Svigermor Svanes herlege hardangerlefser og Covid-tidtrøyte
På sølvplass
Her i veka var Island på sølvplass blant OECD-landa i mest smitta pr 100 000, vi vonar vi ikkje er lenge på pallen.
Det meste av hyggelege og sosiale ting er avlyst, folk er i karantene eller på heimekontor, det bles noko skrekkeleg med sludd i kasta og kjem til å fortsetje med det. Det er framleis temmeleg mørkt, sjølv om sola har snudd.
Pyntebilete m soloppgang
Islandsk språk har ikkje noko ord for "God morgon" - stopp opp litt og tenk over det.
Nyttårsforsetta
er vel overstått, håper eg? Slik halvvegs i januar er ein ofte ferdig med slikt. Då kan det vera greitt å halda seg i ro i god covidstil, og bake hardangerlefser for å halda oppe BMI'en. (For ikkje å blåsa vekk.)
Svigermor mi, Margit Svanes laga nokre deilige hardangerlefser. Vi har laga dei av og til sidan, mannen min og eg. Veldig gode, som sagt, fine å ha i frysen, tiner fort om det kjem folk på kaffi, og gode å eta sjølv, om det ikkje kjem folk.
Oppskrifta kjem her, pluss instruksjonsvideoar. Kjekt å sjå kva ein kan gjera med mobilen og eit lite stativ.
Takka eg steikjer på er ei tjukk aluminiumsplate som du kan leggje rett på steiketoppen på komfyren. Har du induksjonstopp bør du skaffa deg ei slik "mellomplate" som eg har, elles blir ikkje takka varm. Mellomplata får induksjonstoppen til å tru at alt er i orden.
Det skal gå fint å steikja desse lefsene på ei turr steikjepanne også.
mål opp smør og sirup - la det få romtemperatur. Rør det saman før du tilset resten av ingrediensane, ver gjerrig på mjølet, det skal halda til utbaking også.
Rør saman og kna litt på bordet. Del deigen i små bollar, og kjevle dei ut.Når takka er blitt passe varm og du har kjevla ut mange nok emner, kan du begynna å steikja. Temperaturen bør vera slik "passe", altså først må takka bli varm og så må du nok slå ned temperaturem slik at lefsene vert steikte utan å bli brende, fint lysebrune skal dei vera.
Dersom det går ei i stykker når du steikjer, er det ei prøvelefse, den kan du eta. På videoen hyler induksjonstoppen, det er slikt induksjonstoppar gjer.
Eg maser fælt om at emna er tjukke i denne videoen, men dersom du kjevlar for tynt, vert dei tørre, og ikkje så gode. Det har eg også testa.
Lefsene er herlege med smør og sukker, og gjerne kanel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar