tirsdag 29. april 2025

Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!

 

Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg... 

Litt vår ved Esja

Men eg har hatt det travelt på universitetet og har hatt  det gildt. Det er så kjekt å læra meir, og så kjedeleg at det er så mykje eg ikkje kan. Eg burde jo begynt før, sjølvsagt, eg rota jo vekk to heile år  då vi kom. 

Tomrommet etterpå

Og nå er eg ferdig og det store tomrommet opnar seg ikring meg. Nå er dei fleste som les dette like gamle som eg, og nokre av dykk har kanskje gløymt det store tomrommet? Det er den  tilstanden som du kjem i når du har konsentrert deg veldig fagleg og  verkeleg gått ned i eitt eller anna, for meg heng det nøye saman med skule og studium. Det er kjensla av meiningsløyse og retningsløyse, ein føler seg tom og lurer på om dette var alt?  Det heiter tómið mikla på islandsk. Islandsk er tøft!



Alt eg har lært

Eg har hatt stor glede av Dægurmenning, det er populærkultur, islandsk film og populærmusikk frå ca 1980 og frametter. Har sett mykje film, islandsk film kjente eg til frå før, og har også høyrt mykje fin islandsk pop og rock. Björk og Sigur Ros kjente eg til, men mykje anna var heilt nytt. Og nå forstår eg jo tekstane.
 Litteratur kjem eg aldri unna, så eit anna fag nå var Bókmenntir seinna alda, det er litteratur med meir på Island  frå omkring 1890 til i dag, nokså breitt. Vi såg på straumingar i litteratur og kunst i perioden og eg var til og med oppe i muntleg.
I tillegg prøvde  eg meg på Setningafrædi II som er eit ganske kronglete gramatikkfag, eg forstod Setningafrædi I  i haust, men  toaren vart  hakket for komplisert for meg. Eg venter bare på karakterane.

Ved Dyrholaey




 Heitapottir

Det er viktig for mannen å vera i god form, så vi trener. Eg er stort sett med for å bada. Når vi sit der i det varme vatnet etter trening medan iskald nordavind og skafrenning (kult ord? Det tyder snødrev) fyk omkring oss, lurer vi på korleis vi kjem til å greie oss utan heitapottir når vi kjem heim?

Gljufrafoss 

Alle dei vakre fossane og alt det andre fine

Vener som ikkje har greidd å koma før, kjem nå. Og vi skal rundt til dei vakraste stadene vi har sett og prøva å få med oss nokre vi ikkje har sett før også.

Det vert nok ein fin vår.



mandag 23. desember 2024

Jula kjem...

Sandvikselva med nyfallen snø på trea 

smygande? Gjer ho det? Kanskje heller trampande, insisterande? Nokre vil meina ho kjem rullande, dundrande med alle sine forventningar og krav om lukke og kjærleik og samhald og gåver og allslags. Neimen om eg veit, men ho kjem, rett rundt hjørnet ligg ho og lurer.

Her eg sit og ser austhimmelen rødme mot dag,  prøver eg å ta det med ro. Mannen er att i

Oslotreet på Austurvöllur

Reykjavik, kjem i romjula, og eg skal lage jul med barna våre. Juletre er tilkjørt frå Sandefjord, det kom i plastnett så det vert spennande  å sjå korleis det ser ut. Mi erfaring frå barndommen på Kleppe, (då vart dei også tilkjørte), er at uansett kor skakke og stygge trea eigentleg var, så vart dei alltid vakre og nydeleg når vi fekk hengt på all pynten, nesten alltid det vakraste vi hadde sett. 
Oppdatering: det er kjempefint om ikkje akkurat det finaste vi har hatt.

Førjulstida i Reykjavik er minst like heftig som her. Eg fekk med meg juletrehogst og -tenning, koret mitt song julesongar rundt i byen ein kveld det var fint ver, stille og frost. Trur det er fyrste gongen med vakkert ver. Vi har vanlegvis frose oss forderva i kuling frå alle kantar og sno/ regn - alle typar nedbør. Det er sjølvsagt svært mange uttrykk for dårleg vinterver på islandsk: skafrenningur, snjóbylur, rennidrif t.d.

Reykjavik i vinterkvitt, sett frå Nordens hus

Siste førjulstida her, siste vinteren, siste semesteret med islandsk på universitetet ligg framfor meg, å som eg kjem til å sakne det. Eg er så glad (glöð, men hadde eg vore mann hadde eg vore glaður, tenk litt på det), for  å ha fått denne sjansen til å lesa og læra så mykje spennande og kjekt, og for å få bu på Island. 

Codex Regius Konungsbók

Eg var mellom anna vitne (hang ut av vindauga) då dei gamle middelaldershandskriftene vart kjørte med politi- og kulturministereskorte, dei femhundreogfemti (Google maps) metrane frå kjellaren på universitetet til Edda, praktbygget der dei skal lagrast trygt, synast fram og bli forska på, Nå snakkar vi altså mellom anna om Codex Regius, Konungsbók med eddadikt og sjølvaste Flateyjarbók. Desse skriftene låg i København fram til 1970-talet, då Island fekk nokre av det tilbake. Men avtalen er at islandske  dokument frå middelalderen som ikkje handlar om Island framleis skal liggja i København.. Danmark var koloniherre, vi må ikkje gløyma det, og dette meiner eg er restar av koloniherretankegang. 

Tenkje seg til at eg har kunne lesa dette på originalt norrønt, (bare rettskrivinga er fiksa). Vi hadde delar av Snorre-Edda og nokre eddadikt på pensum i haust, i tillegg til  fornalder- og islendingasoger. 

Djevelen sluker dei fortapte
 sjelen (dei blå beina!)
Utstillinga i Edda var praktfull, den første av mange. Nå var emnet korleis verda var til: "Ár var alda Þar er Ymir bygði" seier Voluspá. og etter at kristendommen vart vedteken på Alltinget ca år 1000, kom det nye forklaringar til. Alt vart nedskrive frå 1300 - 1500-talet og derfor vart også norrøn gudetru sett frå kristent synspunkt. Det kristne helvete vert framstilt på levande vis i utstillinga. Helvete er alltid spennande, bare tenk på framstillingane til Hieronymus Bosch.

Det var val til ny nasjonalforsamling 30. november. Sosialdemokratane gjorde eit godt val. Saman med to andre parti skal dei danna regjering. På Island virker det som om  fleirtalsregjering er det einaste alternativet. Det er ingen venleg tone mellom regjering og opposisjon her, så den typen høfleg og venleg diskusjon vi kan oppleva mellom Støre og Listhaug (Dagsrevyen i desember), ser eg ikkje for meg på Island. Kristrun, som leier Samfylkingen (sosialdemokratane) dannar regjering med Inga frå Flokkur folksins (småpopulistisk parti på venstresida) og Thorbjörg frå Vidreisn( liberalt). Dei vert kalla "Valkyriene" i media, sjølv om vi veit at valkyriene stort sett jobba med å velja ut kven som skulle døy på slagmarka og så ta dei med til Åsgard til Odin og Frøya ( Frøya fekk halvparten). Ikkje akkurat spesielt fruktbart grunnlag for politiske programerklæringar etter mi meining.

Siste vulkanutbrotet til nå fotografert
 frå nabolaget mitt
Vulkanutbrot har vi også hatt, sjølvsagt, det sjuande sidan desember i fjor. Vi er blitt
blaserte....Nå rant det mykje lava ut over parkeringsplassen ved Blue Lagoon, men den er blitt rydda og folk bur på hotellet. Dei som bur der  er folk som tykkjer vulkanar er spennande og som kan evakuerast på ein halvtime, og vanlegvis får du minst ein halvtime. Bortsett frå siste utbrotet, det begynte 20. november og ingen hadde venta eit utbrot akkurat då.


Jula er definitivt her i morgon, og ei veke etterpå får vi eit kliss nytt år til å baksa med.
 Så heldige vi er!

Gleðelig jól og farsælt nytt ár alle saman!
 (såpass skjønar de etterkvart)







onsdag 6. november 2024

November og mørket senker seg

 

Svinafellsjøkull, ein arm av Vatnajøkull

Hundafoss, Skaftafell nasj.park

og her om dagen snørdde det. Og så smelta det kvite og det er plutseleg ti varmegrader og vind. Eg les om fallmörkun og forsetningar nå, skal ha prøve. De treng slett ikkje vita kva det er, islandsk vert beint fram meir vanskeleg di meir eg lærer.  

Alt eg har lært!

Men eg har lært mykje. Nå i haust har eg lese yngre Edda, den såkalla Snorre-Edda, Vølsungasaga og er i ferd med å avslutta Laxdælasaga på tilnærma ( dei har fiksa litt på rettskrivinga) norrønt. Fæle folk desse islendingane på 1000-talet, ikkje at vi nordmenn var så mykje betre altså, desse i sogene var bare tredje generasjons innflyttarar til Island. Dei stel frå kvarandre, høgg kvarandre ned, brenn kvarandre inne, elskar, hatar og drit kvarandre ut. 

Drit og hevn

Å drita nokon ut eller rettare  å drite dei inne, er slett ikkje bare  uttrykk for å fornærma eller skjemma nokon ut, slik vi bruker ordet. Det er rett og slett å omringa huset til dei du er uven med, stenga alle dørene med våpen i hand slik at ingen kjem ut, i til dømes tre dagar. Sidan folk på tusentalet bare hadde utedo, slik nokre av dykk har på hytta i dag, vart dei  tvungne til å gjera frå seg inne. Som Kjartan Olafsson gjer i Laxdøla; "bannaði öllum mönnum útgöngu og dreitti þau inni þrjár nætur".(Mönnum her tyder både kvinner og menn, islandsk er eit patriarkalsk språk.)  

Sjølvaste Vatnajøkull


Dette var stor skam og vart sjølvsagt hevna med blod når kvinnene fekk eggja mennene til å gjera det som måtte gjerast. Det var kvinnene si oppgåve å eggje til hevn og mennene si oppgåve å utføre. 

Svartifoss, Skaftafell nasj.park

Moderne islendingar snakkar elles ikkje om drit. Drit finst bare i eitt ord,  nemleg fugladrit. Dermed fekk eg høve til å briljera med kunnskap om drit og  dritprat i Noreg, ikkje minst om omgreper " å drita ut", barenemnerdet. 

