![]() |
Himmel og hav |
Valekspertane bomma på Island. Dei tippa regjeringsskifte, men slik blei det ikkje.
![]() |
Demokratiet er spinkelt. Dette er ein fiskehjell, men er passe spinkel og fin illustrasjon |
Själfstettisflokkurinn,(SF), høgrepartiet hugsar de? gjorde eit greitt val, dei gjekk bare litt tilbake. Framsóknarflokkurinn (FF) - senterpartet, gjorde eit veldig godt val. Det tredje partiet som var i regjering, Vinstrehreyfinginn Grænt framboð (VG)søsterpartiet til vårt SV, gjekk tilbake.
Eg tykkjer det verker heftig med SV og Høgre i same regjering, men her på Island har dei hatt det den siste perioden.
Sidan Island ikkje har mindretalsregjering vert det SF og FF som dannar regjering saman med nokre andre. Det vert spanande å sjå kven det blir. Ein periode i går var det kvinnefleirtal på tinget, det hadde i såfall vore det første i Europa, men så fintelte dei ein stad oppe på nordvestlandet og kjønnsfordelinga blei 33 menn og 30 kvinner. Temmeleg jamnt då.
Skemmtilegar kosningar?
Vi har prøvd å ønskje folk godt val, men dei gjer visst ikkje det på Island.
Å velja er að kjósa på islandsk. På engelsk har dei verbet to choose så her er det ein gammal norrøn sams stamme. Dette verbet er borte i moderne norsk, men jammen fann eg det att i Ivar Aasens Norsk ordbog, de har vel den på hylla de også?
Litt vanskeleg med gotisk skrift, men her står det: kjosa, v.a.(kys, kaus, kosset) kaare, vælge foretrække, stæmme på.
Snorri Sturluson (1179-1241)
![]() |
Det var skikkeleg varmt, eg stakk handa nedi |
Reykholt, ja Reykjavik også.
Han var glad i å bada, Snorre, som alle islendingar, deilig å sitja i eit varmt bad og snakka om ver og politikk, medan det sluddar og regnar ikring deg. Snorre hadde ein nydeleg steinsett badekulp, der det kom inn vatn frå ei varm kjelde, den er rekonstruert. Den underjordiske tunnellen der dei meiner han blei drepen, er også der.
![]() |
Tunnellen der Snorre blei drepen |
Snorre støtta nemleg feil mann i Noreg. Han fekk lendmansstatus av kongen , Håkon Håkonsson, men blei meir og meir godvener med hertug Skule.