fredag 10. desember 2021

Ny regjering - ingen kommer undan politiken

som Marie Bergman song i 1976, fritt etter Kate & Anna McGarrigle-lenke til youtube, vi må seia
Finaste juletreet, syns eg. Mellom
Alltinget og Domkyrkja

noko 
om det også, sjølv om vi har mest lyst til å snakka om jul.
Det er jo snart jul!

Omsider - Stjórnmál

Stj´rnmál tyder politikk på islandsk. Regjeringa skreiv under samarbeidsdokumentet sitt søndag 28. november. Valet var, som vi hugsar, 25. september, så dei har brukt lang tid på å bli samde. Det var mykje rot nordpå i samband med valet.
Dette er den lengste perioden utan regjering i nyare tid på Island og  likevel er det mykje dei same folka som er tilbake i regjering.
 Finansminister er den same som før, Bjarni Benediktsson frå Sjálfstæðisflokkurinn  og han vil gjerne ha vekst i økonomien. Dei har fem departement.
 Katrin er statsminister denne gongen også, ho er frå Vinstrihreyfinginn Grænt Frambod, dei gjorde ikkje så godt val, men ho er sannsynlegvis flink til å skapa semje. Dei har tre departement. Framsóknarflokkurinn er også med, gjorde godt val og har nok fått meir makt nå med fire departement.
Partia har  skrive under ein avtale eller plattform som dei skal styre landet ut i frå.

Regjeringsplattformen

Kritikk av regjeringsplattformen så langt,  er at han er ullen og uklar og at han  har manglande sosialt perspektiv. Han er også prega av dei forskjellige partia sitt valresultat, dei som gjorde best val får inn mest av sine saker. Regjeringspostane er fordelt etter stolleikprinsippet vert det sagt.

Stolleik - presisering Du veit når musikken stansar må du sette deg ned. Populært i barnebursdagar og avslutningar på skulen. Napoleon med sin hær er vanleg tonefylgje.


Elles går mykje pengar til helse og det er det fleire grunnar til. Folk vert eldre, her også, og eit stort sjukehus er under bygging, og det har det vore ei stund.
Vinterettermiddag ved Tjörnin



Klimamål

Noko av det mest oppsiktsvekkjande er kanskje at Island har vedtatt å gå bort frå all bruk av fossilt brensel innan 2040. Eit optimistisk mål.
Det er nok rein straum og varmt vatn her på øya, så slik er det greitt. 
Det er nok derfor det  bare er  enkle vindauge med lufteluke i den fine, nyoppussa leiligheten vår. Dette er standard islandsk, også nordpå, og det må jo vera fordi oppvarming er billeg.  Lufteluka får du omtrent ikkje lukka skikkeleg.

Så vi må heilt klart passa oss for TREKKEN. Han er som kjent, noko av det farlegaste som kan vederfarast middelaldrande (og vel så det) kvinner. Det er mogleg menn toler trekken betre? Vi lover uansett å passa oss.
Diverre er vi for langt borte og ut i havet til å kunna senda noko varme heim til frosne nordmenn, elles hadde vi sjølvsagt gjort det.

Nagladekk


Det vert brukt meir piggdekk (islandsk nagladekk) her enn det vi er vane med. Vi har reagert på det, spesielt med tanke på klimamåla. Det er djupe spor i asfalten etter piggdekkbruk.  Nede i  Reykjavik er det som regel ganskje mildt.
 Eg greidde å stava meg gjennom ein artikkel i Morgunblaðið som handla om nagladekk. Folk som jobba i heimesjukepleien fekk beskjed om å ta nagladekka av bilane i  oktober, og så fekk dei heilårsdekk i staden. 
Men skal du opp i bygda klokka halv sju om morgonen for å hjelpa sjuke folk, og det har kome 20 cm snø om natta, kan det fort gå gale.

Vi har nesten ikkje sett el-bilar her, og det er langt mellom ladestasjonane. Sjølv har vi hybridbil og lading på gardsplassen, så vi kjører grønt i byen.
Men når vi  skal rundt  i landet er det sabla humpete og ulendt og ladestasjonsfritt, og då smett vi fort over på bensin.
Hallgrimskyrkja, eit landemerke i byen



Departementa

er blitt fleire og dei har nye fagfelt. Kombinasjonen handel og kultur er litt uvanleg, tykkjer eg, industri og høgare utdanning også.
Folk som jobber i departementa er usikre på kor dei er organiserte nå, og kva dei skal jobba med. Dei kjenner ikkje att arbeidsområdet sitt.

Og nå er vi over frå barnebursdag til dei meir dristige leikane i brusbryllaup ( dei utan dans), der konene pluss brura - med bind for augo -  kjenner på leggene til mennene pluss brudgommen for å gissa kven som er sin mann.
Kor jobbar eg? Kva jobbar eg med nå og kven sine bein er dette?

Dersom nokon vil vita meir om slike selskapsleikar, kan dei bare kontakte meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...