Siste, siste, aller siste

Eg er litt i tvil om kva eg skal gjera til våren, siste våren. Eg skal studera meir sjølvsagt, men tek ikkje fullt studium, (har eg nemnt at det er siste våren?) Vi må dra til alle stadene vi ikkje har vore, dra tilbake til dei stadene som var så fantastisk vakre,  og sjå alle fossane og fjella vi ikkje har sett, for det er fleire av dei. Dette tar sjølvsagt tid.

Bileta denne gongen er frå Skaftafell nasjonalpark og Takgil (Þakgil). Vi var ein tur der i

Utsyn mot Hjörleifshöfdi

oktober i fint ver som de ser, med vakre haustfargar. 

Oppsummering: politikk og vulkanutbrot m.m.m (med mykje meir)

Det er skrive ut val på ny regjering her på Island. Koalisjonsregjeringa heldt ikkje lenger og nyval vert 30. november. 

Det samlar seg lava under Svartsengi, og mange, svært mange, jarðskjalftafræðingar og allslagsfræðingar snakkar om at det kjem eit nytt utbrot, men dei veit ikkje heilt når, kanskje i kring 30. november?

 Desember kjem, før vi veit ordet av det, med jul, koret mitt har begynt på julesongane, og det vert siste Jólakötturinn, siste Grýla og siste juletretenning i sentrum og det vert rart.


Skaftafell nasj.park. Vatnajøkull er i bakgrunnen

fredag 13. september 2024

Haust i kjømda.

Hraunfoss på veg mot Husafell.
Vatnet kjem ut gennom hol i berget




 I dag morges lukta det svovel her... det har ikkje gjort det så ofte i det siste, men i dag altså, for å minna oss på kor vi er. Det siste vulkanutbrotet, det niande sidan 2021, som starta 22. august, slokna før veka var omme. Nå samlar det seg lava igjen under Svartsengi og vi veit ikkje kvar og når neste utbrot kjem. Men det kjem.


Rosa Charles Austin

Lenge sidan eg skreiv her sist  og det var deilig å vera heime i sommar. Temperaturar over 12 grader, vindstille, sol inn i mellom.
   Vener og familie - takk for at de tok dykk tid til oss.  Jordbær og rips, roser og blomar  eplekart og kirsebær, hengekøye og bad, alt som er gildt og fint. Nå er vi tilbake til 8-10 grader, skiftande skydekke og vind frå nord. Sommaren var ikkje noko særleg. Til og med islendingar klagar på sommaren her i Reykjavik, altfor mykje regn.


Trolsk - Torsmörk




  Ein fuchsia som eg har i potte ute, stod med knoppar i om lag ein månad før  dei opna seg,  sannsynlegvis fordi første kull knoppar rett og slett bles av tidlegare  i sommar. Den andre fuchsiaen har nekta å setja knoppar, ser ikkje vitsen.

 Eg har begynt på studiet att, det var verkeleg gildt. Dette semesteret skal eg ta det med ro, bare halv studieprogresjon. Eg tar setningafrædi der vi deler opp setningar i ledd og lagar tre av dei og  norrøn mytologi, heltesagn og middelalderlitteratur.

 Eg har problem med trea, men elskar det andre faget. Eg kjenner så mange av sogene frå barndommen, vi hadde ei bok som heitte Nordens demring der alle sogene til Snorre om gudar og jotnar var samla.

Rett nok bare kart på biletet. Men det er
mine eple

Det var slett ikkje lett å heita Idun då eg vaks opp på Kleppe, men heldigvis kunne eg slå i bordet med at eg hadde eit gudinnenamn og at Iðunn helt gudane unge med epla sine. (Genitivsforma av Iðunn er  Iðunnar, epli Iðunnar altså. Er det ikkje stas?)

Det er morosamt å sjå korleis norrøn mytologi lever og utviklar seg i populærkulturen i nåtida, Led Zeppelin "Immigrant song" vart skriven etter at bandet hadde vore på Island og er eit godt eksempel. 
Guden Tor  var viktig og blei dyrka mange stader i Noreg i si tid, bare sjå på stadnamna. På Island finn vi også mange stadnamn med Þór og han held populariteten. Det ligg ein norsk serie på Netflix som heiter Ragnarok der Tor er hovudperson. Den er frå "nåtida" frå ein liten tettstad, men følgjer overraskande godt opp eigenskapane til dei mytologiske karakterane hovudpersonane  skal vera nåtidsversjonar av. Lauritz/Loke er vel min favoritt.

Laurdagsbadet blei teke i
Husafell for nokre veker sidan.


 Serien sin "Tor"  er nokre gonger i (moderne) tvil om kallet sitt og vurderer fredsavtale med jotnane.  Tor i mytologien gjorde aldri det, han bare slengte hammaren.

Er det derfor Tor er så populær nå? Ønskjer vi oss ein sterk mann ( ja, mann!) som aldri er i tvil og som løyser alle problem raskt og effektivt med hjelp av vald? 

