Mosfellsbær i vind og meir vind
Herleg å vera ute av einangrunn (isolasjon). Ikkje at eg var så sjuk, bare forkjøla og vondt i halsen, ikkje feber. Mannen var i sóttkvi (karantene), hadde heimekontor og var irriterande usmitta , frisk og sprek.Hest!
Avslutninga av karantenen blei feira med besøk hjå Horðar hestur i Mosfellsbær
Dei driv mellom anna med terapiriding for barn. Hestane var veldig fine, snille, søte og nydelege
Vi blei spesielt begeistra for Baltasar, ein gjennomklok og veldig søt fem år gammal hingst, med fyldig hårmanke. Vi fekk klappa han.
Islandshestane - ( du vågar ikkje å seia dei ser ut som ponniar!!!) - slektar mest på lyngshesten i Noreg. Eg trudde det var fjording, men det var visst feil.
Islandshesten er avla på til å bli større nå. Mindre hestar toler betre å vera ute i kulda, derfor var det viktig tidlegare at dei var små. Men Baltasar har både hus og stall, så han kan vera stor og fin.
Ny kafé
Vi feira aldri så lite om kvelden også, på ein ny kafé som er slik tre minutt
heimanfrå. Han heiter Lola Florens og er ei blanding av
heimanfrå. Han heiter Lola Florens og er ei blanding av
av kampavinbar, bruktbutikk og mykje meir. Du kan kjøpa vintage klede der, koppar og kar, glas og blomar. Pluss drikka kampavin, vin, øl og anna av slipne krystallglas. Varm sjokolade og kaker har dei også.
Glasa er sikkert også til sals.
Glasa er sikkert også til sals.
De hugsar at kampavín tyder champagne?
Fjernsyn
Tómas Guðmundsson romantisk poét som snør ned ved Tjörnin, ikkje manusforfattar til islandske fjernsynsseriar |
heiter sjónvarp. RÚV står for ríkis útvarp. Varpa tyder å kasta ut, slenge, kasta,
altså riksutkasting, nesten som vår rikskringkasting.
Fjernsyn er fint når du må halda deg inne.
Verbuðin er den nye storsatsinga i islandsk TV for tida. Glæsileg serie som sikkert snart kjem på ein skjerm nær deg. Hann vann nett ein pris for beste manus i Gøteborg.
Serien tar for seg utviklinga av fiskekvotesystemet på Island frå byrjinga på 80-talet og frametter. Dette er eit innfløkt system som i utgangspunktet både skulle vera ein måte å fordela ressursar på, og ein måte å ta vare på fisken.
Vi følgjer nokre familiar på ein liten stad nord i vestfjordane. Alt i første episode er det påtrengjande kjønnsliv, nakne folk, grisefyll, bannskap og bruk av ulovlege rusmiddel, alt dette i lurvete omgivnader. Veldig nordisk altså.
Vi kan leggje til utruskap, svarte pengar og korrupsjon.
Mykje av dette går føre seg i Verbudin, ei verbud er eit brakkeanlegg for sesongarbeidarar, her er det eit fiskemottak.
I tillegg til å forstå fiskekvotesystemet, ( det gjer vi framleis ikkje, ) får vi inn litt slik daglegislandsk når vi ser serien på nettet på måndagen med islandsk tekst. Det er også morosamt å følgja utviklinga frå 80-talet og frametter, både når det gjeld nyhende, mote og nye tekniske dingsar.
Dei tre som spelar hovudrollane og som har utvikla idé og manus, møtte vi i dampbadet ved heitapottane her ein søndag. Vaskeekte kjendisar! Dei helste på alle som kom inn i dampen. Alle kjenner dei jo, vi er jo ikkje så mange her på øya. Han tvilsame, alkoholiserte fyren som miste armen i sløyemaskinen i 2. episode, hadde ikkje mista armen likevel, og det var fint, han var i grunnen ein grei kar.
Ny type skam - hraðskömm
Svaner ved Tjörnin, kveld. |
Den typen skam du kjenner når du stiller opp i kø (f.eks vaksinekø), og har stått i tjue minutt og så syner det seg at du eigentleg SNEIK i køen, fordi den fortsette rundt hjørnet.
Samstundes er det for flaut å gå ut av køen og stilla seg heilt bak.
Køskam er ikkje ein type skam for kven som helst, bare for dei spesielt kjenslevare/følsomme.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar