fredag 12. november 2021

Vin, øl og Håvamål

Ingen av bileta  har noko med teksten å gjera denne gongen, men eg kan ikkje slutta å ta bileta av desse vanvittig flotte fjella rundt byen.


Håvamål 

har mange gode råd. Mellom anna dette

"Betre bør du ber'kje i bakken
enn mannevit mykje

Med låkare niste du legg'kje i veg
enn ovdrykk med øl"

Mann i tydinga menneske, her altså.


 Vi kan byrja med å vera samde om at ovdrykk med øl, eller anna alkoholhaldig drikke, (han som skreiv Håvamål hadde nok ikkje drukke vin), sjeldan er særleg bra, sjølv om det kan vera ganske morosamt inn i mellom.


Belgia

Eg har budd i Belgia.

Er det svarttrast, tru? Han song ikkje så fint,
men tok seg godt ut
Der var det smaksprøve på brandy på butikken,( Les meir om det her )slik som vi får smaksprøve av den nye tacosausen eller iskremen på fredag ettermiddag, veit du, når blodsukkeret er lågt. Personalet i kassa  - vi er tilbake i Belgia nå - lukta ofte vin etter lunsj.  

Det var hylle opp og hylle ned med forskjellige typar vin. For ikkje å snakka om øl, ( for vi skal snakka om øl nå), øl var verkeleg kultur i Belgia, der var alle slags typar, prosentar,  smakar og tilsettingar.

 Eg likte godt ein type kirsebærøl, men eg er ei  ølpingle. Dei som kan dette, talar med tyngde om heilt spesielle øltypar brygga av utgamle munkar i bortgøymte kloster som  er veldig få og sjeldne, få munkar og liten produksjon altså.

Ei bygd på Jæren

Men eg er fødd og oppvaksen i ei bygd på Jæren. Du fekk kjøpt øl i nabobygda i sør, kassevis, og rett ved kommunegrensa i nord. For å kjøpa vin og brennevin måtte du til Stavanger.
Det er ikkje slik der nå. Det er vinmonopol og øl på butikken i bygda. Men det at alkohol skal og bør vera vanskeleg å få tak i, også når du er over 18, det sit liksom ein stad i ryggmargen min.
Fargerikt når sola kjem gjennom


Øl - Bjór 

Islendingar er jysla glade i øl, 62% av all alkohol som vert drukken på  Island, er øl. Til samanlikning drikk tyskarar og tsjekkarar 54 % av all alkohol som øl, og det var trass i alt tsjekkerane som fann opp pilsen, og tyskerane som begynte med ølfestivalar.
Godt øl har dei også på Island, men du må gå på Vínbúðin for å kjøpa øl som inneheld meir enn 2,25% alkohol, reint heimsleg for meg dette altså!
Vínbúðin er vinmonopolet, der har dei vin, brennevin og øl.

Forbodstid

 Sidan øl er slik stor stas vil du kanskje bli litt overraska når du nå får vita at det var forbode på Island mellom 1915 og 1989? ( ja, 1989)
Men det  var det. Fråhaldsrørsla stod sterkt, og etter ei folkerøysting blei all alkohol forboden i landet frå 1915.
Det rakna etter ei tid. Resept på alkohol blei skrive ut av legen, vin for dårlege nerver, og konjakk for hjartet, tenk det.
 Men øl  fekk du ingen resept på. Ølet var nemleg blitt ein del av frigjeringskampen. Danskane - koloniherrane altså - drakk svære mengder med øl, då skulle ikkje patriotiske islendingar gjera det same. 
Vin og brennevin lirka seg inn  via handelsavtalar med landa i sør som dei selde tørrfisk tii. Spania og Portugal nekta å kjøpa tørrfisk frå Island dersom dei ikkje kjøpte vin tilbake. 
Så i 1933 var det slutt på forbodet. I 1944 blei Island fritt frå Danmark.  Men forbodet mot øl, sterkare enn 2,25% heldt seg tll 1. mars 1989 som nå vert kalla Bjórdagur - Øldag altså



De får bera over med meg, tar'kje slutt

 2.25% er heilt ok

Vi er blitt ganske glad i det ølet på 2,25% som dei har i butikken. Slikt eit pes å
gå på Vinbuðin og kjøpa øl. I 
Vinbuðin kjøper vi vin. Men utvalet er ikkje så godt som vi er vane med. Det er mange øltypar der, som du kanskje kan tenkja deg. Men ikkje dei tørre rieslingane vi liker så godt, og vi saknar det gode utvalet av m.a. spansk og portugisisk vin. Prisnivået er som heime, kanskje litt dyrare.

Men panten?

Vi er vane med å panta boksar på butikken. Mannen pla gjerne trykka på Røde Kors-knappen for å gje panten til ei  god sak. 
 Eg trur aldri han har vunne meir enn femti kroner, bare tenk om vi hadde kjøpt aksjer for dei pengane, bare tenk!

Pant pr boks her er 7 ISK. Det er snautt 50 øre . Dersom du skal få ut panten må du samla alle boksane og flaskene det står pantemerke på, og kjøra dei ein stad utanfor byen for å levera. Det gjer du jo ikkje for 50 øre. Eg samlar opp boksar og flasker og kastar i ein kontainer i nærleiken, så vert dei i alle fall resirkulerte. Men eg ser at boksar og flasker vert kasta med vanleg kjøkkenavfall, det er jo slett ikkje bra.

Her må panten gangast med fem, og  panteautomatar må inn på alle butikkar, kom igjen Tomra, vi er eit heilt folk som ventar på deg!
Litt meir snøpynta fjell.

tirsdag 2. november 2021

Badekultur 2 - vi vil ikkje opp or vatnet!

 

Gamla laugin ligg i Flúðir. Det er halvannan time frå Reykjavik, og bare ein halv time frå Gullfoss. Du kan leggja det til som ein slags ekstra deilig belønning på den gullna hringinn din om du vil.


Landskapet - så vakkert og goldt

Vi drog frå Reykjavik, strålande solskin var det, og ein del vind. Du kjører 
gjennom brutale lavalandskap, der du ser korleis fjella på eit vis er stivna i ei 
rørsle, marka er knudrete lavastein, med eit tunt lag lav på. Bonden i meg undrar


seg over at folk har greidd å overleva her, det lavet som veks her kan du ikkje eingong fø ein sau på.

 Landskapet endrar seg etter Hveragerði, (hugsar de den varme elva?) Det veks gras på marka til sauer og hestar, og det er planta tre her.

Gamla laugin eller Secret Lagoon

 - blei opna i 1891 og er det eldste offentlege symjebassenget på Island. Dei heldt symjekurs her frå 1894.
 Teikn  tyder på at folk har bada her før også, og ikkje minst vaska kleda sine. Det er rikeleg med kokande varme vasskjelder kring bassenget.
 Det var i full drift fram til 1947, men då blei det bygd nytt symjeanlegg, og Gamla Laugin gjekk i gløymeboka, heilt til det blei renovert og opna att.

Vatnet kjem frå dei varme kjeldene i

kring.Det vert filtrert og går ut i bassenget som held ein jamn temperatur på 36-40 grader. Vatnet vert skifta ut, etterkvart, og er heilt utskifta etter 24 timar. Det blir ikkje brukt klor. Det kostar ikkje meir enn drygt 200 norske kroner å koma inn her. Det er veldig stille og fredeleg. Vi kom i snakk med eit ungt par frå Australia som jakta på nordlys på Island. Dei skulle til Noreg også, Oslo og Tromsø.

Men Blue Lagoon, og kva med Sky Lagoon?


Det er den alle har høyrt om, Blue lagoon er spillvatn frå det geotermiske  varmekraftanlegget Svartsengi. Der har vi ikkje vore ennå.
 Sky Lagoon er heilt nytt. Det ligg i Kópavogur, eit kvarter med bil frå der vi bur. Det er jysla fint og dyrt. Bygningen har vegger av torvblokker,mørkt tre og betong. Bassenget er omkransa av "lavaklipper", og du kan ligge på kanten og sjå utover havet. Folk er veldig opptekne med å ta bilete av kvarandre der, men eg tykkjer det er litt ugreitt å ha mobilen med i vatnet derfor er alle bileta her frå Gamla laugin.
Det er ei fantastisk badstove der som du får besøka om du kjøper den nest dyraste billetten, der er det eit digert panoramavindauge der du ser utover havet og solnedgangen dersom du ha taima dette skikkeleg.

Også er det bar der! Du kan liggje i det varme vatnet  og drikka kampavín *champagne* og sjå på stjernene.

Vesturbæjarlaug

er det lokale symjeanlegget vårt. Det ligg nedi høgget her. Vi har kjøpt klyppekort, og eg har ein plan om å gå dit og sitja i heita pottinum  * her vert det dativ sidan eg sit i ro, det er veik bøying av adjektivet sidan substantivet har bestemt form, trur eg, men kjem eg nokon gong til å hugse det???*
og prøve å snakka islandsk med dei andre som har tid til å vera der om føremiddagen. Eg har til og med tenkt å symja.
Sidan vame bad er ein menneskerett på Island er ikkje dette særleg dyrt, kjøper du årskort, er det grisebillig. Når du er 67 går du inn gratis, bare å gle seg!




Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...