onsdag 23. februar 2022

Dyr på Island: Kattane i Reykjavik




Katt i solnedgang

Bruker du augo når du går ikring  byen, vil du snart oppdaga dei, kattane. Dei er
alle stader. Dei har det godt her, bortsett frå i perioden nyttår til 6. januar.

 Nyttårsafta går kattane med halen mellom beina og er livredde frå tidleg ettermiddag 31. desember  fram til 6. januar 13. dags jul. Den dagen skal jula ut og då er det også fyrverkerismell frå morgon til kveld.
 Etter det kan dei slappa av og overta byen att.

Kattane eig denne byen.


Venlege, pelskledde og gjerne med halsband sit dei der og følgjer 
med på si gate.
Ja, for gata er deira, heilt klart. Bileta begynte eg å ta i august då vi kom hit. Nå er det vinter og kaldt, ikkje så mange er ute.


Mange lar seg også klappe - allernådigst, om ein gjer seg grann i målet, og bed fint. 

Kattekafé

Det finst også også ein eigen kafé i Reykjavik der det bur kattar. Den er populær blant vaksne og barn. Det er mange turistar der også.
Der har eg vore nokre gonger, drikk svart kaffi  (Ekki mjólk og zykur??? - svart kaffi er rart). Eg koser meg med kattane der når dei gidd leika med meg.

Kattakaffihusið heiter kafeen.

Vincent, verdas finaste pus.
Drikk kaffi og tenkjer på Vincent, verdas vakraste katt, som blei att i Noreg.  
Vincent har det veldig bra der han er, men eg må ha lov å sakna han litt.

Rósalind rektor

var ein katt som heldt til på universitetet her, Háskóli Íslands. Ho gjekk ikring som ho ville, og var også med å fatta vedtak saman med rektor. Ho var ein stødig student, la seg gjerne på pulten, men aldri oppå læreboka når studentane las.
Ho døydde nettopp og fekk oppslag både i Frettabladid og Morgunbladid. Her ser du
  film om Rosalind


Berømte kattar

Denne katten  - Negull  - bur i butikken Hjarta Reykjavik. Her skal han på vitjing til kaféen Mál og menning, musikk der kvar kveld.
Folk er bare litt treige med å sleppa han inn.

Han under her heiter Baktus, han har eigen instagramkonto, og bur i den fjonge bruktbutikken Gyllti kötturinn.


Det finst glasbrikker med bilete av desse fire kjendiskattane, dei har eg sjølvsagt kjøpt.

Folk er glade i kattane sine. Det var ei soge i avisa  i dag om ein mann som var vener med ein katt. Dei var på hels når dei møttest og likte lukta av kvarandre. Katten flytta til Helsinki. Og dei sakna kvarandre. Mannen gjekk lang tur med ei tøyfille surra rundt handa ( den han pla helsa på katten med), og sende tøyfilla i eit brev til katten i Helsinki. Då katten som forresten heitte Flækjufótur, fekk  tøyfilla, la han seg med snuten på tøyfilla,  lukka augo, snuste inn lukta av mannen i Reykjavik og mol.


 
Her er glasbrikkene.
Frå venstre øvst:
Baktus og Negull
nedst:
Ófelia og Púki

Púki er pensjonert, men var tidlegare 
ofte på kaféen Mál og Menning.
Det ser ut som om Negull har teke plassen hans der og  altså jobber dobbelt.

Guida kattesafari


Det er ein eigen guida kattetur i Reykjavik. Den startar sjølvsagt på kattakaffihúsid. Til liks med kvalsafari kan ein ikkje garantera å få møte ein av kjendiskattane, men det er mange kattar i by'n så nokre kan ein alltid møta.

Nedanfor ser de nokre av kattane vi har møtt:



Ikkje prøv deg...

Talking to me???




"I will give you an offer you can't refuse"


Mitt fortau, mitt!



Litt kos...
når det passar meg






onsdag 9. februar 2022

Hestar og kampavin og alt som er gøy, verda opnar seg.

Mosfellsbær i vind og meir vind
 Herleg å vera ute av einangrunn (isolasjon). Ikkje at eg var så sjuk, bare forkjøla og vondt i halsen, ikkje feber. Mannen var i sóttkvi (karantene), hadde heimekontor og var irriterande usmitta , frisk og sprek.

