Skal uttalast jau, jau..
A med accent aigu vert uttalt som ein litt varhaugsk brei au, det vert meir om språk seinare, mykje meir.
Kjære alle saman.
Eg hadde lova å skriva blogg, og har hatt litt teknisk trøbbel, så nå er eg absolutt på etterskot.Eg må begynna med begynnelsen, sjølv om det kanskje er gildare å begynna med havet, og fjella og vulkanane.
Slik er det.
Når ein skal flytta frå eit rimeleg greitt og velordna liv i Bærum, frå ein jobb der ein stort sett veit kva ein skal gjera ( også det ein ikkje får gjort), frå folk ein liker og er glad i, frå eit hus og ein hage med rot inne og roser ute, kan det vera greitt å vera litt flegmatisk - jau, jau.
Det har vart ei stund dette. Vi pakka 26-27. juli, på biletet ser de den litle bilen. Dagen etter kom ein diger konteiner. Vi måtte senda ut nabovarsel.
Før det hadde vi sjølvsagt rydda og kasta og rydda.. men konklusjonen er og blir at vi har for mykje, alt for mykje.
Vi var i eit slags limbo frå alt var pakka og til vi reiste sjølv 5. august. Limbo heldt fram ( for min del) i Reykjavik, der vi budde på hotell til konteineren kom til lands med alle greiene våre, og til oss 13. august. Mannen begynte på jobb 10.august
Konteineren med det meste av det vi
skal bruka dei neste to til fire åra ser de her.
Staseleg hus! Bygd i 1928 og heilt nyoppussa, det var ikkje heilt ferdig då vi flytta inn, men nå går det bra.
Hei Idun.
SvarSlettSupert at du skriver. Det har vært spennende å følge dere og turene deres på FB, og det blir enda bedre nå med bloggen. Gleder meg til å høre mer. Klem Ingrid (hils Tønnes)
skal så!
Slett