Kaldt!
Frå Heidmörk |
ikkje at det er så skrekkeleg mange kuldegrader, men vinden går bokstaveleg talt gjennom marg og bein. Eg føler eg må leggje meg "frampå" for ikkje å bli teken av vinden (eller vippa av pinnen). På Snæfellsnes held dei ungane vekke frå skulen fordi dei kan blåsa bort. Det er eit skrekkeleg uvér nordpå, i natt kjem det skrekkeleg uvér sørpå.
Island er alle lågtrykks mor, slik er det.
Litt kaldt inne også, det er noko tull med radioatoren i entreen og golvvarmen på badet. Eg ringde til varmemannen og tala islandsk, eg fekk gjennom bodskapet. Rart med varmekjelder som svikter i kuldeperiodar, er dette karma? Hugsar kuldeperioden i Belgia og chauffagen som rauk
Jul og mat
Barna kom, det var veldig kjekt. To slags julekaker er etne opp. Korkje Grýla, jólakötturinn eller Lussi kom for å ta oss, så vi må ha vore greie, (greie nok?)
Kalkunbrystet og lammesadelen var veldig gode, sjølv om vi sakna pinnekjøt.
Vi fann ein ny vri på rosenkålen:
Vi fann ein ny vri på rosenkålen:
- reins og del rosenkål i fire
- bland smør, kvitlauk, pittelitt chiliflak, brødrasp og parmesan med rosenkål
- sleng over litt olje og bak i omnen medan kalkunbrystet kviler.
Fine hestar på tur i Heidmörk. |
Laga mat etter framandspråklege oppskrifter er ein god måte å læra på. Blandar det nyttige og det behagelege, det liker vi. Dessutan må vi ha i oss mat så vi har tilstrekkeleg BMI til ikkje å bli tekne av vinden.
Vi har også tenkt mykje på å laga svigermor Svanes himmelske hardangerlefser. Det vert ei utfordring på induksjonstopp, men vi trur vi har ein metode.
Perlan
Vi var på tur i byen og i Heidmörk. Vitja Perlan som er eit slikt teknisk museum, det ligg i eit populært turområde. I Perlan finn du mykje spennande informasjon om natur, flora, fauna og ikkje minst geologi - jordskjelv, vulkanar og alt som skjelv og spruter på Island. Her er også eit planetarium med ein nydeleg film om nordlys. Frå toppen av bygningen, som er ein glaskuppel, har du flott utsyn over heile byen og vel så det.
Nyttår
var veldig bråkete. Også begynte dei tidleg med rakettar, og heldt på lenge.
Det var imponerande mykje rakettar nede på hamna. Men alle bykattane som eg er så glad i, gjekk med halen mellom beina alt om ettermiddagen...
Mannen tok video på nyttårsafta, den ligg under her.
Covidnytt
Omikronvarianten av Covid har slått til, og akkurat nå er vi visst nummer to eller tre i verda med mest smitte i høve til folketalet. Kjekt å vera på pallen lizm....( not!)
Heldigvis er vi veldig vaksinerte her, vaksinering av barn er også i gang, så Omikron skaper ikkje meir press på intensivpleien på sjukehusa. Men Omikron har ført til at utestadene stengjer kl 22.00. Så nå fyk alle turistane rundt i vinden på gatene i staden for å sitje trygt på pub eller kafé.
Hva er problemet med lefser? Har du ikke takke? BM må lære hvordan jeg skal bruke vedfyren til slikt.
SvarSlettHei Siw(?)
SvarSlettJo, sånn tjukk aluminiumsplate. Du kan heilt klart leggje den på vedkomfyren, om du har ei slik. Plata blir fort varm og spreier varmen godt.