiter seinni eller siðari heimsstyrjöld  altså siste verdskrigen, islandsk har ikkje ord for fleire verdskrigar.
Eg har ikkje dekkjande språk for samkjensla med det ukrainske folket, og kor fortvila eg er over krig i Europa.

Engelsk

Iðnosalen, her er tango kvar tysdag
Eg hadde lunsj med nokre damer for litt sidan på Iðno. Ho eine er frå India og ho andre frå Bolivia så det gjekk på engelsk. Eg har begynt å kløna med engelsken, og det er sannsynlegvis fordi islandsk byrjar å ta mykje meir plass i hovudet mitt. Eg plar ikkje kløna på engelsk, eg snakkar greitt engelsk. Det er kanskje eit godt teikn?


Iðno utanfrå i haust, veldig triveleg stad




Tene - igjen

Vi skal til Tenerife (Tene som vi seier her), om nokre veker. Det kan bli vanskeleg å grava opp spansken, den er nok godt gøymt! Greier nok dos cervezas, men det stopper vel der. Vanlegvis har eg hatt inne ein god dose turistspansk som både har hjelpt oss å finna rett buss frå flyplassen, og å klyppa meg på eit peluqueria i Los Christianos (Tene).
Eg blei veldig fin på håret, ikkje heilt slik eg hadde tenkt då, eg jobbar framleis med å koma i vater i nakken, men likevel. 
Vi  snakka om barna, om covid og om veret, men veret er ikkje spesielt vanskeleg  å snakka om på Tene.


Gode uttrykk og andskotans preposisjonar

"Vera á milli sleggju og steins" de kan tenkja dykk kva det tyder? Omtrent det same som å vera mellom barken og veden på norsk, men definitivt meir ubehageleg.
Fint lys

"Á milli" styrer genitiv, rart tykkjer eg. Preposisjonen "til" styrer også genitiv. Vi har restar av dette på norsk, vi seier til lands og til fjells og velkomen til gards. Men det er då kleint å seia "vill Þú koma til min?" Preposisjonar er alltid vanskeleg når du skal læra eit nytt språk.
Eg lærer språk ved å lesa, eg les oppslag på butikken, reklamebrosjyrar, teksten på melkekartongen - súrmjólk - hrein. Eg prøver å finna samanhengar og mønster. Når eg finn likskapar med norsk vert eg lukkeleg. Er ikkje så flink til å pugga lenger, men verba i eintal og fleirtal går bra, held meg unna konjunktiv.
Eg treng nok å snakka meir islandsk rett og slett. 
Når eg vaknar ti på halv fire om natta ligg eg gjerne og spekulerer på korleis eg bøyer köttur, og så har eg lange, fine monologar om stjórnmál, menning og  tilfinningar. Eg ville gjerne delt desse vakre tankane med nokon.


Brjálað veður

Veret har vore gale etter jul, det vert understrekt av dei innfødde, mykje vind og
Men det er dei fine dagane du går ut
 og tar bilete

snø. Kollegaen til mannen min sier at det har ikkje snødd så mykje i Reykjavik på 60 år. Han er omlag 67 så han veit kva han snakkar om. Når då snøen bles bortover i staden for å falla ned, er det klart det vert fenner og haugar og vanskeleg å koma fram. Ja, eg veit de har hatt vind og ver heime og, men her har  20 m pr. sekund vore normalen etter nyttår, ikkje unntaket
Vind og snø gjer at folk på Vestmannaøyane stort sett må halda seg der, og vegen over Hellisheida opnar og stenger og opnar og stenger i det uendelege. Vérvarselet er jamnt over
appelsínugult ( med trykk på app).
Snøen vert ikkje måkt bort i gata vår. Han ligg i skavlar og fenner og ventar på våren. Naboen vår seier det er fordi det ikkje bur tingmenn her. Mannen min har begynt å kjøra ein annan veg på jobb, han har funne nokre vegar der det heilt klart bur ein tingmann.
Islandsk har mange ord om ver, og mange om snø mellom anna: drífa, mjöll, snær, snjór, él, hríð, slydda, skafrenningur, fönn, fjúk og krap.
Når vi har dette inne ( med kjønn, tal, kasus etc) kan vi bidra i samtalen i heita pottinum. Men vi har framleis lenge igjen.

Covidsvanesong

Alle restriksjonar og alle  hemningar blei borte natt til fredag som var, hurra!
Nå er det dans på bordene og skjenking opp etter veggane og utover natta nede i sentrum. I tillegg var det bjórdagur i går.
Samstundes er Island på smittetoppen, ja vi har gått forbi Danmark, i smitta pr. 100 000, huff!
Mannen er redd for å bli smitta før vi drar på ferie, og er forsiktig. Eg kan sikkert gjera alt eg vil, t.d. dansa på bordene og oppetter veggane, sidan eg nettopp har hatt covid, men eg gjer jo ikkje det. Vil jo vera litt grei og solidarisk.
                            Svanesong er ikkje nødvendigvis så vakkert




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...