 

Hest!

Avslutninga av karantenen blei feira med besøk hjå Horðar hestur i Mosfellsbær

Dei driv mellom anna med terapiriding for barn. Hestane var veldig fine, snille, søte og nydelege

Ein dag skal eg ri...

Vi blei spesielt begeistra for Baltasar, ein gjennomklok og veldig søt fem år gammal hingst, med fyldig hårmanke. Vi fekk klappa han.

Islandshestane - ( du vågar ikkje å seia dei ser ut som ponniar!!!) - slektar mest på lyngshesten i Noreg. Eg trudde det var fjording, men det var visst feil.

Islandshesten er avla på til å bli større nå. Mindre hestar toler betre å vera ute i kulda, derfor var det viktig tidlegare at dei var små. Men Baltasar har både hus og stall, så han kan vera stor og fin.


Ny kafé

Vi feira aldri så lite om kvelden også,  på ein ny kafé som er slik tre minutt

heimanfrå.  Han heiter Lola Florens og er ei blanding av 

av kampavinbar, bruktbutikk og mykje meir. Du kan kjøpa vintage klede der, koppar og kar, glas og blomar. Pluss drikka kampavin, vin, øl og anna  av slipne krystallglas. Varm sjokolade og kaker har dei også.


Glasa er  sikkert også til sals.
De hugsar at kampavín tyder champagne? 



Fjernsyn

Tómas Guðmundsson romantisk poét som snør ned
ved Tjörnin, ikkje manusforfattar til 
islandske fjernsynsseriar

heiter sjónvarp. RÚV står for ríkis útvarp. Varpa tyder å kasta ut, slenge, kasta,
altså riksutkasting, nesten som vår rikskringkasting.
Fjernsyn er fint når du må halda deg inne. 
Verbuðin er den nye storsatsinga i islandsk TV for tida. Glæsileg serie som sikkert snart kjem på ein skjerm nær deg. Hann vann nett ein pris for beste manus i Gøteborg.                                                                                
Serien tar for seg utviklinga av fiskekvotesystemet på Island frå byrjinga på 80-talet og frametter. Dette er eit innfløkt system som i utgangspunktet både skulle vera ein måte å fordela ressursar på, og  ein måte å ta vare på fisken. 
Vi følgjer nokre familiar på ein liten stad nord i vestfjordane. Alt i første episode er det påtrengjande kjønnsliv, nakne folk, grisefyll, bannskap og bruk av ulovlege rusmiddel, alt dette i lurvete omgivnader. Veldig nordisk altså.
Vi kan leggje til utruskap, svarte pengar og korrupsjon. 

Mykje av dette går føre seg i Verbudin, ei verbud er eit brakkeanlegg for sesongarbeidarar, her er det eit fiskemottak.
I tillegg til å forstå fiskekvotesystemet, ( det gjer vi framleis ikkje, ) får vi inn litt slik daglegislandsk når vi ser serien på nettet på måndagen med islandsk tekst. Det er også morosamt å følgja utviklinga frå 80-talet og frametter, både når det gjeld nyhende, mote og nye tekniske dingsar. 

Dei tre som spelar hovudrollane og som har utvikla idé og manus, møtte vi i dampbadet ved heitapottane her ein søndag. Vaskeekte kjendisar! Dei helste på alle som kom inn i dampen. Alle kjenner dei jo, vi er jo ikkje så mange her på øya. Han tvilsame, alkoholiserte fyren som miste armen i sløyemaskinen i 2. episode, hadde ikkje mista armen likevel, og det var fint, han var i grunnen ein grei kar.



Ny type skam - hraðskömm

Svaner ved Tjörnin, kveld.

Den typen skam du kjenner når du stiller opp i kø (f.eks vaksinekø), og har stått i tjue minutt og så syner det seg at du  eigentleg SNEIK i køen, fordi den fortsette rundt hjørnet. 
Samstundes er det for flaut å gå ut av køen og stilla seg heilt bak.

Køskam er ikkje ein type skam for kven som helst, bare for dei spesielt kjenslevare/følsomme.

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...