Eg har nesten alltid vore grei og ansvarleg. Eg gjer stort sett slikt eg får beskjed om, ventar på tur, gjer meg kjent med og følgjer regelverk, les oppslaga, går med obligatorisk munnbind, spriter hendene, krangler lite, bruker lommeplagg og nys ikkje "i armhulen" ( det var mykje snakk om å nysa i armhola ein periode, men det er beint fram umogleg - prøv!). Eg går heller ikkje skoa av meg i utide.
Askepott?
Det gjorde jo ho dama her. Kan det ha vore Askepott, tru? Skoen låg der på fortauet ein tysdag morgon, han var ein litt dryg Askepott-storleik, nærare 39, trur eg.
Men tenk nå, dersom ikkje prinsen hadde hatt augo med seg då klokka slo 12 og oppdaga
kor er prinsen her? |
den ørvesle silke- eller glasskoen (her er det usemje), då han sprang etter Askepott slik eventyret fortel. Då er det slett ikkje sikkert han hadde funne henne att. Då hadde skoen lege der og snødd ned. Askepott hadde framleis blitt hundsa og utnytta av stemor og dei slemme stesøstrene og prinsen hadde gått under av ulukkeleg kjærleik og gifta seg med ei eller anna hertuginne av Sachsen-Coburg.
Vert'kje eventyr av slikt, veit du. Må ha litt flaks.
Flaks?
Eg har fått covid. Det er omlag ein månad sidan eg tok 3. dose og eg var ganske dårleg etterpå, eg reagerte skikkeleg. Her om dagen fekk eg vondt i halsen og blei forkjøla eg tok hurtigtest - hradprof - og då kom det opp ein strek nummer to.
Kva har eg gjort? Ingen tango, ingen reiser, ingen ting som er gøy og sprelsk og opprørsk. Eg går bare i butikken for å kjøpa mat, for søren! På butikken og alle andre stader er det grímaskylda, altså plikt til å gå med munnbind, det gjer eg sjølvsagt.
Mannen min, som jobber, og treff folk og er ute i livet, fekk negativ test. Vi tok PCR-test også.
Då blei det isolasjon - einangrun - på meg og karantene - sóttkví - på mannen. Han tok med dyna og flytta på gjesterommet og eg troner åleine på soverommet med alle papirlommetørkleda mine. Vi har ordna sprayflaske med såpevatn og mikrofiberklut, og eg tørker etter meg på dørhandtak og kjøkenskåp og alle stader eg trur eg har tatt på.Vi vinker og smiler (eg smiler sjeldan) til kvarandre på to meters avstand.
Flau...
Det verste er at eg er flau. Ja, det er dumt, til og med Nakstad er blitt smitta, høyrer eg, men eg føler meg litt spedalsk. Har ikkje lyst til å fortelja det til nokon. Korleis blei eg smitta? Når og kor var eg uforsiktig? Kva har eg gjort? Sannsynlegvis tafsa eg på feil tomatboks då eg var på butikken, den med bulk i som eg sette tilbake, som nokre andre - SOM VAR SMITTA - hadde sett tilbake på hylla før.
Sur er eg.
Nye og nyttige ord på islandsk
Fuglar på Tjõrnin |