fredag 21. juli 2023

Vestfjordane - vidunderlege Hesteyri og hekseri i Holmavik

Hesteyri, fråflytta idyll

Hesteyri er ei lita bygd ein halvtime med båt nord for Isafjord, i Hornstrandir. Dit drog vi i sprakande solskin og tosifra gradetal. 


Doktorhuset er det kvite





Bygda blei fråflytta i 1952, og seinare har folk budd der bare om sommaren. Då bygda var på sitt mest blomstrande budde det 80 personar her, Det var eigen doktor, skule - også for bygdene i kring og ein fabrikk der dei kokte kvalolje. Den var det ein nordmann som hadde starta og dreiv. Fabrikken og eigaren gjorde mykje godt for bygda. Han bygde mellom anna kyrkje der.







Ein foss må det vera, minst ein

Vidunderleg vakkert

Men det var inga kyrkje på øya då vi var der... det synte seg at biskopen  - eg hugsar ikkje når eller kven -  hadde "gitt " bort kyrkja til Sudavik, sjølv om det ikkje var hans kyrkje å gi bort. 

Då vi kjørte sørover såg vi denne kyrkja, og fekk teke bilete av tjuvgodset. (bilete lenger nede)


Utsyn over Hesteyri

Men øya blomstrar utan folk, frodig og grønt var det. Husa som var att var velhaldne. Mange hadde demontert husa og tatt dei med seg, slik at bare grunnmuren stod att. Doktorhuset er kafe der det vert servert kaker og kaffi. Mange drar dit for å gå tur, og du kan telta i området. 

Rabarbraen stod fint, det er den og rips som kjem i staden for epler og pærer og plommer og slikt som eg har i hagen heime. Også veks det mykje kvann  (Angelica archangelica) der. Det gjer det rundt forbi i Reykjavik også



Rvetispa

Polarreven såg vi. Spesielt ei revetispe som var kjent for å lika å posera, Ho var litt stygg i pelsen fordi ho veksla frå vinter til sommarpels, men vi kom ganske nær henne. Sommarpelsen er mørkebrun,

Vi såg fleire sel i fjorden og mykje ærfugl.


Her er kyrkja som vart stolen frå Hesteyti og gitt til Suðavik. Høyrt slikt?

Då vi kjørte gjennom Sudavik sprang eg over vegen for å få tatt bilete av den stolne kyrkja.

Holmavik

I Holmavik overnatta vi på eit gjestehus der vi måtte vera inne før 23 for då låste dei dørene. Vi rakk det. Fin terrasse med utsikt over fjorden. Vi smugla ut litt vin og sat og naut den vakre sommarkvelden
Utsikt frå verandaen i Holmavik


Det er eit museum for trolldom og hekseri  i Holmavik  som vi besøkte dagen etter:   Galdrasyning.  På Island var det flest menn som vart klaga for hekseri, ikkje kvinner slik som .t.d. i Noreg. Mange som blei trete for retten for trolldom, kom nettopp frå Vestfjordane. Totalt 170 personar vart anklaga for trolldom i  denne perioden. Det er også i nord ein nå finn mest tru på alver og huldufolk - altså dei underjordiske.
Frå 1625 til 1683  vart det avretta 20 menn og ei kvinne på grunn av trolldom og hekseri, dei blei stort sett brende. Trolldom på Island hadde meir med kunnskap om og kjennskap til runer og heidenske ritual å gjera enn i Noreg. Dette kan vera ei forklaring eg på kjønnsforskjellen.
Noko av det verste som er utstilt der er ein kopi (? -  håper eg ...) av skinnet av ein flådd mann. Altså dersom du flådde eit komplett mannelik frå armholene og nedetter og tok på deg dette skinnet så kom du til å bli rik eller noko. Det burde du bli, meiner eg, tenkje seg til etter den jobben. Eg veit ikkje om du måtte gå tre gonger motsols i eit vegkryss, ei torsdagsnatt medan du las Fadervår baklengs i tillegg, men då burde du jafall bli rik.

Måkemøte - her vert det fatta ein avskyresolusjon mot nedlegging av rekefabrikken


Holmavik hadde hatt ein rekefabrikk fram til eit par dagar før vi kom, men den var altså nedlagt. Vi hadde verkeleg gledd oss til desse rekene, nå var det bare å dra heim.

 




fredag 14. juli 2023

Vestfjordane - Bolungarvik og Flateyri

 Bolungarvik

Kven budde her?

Det er mange fråflytta hus i Vestfjordane.
Dette låg mellom Isafjord og Bolungarvik.
Folk flytter til Reykjavik for å få eit betre liv, og husa deira vert ståande att og forfalla. Det er noko så hjarteskjerande trist og litt skummelt med slike hus som står til nedfalls, tykkjer eg. 
Eg tenkjer på dei som budde der, korleis dei hadde det og kvifor dei drog. 
Livet har vore tøft på Island.
Utsyn mot aust frå Bolafjall

Og rett ned...