 Veit ikkje, men Marvel sin film: "Thor: Ragnarok" er pensum og eg tenkte eg skulle sjå litt på den når eg har jobba med trea...


Ha ei strålande helg!

onsdag 29. mai 2024

Lys og vår og nytt vulkanutbrot


Solnedgang
Eld og svovel 

Nytt vulkanutbrot i dag på nesten same stad som før og Grindavik er igjen evakuert. Heldigvis var det på dagtid og det kom slike advarande jordskjelv på førehand. Det er ikkje noko stas med vulkan lenger. Desse er for nære oss og syner oss kor farleg det kan vera. Utbrotet  i dag kjem dessutan med voldsomme mengder lava: 2000 kubikkmeter i sekundet ( det forrige var på omlag 500 km pr sekund), kjem opp frå ei sprekk på nærare fire kilometer, det kjem kraftige eksplosjonar når lavaen treff grunnvatnet. Her er lenke til bilete frå RUV islandsk kringkasting. Skikkeleg skummelt er det. Og når så mykje lava kjem opp vert det tomrom der nede då? Nokon som veit?

Katt i solnedgang


og eg kjem opp for luft...

Eksamen er overstått, alt er overstått og har stort sett gått betre enn eg trudde, gode

Glymurfossen

karakterar har eg fått og nå har eg 120 studiepoeng i islandsk som anna språk.Eg har verkeleg jobba mykje med dette. Eg er så glad i å læra, det er så kjekt å gå på skule, det er slik stas å vera saman med andre studentar som held på med det same som meg. Nokre av oss har laga ei gruppe på Whatsapp  der vi hjelper kvarandre, svarer på spørsmål og slikt: " Simply the best"  heiter vi, etter ein ikkje ukjent Tina Turner hit. Gruppa er samansett av Mashiho frå Japan, Katja frå Tyskland, Kaisu frå Finland og så meg då, aldersspreiing frå 25 til pensjonist ( meg). Dette er smarte damer og vi har hjelpt kvarandre mykje i eksamensførebuingane.  

    Ja, det er gøy og læra og nei, eksamen er  fælt og det gløymer eg kvar gong. Har hatt fire eksamenar nå i vår, og har skrive mange, lange oppgåver om islandsk historie og  om alvar og troll, og ikkje minst spøkelse, utruleg spennande. To av dei var skuleeksamenar, ein i beygingarfræði, altså bøyevitskap - vitskapen om å bøye, t.d. verb, substantiv, pronomen, adjektiv. Som de etterkvart forstår kan og skal absolutt det meste  bøyast på islandsk,  på denne eksamenen fekk  eg  fullt hus,  og ein i málnotkun som også gjekk bra. Málnotkun handlar også mykje om grammatikk, og om korleis ein bruker språket. Der plar folk stryke. 

    Eg var ferdig på bursdagen min, og har registrert meg for nye studier til hausten. Nå vert

Alltid fleire fjell

det islandsogene, Laksdøla soga og alt det der. Eg har lese alt for få av dei. Vi skal visst lesa dei i original, og det vert og ei utfordring, språket her har også utvikla seg sidan 1300-talet då dei blei nedskrivne. Meir komplisert grammatikk før i tida sjølvsagt, dei nytta til dømes total (2tal), altså verb og pronomen (
 minst ?vart bøygde ettersom det var ein, to eller fleire enn to det handla om. Nå har vi eintal og fleirtal og på Snorre si tid hadde dei eintal, total og fleirtal.

Heim til hagen

Skal til Noregs ganske snart. Gler meg til å lukte på rosene mine og luka ugras. Mykje zen og meditasjon i luking og hagearbeid, de burde prøva. Eg hadde 
nokre augneblikk av rein lukke då eg i si tid planta ein liten rosehekk i
Meir katt i solnedgang

silande plaskregn, eg stod der i gummistøvlane mine og såg for meg rosene og  godlukta som kom til å koma i framtida. Rose de Rescht var det, dei har aldri skuffa meg. friske og fine, blomsterrike og velduftande. 
    Her  i Reykjavik har eg  bare fem små blomkarsespirer, to pjuskete fuchsia som tykte det var fælt og skummelt å koma ut, og ei georginerot som har sendt ei forsiktig spire opp i nordavinden. Vi får sjå.

Fest og fart og stor stas

Syttende mai var gildt og moro som alltid. Det var kaldt, sju plussgrader og sur vind, men eg

hadde stillongs og ulljakke i toget så vi greidde oss. Eg song meg såpass opp i toget, (med å ropa hurra), at eg greidde å følgja Islands nasjonalsong heilt opp. " O Guð vors lands" går over meir enn to oktavar, " Ja vi elsker " er ingenting i forhold, " den saganatt som senker" (der så mange går ned ein oktav) er bare pinøtts!
Vi har vore på besøk hos presidenten også nå i det siste, saman med mange andre då.  Guðni Th. Johansson er ein triveleg og svært sympatisk mann, men etter åtte år ville han ikkje vera president lenger. Det skal veljast ny og valet er alt 1. juni. Det har vore mange som har bode seg fram og nå står det mellom tre kvinner og to menn. Katrin Jakobsdotter som sat som statsminister inntil nyleg, er vel ho dei fleste tipper på. Det vert spennande.


fredag 1. mars 2024

Medan vi ventar på vulkanen kan vi jo snakka om troll.

     

Til høgre for det pyramideforma fjellet kjem sannsynlegvis neste utbrot

Det bygger seg opp under Svartsengi. Det skal ha samla seg ufattelege ni miilionar kubikkmeter lava der og eldfjallafræðingarnir meiner det vert vulkanutbrot veldig snart. Når det kjem så kjem det fort. Akkurat nå er det nokså stilt med jordskjelv  i Reykjanes-området. Dei bygger opp lengre og høgare sikringsvollar, men det er usikkert kor utbrotet kjem, det kan koma innanfor vollen.  Som vi alle har forstått er et slutt på turistvulkanane, dei som låg i passe gangavstand frå 

Utbrotet i januar

parkeringsplassen, låg i øydemark, var fine å sjå på og utan giftige gassar.

    Men turistar leiger seg rom på hotellet ved Blue Lagoon og fer inn på lavaen for å ta bilete, lavasjølvi. Dette er farleg, det er store sprekker i området som er dekka av snø, folk ramlar rett ned. Det er heller ikkje trygt å bu på hotell ved Blue Lagoon dersom det vert utbrot, eg skjønar eigentleg ikkje at dei torer å halda det ope nå. 

I tillegg er det respektlaust overfor grindavikingane som vart tvungne til å forlata hus og heim i november. Deira ulukke vert andre si underhaldning. Grindavikingane får elles erstatning nå, dei får branntaksten på husa. Sjølvsagt ikkje nok, men det er noko.


Draugar, troll, alvar og underjordiske
Tjörnin i motlys

    er blitt ein stor del av livet mitt nå. Dei må sjølvsagt dela plass og tid med blant anna landnåmsmennene, Jon Sigurdsson og kampen for sjølvstende på Island, grammatikk og islandske kommareglar, (dei bruker omtrent ikkje komma!) og mykje anna. 
    Eg har nemleg draugar, troll, alvar og underjordiske som fag! S
øndag skal eg levera ei oppgåve om troll og trollkjerringar før og nå.  De trudde kanskje alle troll var borte? Ha!
Eg er ferdig med oppgåva og leitar bare etter fleire grammatikkfeil, og det er alltid fleire grammatikkfeil. Nå blei det tid til å skriva her.
    Faget heiter: Íslenskar þjóðsögur og þjóðtrú, folkesagn,-eventyr og folketru altså. Vi har ein veldig inspirerande og flott lærar som gjev oss haugevis med oppgåver. Oppgåvene er både morosame og utfordrande. Eg har mellom anna laga video om underjordiske som (kanskje) bur i ein haug på folkemuseet og intervjua ei dame, utdanna lege,  som trur på alvar, er sanndrøymt og synsk. Nå skal eg prøva å laga teikneserie. Eg kan vel eigentleg ikkje teikna, men eg har ein idé som eg trur er god. Prøver å vera Pippi, dette har eg ikkje gjort før, så det går sikkert bra.
Fuglar på Tjörnin
    Draugar er ikkje det same som draugen i Noreg. Det var bare ein draug, var det ikkje? Draugar er spøkelse av forskjellig slag,  afturgangur som er  døde som har noko ugjort, dei liknar kanskje mest på dei i "Åndenes makt" på TVNorge. 
    Utburder er barn fødd i løynd som mora bar ut for å la dei døy, dette barnet kjem tilbake og hemner seg på mora. Det er mange soger om utburder på Island, livet var hardt, kanskje spesielt for kvinner. 
    Og så har vi sendingar, dei er skumle. Sendingar  er døde som vert vekte opp av ein galdramann eller trollmann. Sendingen var ein slags zombie, han vart sendt ut på oppdrag for galdramannen, han kunne til dømes ta livet av folk. Alle desse draugane har framleis ein "kropp", vi er altså langt borte frå kalde gufs og laken som svever, desse draugane er både fysiske og handlekraftige.
    Det er i det heile ein utruleg variasjon i fæle vesen og uvesen her på Island. Trolla tar ikkje bare kongsdøtre inn i fjellet til seg, dei ligg på lur i hamrar og kløfter og jaktar på folk. Gryla er jo verst, ho et jo barn, men det fanst også troll som bare åt prestar, tenk litt på det.
    Mykje å læra som de forstår, og eg har ikkje eingong begynt på trolldomssoger og fabeldyr.


Ski i Blåfjell       

Vaffelpause
Sidan sist har eg gått på ski, for første gong på meir enn 
femten år. Vi lånte utstyr på ei 
skihytte og gjekk ein tur i strålande ver.
 Løypene var fantastisk fine. I min barndom på Jæren var det knapt snø og slett ikkje løyper. Det var tallause steingardar som måtte klatrast over. Utstyret var arva treski og beksaumstøvlar som eg hugsar som svært tunge, og det er nok rett.
Som de skjønar blei det lizm aldri nokon Johaug av meg.  Men i Blåfjell var det kjekt å gå på ski. 
 Vafler fekk vi også.

Noko heilt, heilt anna...

     Når eg skriv dette er det første mars og det er ein svært viktig dag på Island. Det er nemleg bjórdagurinn eller øldagen. På denne dagen i 1989 blei det lov å selja øl på Island. Rett nok bare på polet, Vinbúðin som det heiter, men likevel. Dette har eg gjort greie for i detalj tidlegare , svært detaljert faktisk, lærerikt også, les og lær.
     Det som er sikkert er at det vert haugar med glade folk på by'n i dag for å feira.

Hugs øldagen, pass dykk for draugar og ha ei vidunderleg helg!

mandag 18. desember 2023

Snart jul og katta er på plass i byen

 

Korte dagar, men det finst lys

Jólakötturinn er på plass i byen og koret mitt øver julesongar. Vi skal heim til jul og feira kort og voldsomt heime.

Eksameneksameneksamen

Eg har hatt eksamenar, skule- og heime, og har skrive 1500 ord om ei bok vi har lese. Eg får


OK karakterar og merker at det framleis er viktig for meg å gjera det godt på skulen. Rare greier, eg gjer då bare dette for meg sjølv? 
 I januar byrjar vi igjen, mellom anna med Þjóðsögur og þjóðtrú, folketru og -soger altså, veldig spennande fag, tykkjer eg.  Her har læraren alt lagt ut oversyn og program og det er klinkande klart at dette er ei dame med ambisjonar på våre vegne. Vi får verkeleg fordjupa oss i huldufolk, álfar, gryler og det som verre er, (jólakötturinn til dømes), dei har trudd på mykje rart her på øya.

Jordskjelv og vulkan

 - blei det lite av. Alle massemediafolk som ønska seg fart og eldmørje er reist. Igjen sit folk i Grindavik og er heimlause. Nokre har fått huset heilt øydelagd, andre har nokså uskada bustad, men er utan kloakk og vatn. Huslåna er dei same, og det kostar å pendla lenger til jobb, det tar på familien å vera gjest hos andre og det er sjølvsagt  vanskeleg for barna i ny skule.  
Vi fylgjer nøye med på jordskjelvmålingane, men nå er det nokså roleg, bare småskjelv. Jardskjalftafræðingur, ( eit ord å læra seg, gidd ikkje omsetja, såpass må de skjøna,)seier at det er sannsynleg at vi går inn i ein periode med mykje jordskjelv og vulkanutbrot, ( slik det var for 800 år sidan),  og det er uvisst når utbrota kjem.


Senn koma jólin


"Ingen kommer undan politiken" song Marie Bergmann i si tid, fritt  omsett frå fransk. Akkurat det har eg tenkt å gjera denne gongen, verda og røynda er for forferdeleg nå, grammatikken derimot. Ingen kommer undan grammatikken. 
På islandsk er ordet jól eit inkjekjønns fleirtalsord. Ordet finst altså ikkje i eintal, er ikkje det rart? Tenk litt på det. Dermed må vi altså bøya verbet i fleirtal når vi snakkar om jula på islandsk. Verbet koma vert bøygd kemur i 3. pers eintal, men senn koma jólinn í húsið mitt, i fleirtal altså.
Ikkje så mykje jul i mitt hus, men glitrande lys ute for å halda skammdegisþunglyndið borte og  humøret oppe.


Oslotreet

 - blei kveikt første søndag i advent.  I mange år blei det 
hogd eit vakkert tre i oslomarka som 
Oslotreet står ved Alltinget og skin.

så fekk reisa med båten heilt til Island, det var jo ikkje så mykje tre på Island. 
 Nå vert oslotreet hogd i Heiðmörk utanfor Reykjavik. Eit stort og flott tre står nå og  skin og glitrar ved Alltinget. 
Skogen i Heiðmörk er i seg sjølv eit vakkert resultat av norsk-islandsk samarbeid i skogplanting og skogrøkt. Dette samarbeidet feirar 75 år i 2024 og her kan de lesa meir om det 
I staden for juletre får Reykjavik nå ei bokgåve til skulebiblioteka i byen.

Vi drar til Noregs i morgon ( de hugsar sjølvsagt at til tar genitiv?), men er tilbake her i romjula.
Dei har ikkje noko ord for romjul på islandsk, det er kanskje derfor dei må ha jula i fleirtal? Kan det vera noko der?

Gleðelig jól!

mandag 6. november 2023

Jordskjelv og fyllidreifing i vest-grønlandsk



Haust i Heidmørk


Det har vore ein usedvanleg vakker haust. Eit stabilt høgtrykk over Grønland har halde oss med sol, vindstille og  svært lite nedbør. Heilt annleis enn griseveret de har hatt der heime i Noreg.


Vakre hestar, nærleiken av Thorlakshøfn

Men vi rister, det er svært mange jordskjelv nå, og lavaen ligg slik fire km under jordskorpa. Dette er i nærleiken av Grindavik. Det er mest der det ristar. Vi merker ikkje særleg i Reykjavik.

 Denne gongen handlar det visst ikkje om ein passeleg liten vulkan i gangavstand frå parkeringsplassen.

 Nei , det handlar om ein som ligg svært nær infrastruktur. Rett borti høgget frå Blå lagune og frå varmekraftverket som held over 30 tusen med straum og varmt vatn. 

Landet hever seg på grunn av det store trykket nedanfrå.

Vedurstofa Íslands byr på jordskjelvmålingar, og nå såg eg det var ein for tre kvarter sidan på

Slike lavalandskap er svært vakre,
på ein nesten brutal måte

3,5. Søndag som var, var vi oppe i over fire. 

Det er veldig spennande dette, voldsomme krefter. Sjølvsagt håper vi at det ikkje går ut over

folk og verksemder. Ganske dramatisk om det går ut over flyplassen, eller lavaen renn over vegen eller...

 I eit bilete under her ser det korleis det dampar og spruter opp frå jorda.


De ser korleis det dampar? Frå Hellisheidi.





Ho som vann Nordisk råds barnebokpris i år, vann han for ei bok om Eldgos, vulkanar altså. Rán Flygenring heitte ho, norsk-islandsk.  Reknar med det var bok om ein av dei små, fine i-passeleg-avstand-frå-parkeringsplassen-vulkanane, dei som vi tykkjer er kule og bra for turistindustrien.



Også denne fyllidreifinga då, dagens ord!

Høyrest verre ut enn det er, det handlar beint fram om fonetikk, det heiter komplementær distribusjon og tyder at eit fonem kan opptre på forskjellige måtar, høyrast forskjellig ut altså,  etter kva slags miljø dei er i , altså kva slags lydar som kjem før og etter. Sidan vi nå er på Island må eg læra mange nye begrep: fonetikk heiter hljóðkerfisfræði, og akkurat denne velsigna fyllidreifinga i vestgrønlandsk fann eg faktisk ut av. 
Det er vel dagens ord dette? Fyllidreifing? Skal uttalast [fitlidreivɪɲ], ja, vi driv med lydskrift også.

Men det er gildt å vera student! Gildt og mykje arbeid,  prøver og snart eksamen, og sjukt vanskeleg  grammatikk, og kvifor gjer eg nå dette, eg som kunne tatt det med roooooooo. 

Vi kliner til med nokre fleire hestar her til slutt. Desse er frå Vik i Myrdal og skulle flyttast frå eit beite til eit anna. Er dei ikkje fine?




fredag 25. august 2023

Esja - små turar kring Reykjavik, ting vi kan tenkje på, passeleg med sjølvskryt (i kursiv)


Søndagstur på Esja

 Esja er byfjellet vårt, staseleg og vakkert legg det seg nordom byen og verner mot den verste nordavinden. Gode Esja! Elles veit vi neimen ikkje korleis det hadde gått, her i Reykjavik bles det frå absolutt alle kantar.

Søndagsturen går du på Esja, fjellet er 914 høgt, men vi går til Steinn (uttale steidn), som ligg på 797. Du går opp frå parkeringsplassen og kan velja ei kort rute som går rett opp , eller ei litt lenger som lar deg få høgdemetrane meir skånsamt.


Vi starta med friskt mot, rett opp. Vi hadde nett gått 15 km i Landmannalaugar, ein tur som var rekna til 6-8 timar gjekk vi på 4t og 45min. så vi trudde vi var spreke.. Men desse høgdemetrane var meir ugreie enn vi ante.

Mann ved godt mot - tidleg

Vi peste oss oppover og kom opp, men utan den store jubelkjensla.

Nå har vi begynt med intervalltrening på tredemølla på World Class. Det må gjerast noko med oksygenopptaket.


Men det er jo fint der oppe, vakker utsikt og mangt å sjå. Og så kan vi tenkje litt

Mann tar bilete av dame som tar bilete


Dronning Margrethe

Vi kan f.eks tenkje litt på dronning Margrethe, ho i Danmark, veit de. I 1954 då ho var prinsesse, fekk ho ein plastbolle oppkalla etter seg. Rosti heiter firmaet som har produsert det dei kallar den "ikoniske Margrethe-skål". I 1954 var ho bare 14 år, stakkars Margrethe. De hugsar kanskje korleis det var å vera fjorten år? Litt for høg eller for låg, for tynn, litt kviser?  Ille nok vera prinsesse og fjorten år,  men å måtte få ein plastbolle oppkalt etter seg, om aldri så ikonisk, kan du tenkje deg? Bollen er elles grei nok, han avløyste den eg kjøpte då eg flytta på hybel for stygglenge sida som hadde begynt å lekka. Margrethe-bollen er brun og stødig, og kan sannsynlegvis gå i arv i fleire generasjonar.

Sjølvskryt ( i kursiv)

Skrytet kjem til sist, så de treng ikkje lesa det. Mange av dykk veit at eg søkte på studiet Bachelor i  Íslensku sem annað mál i Haskoli Íslands (Universitetet på Island) i vår. Eg måtte ta språktest, litt grunnleggjande kunnskap må du ha, og det gjekk bra, eg fekk 93,6 av 100 oppnåeleg poeng. Det var jo flotte greier. Så kom det utover i juli ein e-post frå instituttet om at dei som kunne ein del islandsk frå før, kunne ta eksamenane frå 1. år i løpet av tre dagar før studiestart, og hoppa over første klasse, Dermed var vi  ti - tolv personar som stilte med nykvessa blyantar, og varierande nivå av sjølvtillit for å prøva oss. Dei fleste hadde budd lenge på Island. Men vi var bare tre stk som greidde testen og gjekk rett i 2. klasse, to tyske damer også eg. Ho eine tyske var utvekslingsstudent og ho andre hadde også bare budd her i to år, slik som eg, men eg trur nok vi tre hadde eit fastare grep om grammatikken enn dei andre. Nå er eg då 2. årsstudent, skriv oppgåve om bøying av inkjekjønnsord i noko som heiter beygingarfræði som tyder bøyingsvitskap. Bøyer eg nok og rett, kan eg kanskje bli beygingarfræðingur, (bøyespesialist?)og det er også noko å tenkja på. Men litteratur er jo svært gildt og rosaleg gaman, og det gler eg meg til å halda på med. I morgon skal vi lesa vakre dikt.

fredag 21. juli 2023

Vestfjordane - vidunderlege Hesteyri og hekseri i Holmavik

Hesteyri, fråflytta idyll

Hesteyri er ei lita bygd ein halvtime med båt nord for Isafjord, i Hornstrandir. Dit drog vi i sprakande solskin og tosifra gradetal. 


Doktorhuset er det kvite





Bygda blei fråflytta i 1952, og seinare har folk budd der bare om sommaren. Då bygda var på sitt mest blomstrande budde det 80 personar her, Det var eigen doktor, skule - også for bygdene i kring og ein fabrikk der dei kokte kvalolje. Den var det ein nordmann som hadde starta og dreiv. Fabrikken og eigaren gjorde mykje godt for bygda. Han bygde mellom anna kyrkje der.







Ein foss må det vera, minst ein

Vidunderleg vakkert

Men det var inga kyrkje på øya då vi var der... det synte seg at biskopen  - eg hugsar ikkje når eller kven -  hadde "gitt " bort kyrkja til Sudavik, sjølv om det ikkje var hans kyrkje å gi bort. 

Då vi kjørte sørover såg vi denne kyrkja, og fekk teke bilete av tjuvgodset. (bilete lenger nede)


Utsyn over Hesteyri

Men øya blomstrar utan folk, frodig og grønt var det. Husa som var att var velhaldne. Mange hadde demontert husa og tatt dei med seg, slik at bare grunnmuren stod att. Doktorhuset er kafe der det vert servert kaker og kaffi. Mange drar dit for å gå tur, og du kan telta i området. 

Rabarbraen stod fint, det er den og rips som kjem i staden for epler og pærer og plommer og slikt som eg har i hagen heime. Også veks det mykje kvann  (Angelica archangelica) der. Det gjer det rundt forbi i Reykjavik også



Rvetispa

Polarreven såg vi. Spesielt ei revetispe som var kjent for å lika å posera, Ho var litt stygg i pelsen fordi ho veksla frå vinter til sommarpels, men vi kom ganske nær henne. Sommarpelsen er mørkebrun,

Vi såg fleire sel i fjorden og mykje ærfugl.


Her er kyrkja som vart stolen frå Hesteyti og gitt til Suðavik. Høyrt slikt?

Då vi kjørte gjennom Sudavik sprang eg over vegen for å få tatt bilete av den stolne kyrkja.

Holmavik

I Holmavik overnatta vi på eit gjestehus der vi måtte vera inne før 23 for då låste dei dørene. Vi rakk det. Fin terrasse med utsikt over fjorden. Vi smugla ut litt vin og sat og naut den vakre sommarkvelden
Utsikt frå verandaen i Holmavik


Det er eit museum for trolldom og hekseri  i Holmavik  som vi besøkte dagen etter:   Galdrasyning.  På Island var det flest menn som vart klaga for hekseri, ikkje kvinner slik som .t.d. i Noreg. Mange som blei trete for retten for trolldom, kom nettopp frå Vestfjordane. Totalt 170 personar vart anklaga for trolldom i  denne perioden. Det er også i nord ein nå finn mest tru på alver og huldufolk - altså dei underjordiske.
Frå 1625 til 1683  vart det avretta 20 menn og ei kvinne på grunn av trolldom og hekseri, dei blei stort sett brende. Trolldom på Island hadde meir med kunnskap om og kjennskap til runer og heidenske ritual å gjera enn i Noreg. Dette kan vera ei forklaring eg på kjønnsforskjellen.
Noko av det verste som er utstilt der er ein kopi (? -  håper eg ...) av skinnet av ein flådd mann. Altså dersom du flådde eit komplett mannelik frå armholene og nedetter og tok på deg dette skinnet så kom du til å bli rik eller noko. Det burde du bli, meiner eg, tenkje seg til etter den jobben. Eg veit ikkje om du måtte gå tre gonger motsols i eit vegkryss, ei torsdagsnatt medan du las Fadervår baklengs i tillegg, men då burde du jafall bli rik.

Måkemøte - her vert det fatta ein avskyresolusjon mot nedlegging av rekefabrikken


Holmavik hadde hatt ein rekefabrikk fram til eit par dagar før vi kom, men den var altså nedlagt. Vi hadde verkeleg gledd oss til desse rekene, nå var det bare å dra heim.

 




Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...