onsdag 1. desember 2021

Det mørknar ...

 



Dagen er kort nå. 
Sola står opp kl 10.40 og legg seg kl 15.50. Dette biletet tok eg 10.47 her om dagen, grå himmel, grått hav, svarte steinar.

Vi stakk av frå mørket. Vi sette oss på eitt fly frå Reykjavik til Tenerife, saman med ein haug andre islendingar som ville ha litt lys og varme.  Det var deilig.

Han her gjekk på slak line
på stranda  i skumringa 

Vi blei varme, og fekk sol på huda, såg på havet, same atlanteren, bare lenger sør i ei heil veke.

Vi såg linedansarar, båtar om kvelden, gjekk ute med tunne klede, brukte solkrem, bada, leste bok under parasoll, åt deilig mat, dansa tango med joggesko, drakk øl til lunsj og cava om ettermiddagen.


Eg anbefaler alt dette her på det varmaste, det var veldig kjekt alt saman,  bortsett frå å dansa tango med joggesko. Det går dårleg.
Kveldslys Tenerife


Skammdegisþunglyndi

er nok eit fantastisk   islandsk ord.
Skammr tyder kort
degis er dativ av dagur (alså dag) pluss ein s for å binda ordet saman
þung tyder tung
lyndi er  lynne eller sinn sjølvsagt

Ordet tyder altså det tungsinnet som kan koma over deg når dagane vert korte, vinterdepresjon om du vil.

Som vi såg over her er dagen nå fem timar og ti minutt. Han skal bli kortare og kortare  i tre veker til før sola snur og det vert lysare att. 

Vi må altså kjempa mot dette tungsinnet på ymse vis. Vi kan ikkje alltid dra til Tenerife, sjølv om det er deilig.

Mann på strand


Heitir pottar, sunn livsstil og lys!

er ein del av løysinga. Verda er ikkje så verst sett frå ein slik stamp med skikkeleg varmt vatn. Det dampar og er  nesten litt for varmt, det er sludd i lufta, dei som sit saman med deg snakkar kanskje om den nye regjeringa, men du skjønar for lite til å vera heilt sikker.

Sunn mat og mosjon hjelper også, sjølvsagt, koma seg ut i det vesle dagslyset som finst

Og folk pynter med lys, alle stader i alle vindauger, det er snart jul. Det var ein del på plass i oktober alt. Folk pyntar og pyntar, og eg har vel ei kjensle av at lysslyngene ikkje blir borte i romjula.

Vi må sjå litt på julefeiringa her også etterkvart

Men språket igjen

På Tenerife prata eg slik kaféspansk. Har hatt moro av nokre gratis nettkurs og har i periodar vore hekta på Duolingo. Der lærer ein nyttige setningar som Dondé está la tortuga? - (omsett: kor er skilpadda?). Men eg skjønar ganske mykje. Litt likt slik eg har det med islandsk. Eg skjønar mykje og kan spørje om kor skilpadda er på islandsk også, akkurat  det er beint fram ganske enkelt sidan skilpadda her sjølvsagt står i nominativ.
Ikkje skilpadda, men katten (el gato) som budde på hotellet.
Nokså gammal, litt døv, litt sur, men godtok å bli klappa og få godbit.


 Eg skjønar ganske mykje av det som står i avisene nå, men eg kan ikkje snakka om det. Eg vil gjerne seia noko klokt om kultur, og litteratur, om kjensler, om statsbudsjettet, om den nye regjeringa og ikkje minst koma med reflekterte og vektige utsegn om véret, men det går ikkje så bra.

Eg kan snakka  om heilt vanlege ting, kaffihúsíslenska, og får mykje skryt. Eg er flink til å bare ha vore her i fire månader, seier alle. Men det er frustrerande å snakka som eit barn.

Og engelsk er feigt!

Litt snø

Det kom snø her i går. Den lyser opp. Eg er allment kjent som snøhatar og eg  hadde ikkje trudd eg skulle seia dette, så eg bare kviskrar det, heilt lågt:

 Jammen er det fint med litt snø

Biletet er teke på same stad som det heilt øvst i innlegget










1 kommentar:

  1. Kartdagtungsinn, det ordet kunne vi trengt i Norge også, særlig nordpå. Herlig ord. Hilsen Strå.

    SvarSlett

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...