Det var Bolafjellet vi ville oppleva. Det stuper rett ned i havet, og frå toppen får du eit dramatisk utsyn.










Den gamle bokhandelen

Flateyri

Altså den som har hatt lengst samanhengande drift, 107 år totalt.
Flateyri er idyllisk og bokhandelen er sjarmerande. Bøker har dei også, gamle og nye.
Det er ein populær stad for  tyske turistar som kjem for å fiske. Eg leitte etter billige pocketbøker på islandsk, men fann ikkje noko som passa språknivå og interesse.
Eg er ein lesar, det er det eg er, ord er morosamt. Kan gjerne lata som eg er noko anna, til dømes korsongar, strikkar, hagedyrkar  eller tangodansar (bittelitt),  men det er lesar eg er. Og det er lesing som er min måte å læra språk på.
Så kjem praten etter kvart, håper vi. 
Idyll i flateyri

Dagens ord:

RASSVASAN

Eg tykkjer nok stundom islandsk er eit litt vel direkte språk. Eg er sannsynlegvis litt prippen.
Rass tyder altså bak, rompe eller bakende, og det er ikkje stygt meint!
Vasi tyder mellom anna lomme
 Rassvasan er altså baklommen. Dette ordet dukka stadig opp i ein krim av Lisa Marklund, (omsett til islandsk), der heltinna stadig stakk síman(altså mobiltelefonen) i rassvasan.
Rassvasan altså, folkens, rassvasan, rassvasan!
Slikt koser eg meg med.

fredag 7. juli 2023

Vestfjordane - Isafjord

På veg til Vestfjordane


Turen til Isafjord tar drygt fem og ein halv time om du kostar på. Vi kosta ikkje så mykje, dette er islandsferien vår, men det er eit stykke uansett. Vi hadde håpt å besøke Vinlandssenteret i nærleiken av Búdardalur, der er det utstilt ein kopi av eit vikingskip, men det opna ikkje før 22. juni, og vi var der før det. Dette er andre gongen vi prøver, kanskje det skipet ikkje er så fint?

Dynjandi er øvst

Dynjandi

Vi toler alltid fleire fossar, og Dynjandi fossen har mange "underfossar": Háifoss, Údafoss, Göngufoss.
Hundafoss og Bæjarfoss. Göngufoss kan du gå bakom, men vi var litt pysete, det var kaldt.

 Nedanfor fossen er det tufter etter ein gard. Her er det bare tuftene att. Vi såg mange fråflytta hus  på denne turen. 

Ved Dynjandi










Isafjord

er den største byen og det administrative senteret i Vestfjordane med sine 2600 innbyggjarar.

Det var sjølvsagt fiske som var livsgrunnlaget for dei som budde der, og byen vaks svært mykje på 1600-talet då han blei eit knutepunkt for utanlandsk 
handel. Nå er det ein idyllisk og nydeleg by
med ein del gamle hus omkransa av vakker natur. Byggdasafns Vestfjardar   fortel mykje om den maritime historia. Det er også hovudsete for Háskólasetur Vestfjarda Universitetet i Vestfjordane som mellom anna har nokre fine islandskkurs. Heile byen er lærarar for studentane som bur der nokre veker og snakkkar islandsk med alt og all. Veldig kjekt å snakka med folk der, alle var klare og t-y-d-e-l-e-g-e og slo ikkje over på engelsk med ein gong dei høyrte ein utlending
Festivalen Aldrei fór ég sudur  er ein svært populær musikkfestival som er i påsken kvart år, det har han vore sidan 2004 . Festivalen er gratis og banda får ikkje betalt. Stor stas!
Isafjord er eit populært turistmål for cruiseskip. Vi såg tre av dei i hamna då vi var der.


Hversdagssafn

I Isafjord er det eit lite museum med "kvardagslege saker". Eit heilt spesielt, lite museum som gav oss store opplevingar. Kva med ein vegg med sko der eigaren fortel om livet sitt med desse skoa? Ein vegg med "dagbøker" der folk fortel om hendingar som prega livet deira? Det vert synt filmsnuttar frå livet på 70-talet, og i eit litt mørkt rom kan du lukte deg fram til forskjellige ting. Veldig kjekt å høyra om eit par høghæla sko og plagene dei hadde gitt eigaren pluss politiske synspunkt om missekonkurransar og kvinnesyn.
Alt både på islandsk og engelsk
Desse skorne kunne fortelja

Mat og kattar

Vi fekk nydeleg middag på Tjöruhusid, eit gammalt tømmerhus i byen. Velsmakande buffetmiddag med veldig frisk og fin fisk i alle fasongar. 

Kattane vi møtte var ikkje så sosiale som i Reykjavik, men dei var  nå ikkje villkattar heller.
Sjefskatta!





















Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...