Bolungarvik
![]() |
Kven budde her? |
Det er mange fråflytta hus i Vestfjordane.
Dette låg mellom Isafjord og Bolungarvik.
Folk flytter til Reykjavik for å få eit betre liv, og husa deira vert ståande att og forfalla. Det er noko så hjarteskjerande trist og litt skummelt med slike hus som står til nedfalls, tykkjer eg.
Eg tenkjer på dei som budde der, korleis dei hadde det og kvifor dei drog.
Livet har vore tøft på Island.
Det var Bolafjellet vi ville oppleva. Det stuper rett ned i havet, og frå toppen får du eit dramatisk utsyn.
![]() |
Utsyn mot aust frå Bolafjall |
![]() |
Og rett ned... |
![]() |
Den gamle bokhandelen |
Flateyri
her finn du Islands eldste bokhandel.
Altså den som har hatt lengst samanhengande drift, 107 år totalt.
Flateyri er idyllisk og bokhandelen er sjarmerande. Bøker har dei også, gamle og nye.
Det er ein populær stad for tyske turistar som kjem for å fiske. Eg leitte etter billige pocketbøker på islandsk, men fann ikkje noko som passa språknivå og interesse.
Eg er ein lesar, det er det eg er, ord er morosamt. Kan gjerne lata som eg er noko anna, til dømes korsongar, strikkar, hagedyrkar eller tangodansar (bittelitt), men det er lesar eg er. Og det er lesing som er min måte å læra språk på.
Så kjem praten etter kvart, håper vi.
![]() |
Idyll i flateyri |
Dagens ord:
RASSVASAN
Eg tykkjer nok stundom islandsk er eit litt vel direkte språk. Eg er sannsynlegvis litt prippen.
Rass tyder altså bak, rompe eller bakende, og det er ikkje stygt meint!
Vasi tyder mellom anna lomme
Rassvasan er altså baklommen. Dette ordet dukka stadig opp i ein krim av Lisa Marklund, (omsett til islandsk), der heltinna stadig stakk síman(altså mobiltelefonen) i rassvasan.
Rassvasan altså, folkens, rassvasan, rassvasan!
Slikt koser eg meg med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar