 |
Hesteyri, fråflytta idyll |
Hesteyri er ei lita bygd ein halvtime med båt nord for Isafjord, i Hornstrandir. Dit drog vi i sprakande solskin og tosifra gradetal.
 |
Doktorhuset er det kvite
Bygda blei fråflytta i 1952, og seinare har folk budd der bare om sommaren. Då bygda var på sitt mest blomstrande budde det 80 personar her, Det var eigen doktor, skule - også for bygdene i kring og ein fabrikk der dei kokte kvalolje. Den var det ein nordmann som hadde starta og dreiv. Fabrikken og eigaren gjorde mykje godt for bygda. Han bygde mellom anna kyrkje der.
|
|
 |
Ein foss må det vera, minst ein |
 |
Vidunderleg vakkert |
Men det var inga kyrkje på øya då vi var der... det synte seg at biskopen - eg hugsar ikkje når eller kven - hadde "gitt " bort kyrkja til Sudavik, sjølv om det ikkje var hans kyrkje å gi bort.
Då vi kjørte sørover såg vi denne kyrkja, og fekk teke bilete av tjuvgodset. (bilete lenger nede)
 |
Utsyn over Hesteyri |
Men øya blomstrar utan folk, frodig og grønt var det. Husa som var att var velhaldne. Mange hadde demontert husa og tatt dei med seg, slik at bare grunnmuren stod att. Doktorhuset er kafe der det vert servert kaker og kaffi. Mange drar dit for å gå tur, og du kan telta i området.
Rabarbraen stod fint, det er den og rips som kjem i staden for epler og pærer og plommer og slikt som eg har i hagen heime. Også veks det mykje kvann (Angelica archangelica) der. Det gjer det rundt forbi i Reykjavik også
 |
Rvetispa |
Polarreven såg vi. Spesielt ei revetispe som var kjent for å lika å posera, Ho var litt stygg i pelsen fordi ho veksla frå vinter til sommarpels, men vi kom ganske nær henne. Sommarpelsen er mørkebrun,
Vi såg fleire sel i fjorden og mykje ærfugl.
 |
Her er kyrkja som vart stolen frå Hesteyti og gitt til Suðavik. Høyrt slikt? |
Då vi kjørte gjennom Sudavik sprang eg over vegen for å få tatt bilete av den stolne kyrkja.
Holmavik
I Holmavik overnatta vi på eit gjestehus der vi måtte vera inne før 23 for då låste dei dørene. Vi rakk det. Fin terrasse med utsikt over fjorden. Vi smugla ut litt vin og sat og naut den vakre sommarkvelden
 |
Utsikt frå verandaen i Holmavik
|
Det er eit museum for trolldom og hekseri i Holmavik som vi besøkte dagen etter: Galdrasyning. På Island var det flest menn som vart klaga for hekseri, ikkje kvinner slik som .t.d. i Noreg. Mange som blei trete for retten for trolldom, kom nettopp frå Vestfjordane. Totalt 170 personar vart anklaga for trolldom i denne perioden. Det er også i nord ein nå finn mest tru på alver og huldufolk - altså dei underjordiske.Frå 1625 til 1683 vart det avretta 20 menn og ei kvinne på grunn av trolldom og hekseri, dei blei stort sett brende. Trolldom på Island hadde meir med kunnskap om og kjennskap til runer og heidenske ritual å gjera enn i Noreg. Dette kan vera ei forklaring eg på kjønnsforskjellen.
Noko av det verste som er utstilt der er ein kopi (? - håper eg ...) av skinnet av ein flådd mann. Altså dersom du flådde eit komplett mannelik frå armholene og nedetter og tok på deg dette skinnet så kom du til å bli rik eller noko. Det burde du bli, meiner eg, tenkje seg til etter den jobben. Eg veit ikkje om du måtte gå tre gonger motsols i eit vegkryss, ei torsdagsnatt medan du las Fadervår baklengs i tillegg, men då burde du jafall bli rik.
 |
Måkemøte - her vert det fatta ein avskyresolusjon mot nedlegging av rekefabrikken |
Holmavik hadde hatt ein rekefabrikk fram til eit par dagar før vi kom, men den var altså nedlagt. Vi hadde verkeleg gledd oss til desse rekene, nå var det bare å dra heim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar