
Solsnubilete teke 21. desember. de ser ho snur?
Sola snur!
Nei, ho gjer vel ikkje akkurat det, det er eigentleg jorda som går rundt sola, og etter vintersolverv vert dagane littegrann lenger. Det gler vi oss til og det er vel verdt å feire. Morosam tanke då? At ho står litt og tenkjer seg om, og så begynner ho å gå andre vegen.
Søøøøøørens covid...
Jysla fint juletre, juletreet vårt er alltid jysla fint. |
Nok ei covid jul. Eg synst verkeleg synd på dykk i Noreg som har skjenkestopp og venestopp nå. Førjulstida er jo så travel og gild, med kaféar og julabord og allslags!
Omikron er komen over sjøen til oss også, men vi slepp med to meters regel og vi kan heller ikkje vera meir enn 20 stk samla. For oss er ikkje dette siste noko problem, så mange vener har vi ikkje her.
Vi var spent på om barna kunne koma hit, og nå ser det ut til at det går bra.
Julemat
er seriøse greier. Alle veit det.
Vi plar ha pinnekjøt og kålrabistappe. Her på Island, som fløymer over av staselege sauer og søte lam, som er kledd i vidunderleg varm ull (Álafosslopi, Lettlopi, Plötulopi osb), greier dei ikkje/ er dei ikkje interesserte i å laga pinnekjøt. Dei røyker lam, hangikjøt heiter det, og er stort sett for røykt for meg. Men noko så enkelt og sutalaust som å salta og tørka ei lammeribbe, det gjer dei ikkje.
Det går an å fikse juleribbe om du snakkar med ein slaktar, men vi fall ned på kalkun. Hamburgerrygg og hangikjøt er elles populær mat i juledagane.
Men skate?
og her må eg pusta litt med magen kjenner eg. Skate er ei rokke som ser
skummel ut. (google skate +fisk!) Nå skal ein ikkje bruka utsjånaden mot nokon
, i alle fall ikkje mot mat. Korkje breiflabb eller steinbit tar seg godt ut, men er god matfisk.
skummel ut. (google skate +fisk!) Nå skal ein ikkje bruka utsjånaden mot nokon
Nordmannstreet, opprinneleg gåve frå Oslo. Står ved domkyrkja |
, i alle fall ikkje mot mat. Korkje breiflabb eller steinbit tar seg godt ut, men er god matfisk.
Skatene skil ut urinstoff i kjøtet, og her på Island vert dei gjæra for å bli etande. Eg kjenner ikkje til heile prosessen. Desse gjæra skatene er tradisjonsmat på þorlaksmesse eller Tollesmesse som fell på 23. desember. Skatene skal helst vera så gjæra at du flassar i ganen, kunne eg lesa i ein artikkel i Morgunblaðið. Dei luktar sterkt amoniakk, og det kan vera greitt å eta dei på restaurant sidan lukta er så påtrengande. Vår lutefisk er heilt klart pinglemat i samanlikning.
Gjæra skate og saltfisk er stor stas på litlajulafta som heiter þorlaksmesse eller Tollesmesse. I katolsk tid skulle ein eta fisk heilt fram til julaftan som ein slags faste før Jesu fødsel. þorlak var ein biskop på Island som døydde i 1193. Han var forfattar og arkivar (arkivarhelgen lizm!), og blei gjort til helgen av Alltinget fem år etter at han døydde.
Eg har ikkje funne særleg informasjon om kva han gjorde for å bli helgen, eg er også usikker på om han er godkjent av paven i Roma. Han finst nemleg ikkje i den katolske kyrkja sin helgenkalender, og der finn vi både St Lucia og St Nikolaus som er viktige i desember.
Svinaktig leit
Vi jakta lenge på marsipangris, men det var ikke lett å finna, heilt umogleg. Ingen andre figurar i marsipan heller, sett slikt!
Vi bestemte oss for å laga han sjølv og har kjøpt inn god marsipan
Vi synst han ser blid og grei ut. Han har eit godt smil og fine øyrer og veit ikkje at livet hans tar slutt julafta ca halv tre. Han vert partert etter risgrauten.
(Til informasjon har eg kjøpt ny grautris, den vi hadde med oss gjekk ut i 2016. Han hadde sikkert vore heilt grei altså)
Oppsummering:
To slags kaker på boks, sju julekort sendt, nydeleg juletre og barn som kjem på besøk.
Då manglar vi bare julesnøen ( og den greier vi oss godt utan.)
Gris med genser, rundfelt, sannsynlegvis Álafosslopi |
til familie og vener, alle kjente og ukjente
frå oss i Reykjavik