![]() |
Vakre Oslo, utsikt frå Munch-museet |
Mannen og eg treng gjerne litt oppvarming og lys når det er kaldt og mørkt i kring oss. Nå sakna vi vener og familie også, og derfor blei turen ekstra lang og innhaldsrik denne gongen.
Noreg
Først ei veke i Noreg. Vi reiste frå snøskavlar og regn midt på natta og kom til kalde austlandet ein vakker laurdagsmorgon.
Teater, tango, barn og vener
Eg hadde bestilt bilettar til "Tid for glede" på det Norske teatret. Noko av det luraste eg har gjort! Eit fantastisk,annleis, sprudlande, tankevekkjande, fantasifullt, rart og skranglete teaterstykke, framført med bravur, speleglede og entusiasme av dyktige skodepelarar. Det gav oss glede. De som er i Noreg, i austlandssoknå, må skunda dykk å sjå det.
![]() |
Fint bilete tykkjer eg, detalj av det øvst. |
Elles dansa vi tango - var på to practicas, snakka med gilde tangofolk ( tangofolk er grunnleggjande gilde folk - unntak finst), og fekk time hos yndlingstangolæraren vår Ina Eriksen på Oslo Tango.
Vi fekk med oss Munch-museet, må jo gå der mange gonger sjølvsagt, og gjekk om kring i vakre Oslo. Men det var kaldt.
Vi hadde fin lunsj på restaurant med barna, laga pizzur ( fleirtal akkusativ av pizza) saman med dei, koste med katten Vincent når han ville. Og eg fekk lagt inn treff med dei aller fleste venene mine/våre som bur i Oslo.
![]() |
Han VAR glad for å sjå oss |
Takk fyrir:
Elin, Rune, Ingrid, Astri, Kari, Ann Christin, Ragnhild, Trygve, Marvin, Wenche, Ingebjørg, Siv, Tone, Inger.
Vi for også til snyrtistofu, tanlæknis, læknis og brjóstamyndutöku, ei aktiv veke.
Snøklokker i hagen |
Det var ingen snøskavlar i muhlegrenda, og snøklokkene hadde spirt sjølv om det var kaldt og eg burde hatt med meg ein tjukkare ullgenser.
Vanskeleg å pakka både for vinter og sommar, eller rettare, eg treng stor koffert. Vanlegvis greier mannen og eg oss med koffert på deling, men nå måtte vi ha kvar sin. Ulltøy og badetøy er stort sett det du treng når du skal til Island, pluss regntøy og tursko sjølvsagt. Men når vi nå både skulle til Noregs og treffa vener og dansa tango, og etterpå til Tenerife (skal det vera s her? til tar genitiv) må det til sommarkjolar og shorts, eit utval sandalar, solkrem og solhatt og bøker som varer både flyturane og under parasollen på stranda.
Bøker
Bokval er viktig på ferie, har eg ikkje bok så har eg det vondt, blir rastlaus, oppjaga og masete. Og det bør vera ei god bok
Nå hadde eg med meg Tore Kvæven: Når landet mørknar 450 s. og Jón Kálman Stefánsson: Ditt fravær er mørke på 540 s. Gode bøker begge to, svært forskjellige, sjølv om begge handler om folk som lever under marginale forhold. Kvæven fekk Brageprisen 2018 for romanen sin om folk i den norske kolonien på Grønland på 13-hundretalet. Han syner ein imponerande kunnskap om samfunnet der, også om inuittane, Jón skriv om folk på Island, om død, kjærleik, livsglede, om å gripa livet, om å lengta etter noko anna og om å ikkje svika. Anbefaler begge.
Det heldt nesten heile flyturen heim.
Tenerife
![]() |
Mann i vatn, ein fin soldag |
Fy og fy!
Folk
![]() |
Eksempel på rar drink blå curacao er greia her |
Elles fekk vi kampavin (cava) til frukost (bittelitt), sangria eller øl etterkvart (måteleg) og innimellom ein og anna rar drink (sjeldan). Vi dansa ikkje tango på joggesko denne gongen. Noko har vi då lært.