søndag 19. september 2021

þingvellir


Öxarárfoss -þingvellir -når du klikker på bileta vert dei større


Alt i 930  heldt islendingane  sitt første allting på þingvellir, her heldt dei ting fram til 1798 før dei flytte innomhus. Det nåverande Alltinget på Island har dermed den eldste ubrotne parlamentariske tradisjonen vi kjenner til. Folk samla seg, hadde med seg telt og mat, henta vatn i fossen ovanfor her Öxarárfoss.

Alltinget var
þingvallavatn
 også ein domstol og rettarstad. Her blei folk dømt fredlause, Gunnar frå Lidarende hugsar de? Han frå Njåls soga som blei lyst fredlaus. Folk bøtte for drap, dersom du slo i hel son eller dotter eller trælen til grannen måtte du bøta den økonomiske verdien han/ho hadde.

Etter kvart blei straffene meir moderne, folk blei hengde, kvinner blei helst drukna i ein spesiell kulp, trollmenn blei brende på bål. På Island var det overvekt av menn som blei dømde for trolldom, lurer på kvifor?

þingvellir er også nasjonalpark. Både på grunn av historien, den vakre naturen og på grunn
Kløfta der
 kontinentalplatene møtest
av geologien. Det er nemleg her, akkurat her
den amerikanske og den europeiske kontinentalplata møtest. Kløfta ser de på biletet. Til utpå sekstitalet var det bilveg her.
þingvallavatnet er den største innsjøen på Island, 
Vakker er han.

Bittelitt politikk og sånn

Det er val til Alltinget 25. september.
Det er mange parti her, og åtte av dei sit på Alltinget nå. Sperregrensa er fem prosent. Det partiet som har hatt mest makt opp gjennom åra,  er Sjalfstædisflokkurinn.  Det er eit parti på høgresida, stifta i 1929. Dei andre partia  som sit på tinget nå, er stifta etter 1999, eitt av dei mest populære er Piratpartiet frå 2012.


 Alltinget i Reykjavik


 Litt rart med så få folk og slikt eit mangfald politisk? Vi er då bare i kring 365 000 som bur her i landet.

Eg trur vi treng litt meir tid for å setje oss inn i det politiske biletet. Vi må også kunne meir språk, men det arbeider vi med.
Her ser det Alltinget i Reykjavik, ein vakker bygning med ein fin liten park rundt.

Val 25. september altså, følg med, følg med.

2 kommentarer:

  1. Kjekt med historie. Jeg kan lite om Island fra før. Fortsett å skrive rakn.

    SvarSlett

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...