torsdag 16. desember 2021

Jul eller juling? Ris eller risgrøt?

 Om barneoppseding - førjulsversjon






Jul er koseleg og kjekt og noko vi gler oss til lenge. Butikkane gler seg heilt frå 1. november slik omtrent. 
Og vi pynter og pynter.

Tradisjonelt har ikkje jula bare vore kos og gåver. Det var den mørkaste tida på året, solsnunatta var farleg, då var hekser og vetter lause. 


Oskoreia eller Åsgårdsreien kunne fara forbi, eit følgje med urolege, daude sjeler. Heksene drog til Bloksberg.
Åsgårdsreien (1872) Peter Nicolai Arbo






Fjøsnissen på garden skulle ein ikkje tulle med, han hemna seg om han ikkje fekk skikkeleg behandling. Spesielt i jula blei han bisk om han ikkje fekk graut.
Lussi var ei vond vette  med røter i førkristen tid, ho har ingenting med Santa Lucia å gjera. Ho straffa deg hardt om ikkje juleførebuingane var i rute 13. desember. Ho for ned gjennom skorsteinspipa og øydela!

Der ligg eg tynt an, ikkje ei kake på boks og silda har eg kjøpt på butikken. (Men vi har ikkje skorsteinspipe.)

 Lussi kunne også ta barn som ikkje var greie, og nå nærmar eg meg poenget her:

islandske barn har hatt mykje meir å vera redde for enn norske barn i førjulstida.

Dimmuborgir

Skummel lava i Heidmörk

Det kan ha med landskapet å gjera, det er så mykje merkelege lavaformasjonar her at nokon og kvar kan begynna å tru på nissar og troll.
Dimmuborgir er eit område med spesielle, skumle  lavaformasjonar som ligg nordaust i landet ved Mývatn. Vi skal opp dit til sommaren på islandsrundturen vår. Det er elles i den delen av landet folk trur mest på alvar og overnaturlege fenomen.
 Dimmu Borgir heiter også eit berømt black metal band - opprinneleg frå Jessheim. Dei ser også skumle ut, kanskje dei kan skremma deg litt når du nå skal læra om Grýla? (Lenke til Youtube  - Dimmu Borgir)

Grýla

 I Dimmuborgir bur Gryla som er ei fæl trollkjerring eller blanding av troll og dyr - litt usikkert dette, med den tredje ektemannen sin Leppaludi. Gryla er skildra alt i Sverresoga frå 1200-talet. Ho skal ha klør til fingrar, mange halar, varierande antal auger, og ikkje minst ein svær sekk på ryggen.

Dei to første ektemennene sine åt ho, men ho har altså slått seg til ro med
Jólakötturinn står på torget
midt i Reykjavik nå før jul


 tredjemann Leppaludi, så ho var vel mett då? Dei to er foreldra til dei tretten jolasveinane og dei har ein katt,  jólakötturinn eller julekatten.
Gryla går omkring og fanger slemme barn, helst før jul, putter dei i sekken sin, tar dei med til kjøkkenet i Dimmuborgir, der ho koker og et dei. To ektemenn var altså heilt klart ikkje nok, ho er holsvolten! 

Dei tretten jolasveinane er blitt snillare med åra, meir sånn nisseaktige, dei blei opprinneleg brukt til å skremma barn dei også. Men dersom du set ein sko i vindaugskarmen kvar kveld frå 12. desember,  kan det nå liggja ein liten 
Klørne til
Jólakötturinn - nærbilete
presang der når du vaknar om morgonen dersom du er grei og snill. 
I natt er det Askasleikir som kjem så vidt eg har forstått. Lenke til jólasveinane

(NB dette gjeld bare islandske barn!

Ein presang kvar morgon i tretten dagar, nesten så det løner seg å rydda på rommet, eller kva ein nå må gjera for å vera snill.
 Eg kan ikkje hugsa at vi nokon gong stilte krav om grei oppførsel til våre born for  dei skulle få saker og ting (t.d. viskeler, truser og skraplodd) i julekalenderen? 
Kanskje dei beintfram var snille.


 Jolakötturinn

er sjølvsagt heller ikkje til å spøka med. Dette er ingen vanleg pusekatt.
Svart som natta, med lysande auger, og laaange klør på potane... 



Chanelle var min svarte katt, ho hadde aldri
 gidda å ete barn, måte på.
Denne katten er er nok i nær slekt med vår julebukk/julegeit, den koselege av halm, veit de. Opprinneleg ein heidensk figur med klauver og horn som seinare vart ein følgjesvein til djevelen.

Det var farleg å vera svart katt i
middelalderen. Folk trudde dei heldt lag med hekser, og var  i ledtog med djevelen og  derfor  
blei dei forfølgte og drepne.





Jólakötturinn ét barn som ikkje har fått nye klede på julafta. Heldigvis held det med eit nytt par sokkar.

Han kjem snikande om natta på lydlause potar...


Sjølvsagt er det skumlast om natta. Alt er skumlast om natta.
Dersom ikkje månen lyser då.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...