![]() |
Hellnar - god suppe og dramatiske klipper |
Vi har snakka om den gamle islandske kalenderen før, dei delte året i to med seks månader vinter - greitt nok. Men kva med seks månader sommar? Og denne vanvittige optimismen som let dei starta sommaren 20. april, det er forresten ein fridag - tredje torsdagen i april. I år var det solskin, sju grader og nordavind og og naboen gjekk i shorts og sandalar. Det er rett nok VARMEgrader.
Men vi har hatt nokre fantastisk flotte solskinsdagar, og dei må nyttast. Så vi pakka ned huer og stillongs og badetøy og drog avgarde. Stykkisholmur var målet.
Borg, Stykkisholmur og Kirkjufell
Stykkisholmur ligg nord på Snæfellsnes, ein kjøretur på to timar og tjue minutt frå Reykjavik. Derifrå går ferja Baldur til Flatey midt i Breidafjord. På Flatey fann dei Flateyboka, eit av dei vakraste skriftene frå mellomalderen og det er eit rikt fugleliv der.
![]() |
Stykkisholmur i morgonlys |
Vi har vore på Snæfellsnes før, men ikkje Stykkisholmur. Det er noko med å oppleva
landskapet i sol og vakkert ver.
Vi la vegen om Kirkjufjell på vegen opp. Dette er eit ikonisk fjell, det mest fotograferte på Island. Det har til og med vore med på Game og Thrones.
![]() |
Kirkjufjell |
Litt geologi: Kirkjufell er ikkje ein vulkan,
men ein nunatak, eit fjell av sandstein og lava
som er blitt skrubba på siden i siste istid.
Sidan lavastein og sandstein ikkje er like harde, har vi fått desse tydelege "stripene" i berget.
Stykkisholmur er ein nydeleg stad. Havna er lun, skjerma som ho er av eit dekorativt fjell, så her har det vore fart og moro handel og fiske i århundrer.
Vi budde på Hotell Egilsen , det var lite og yndig
og serverte ein fantastisk frukost.
Dritvik
Vi måtte innom Dritvik fordi det er så fint der. trass i namnet. Det er der du finn steinane:
Fullsterkur / 154 kg Hálfsterkur / 100 kg Hálfdrættingur / Weakling / 54 kg (svekling) Amlóði / 23 kg (ubrukeleg)
Hákarlen
![]() |
Stor i kjeften? |
![]() |
Her heng haikjøtet til tørk etter at det er gjæra ferdig |
![]() |
Hestar og fjell på Snæfellsnes |
Vakre Snæfellsnes
![]() |
Sjølvaste Snæfellsjökull |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar