![]() |
Hraunfoss på veg mot Husafell. Vatnet kjem ut gennom hol i berget |
I dag morges lukta det svovel her... det har ikkje gjort det så ofte i det siste, men i dag altså, for å minna oss på kor vi er. Det siste vulkanutbrotet, det niande sidan 2021, som starta 22. august, slokna før veka var omme. Nå samlar det seg lava igjen under Svartsengi og vi veit ikkje kvar og når neste utbrot kjem. Men det kjem.
![]() |
Rosa Charles Austin |
Lenge sidan eg skreiv her sist og det var deilig å vera heime i sommar. Temperaturar over 12 grader, vindstille, sol inn i mellom. Vener og familie - takk for at de tok dykk tid til oss. Jordbær og rips, roser og blomar eplekart og kirsebær, hengekøye og bad, alt som er gildt og fint. Nå er vi tilbake til 8-10 grader, skiftande skydekke og vind frå nord. Sommaren var ikkje noko særleg. Til og med islendingar klagar på sommaren her i Reykjavik, altfor mykje regn.
![]() |
Trolsk - Torsmörk |
Ein fuchsia som eg har i potte ute, stod med knoppar i om lag ein månad før dei opna seg, sannsynlegvis fordi første kull knoppar rett og slett bles av tidlegare i sommar. Den andre fuchsiaen har nekta å setja knoppar, ser ikkje vitsen.
Eg har begynt på studiet att, det var verkeleg gildt. Dette semesteret skal eg ta det med ro, bare halv studieprogresjon. Eg tar setningafrædi der vi deler opp setningar i ledd og lagar tre av dei og norrøn mytologi, heltesagn og middelalderlitteratur.
Eg har problem med trea, men elskar det andre faget. Eg kjenner så mange av sogene frå barndommen, vi hadde ei bok som heitte Nordens demring der alle sogene til Snorre om gudar og jotnar var samla.
![]() |
Rett nok bare kart på biletet. Men det er mine eple |
Det var slett ikkje lett å heita Idun då eg vaks opp på Kleppe, men heldigvis kunne eg slå i bordet med at eg hadde eit gudinnenamn og at Iðunn helt gudane unge med epla sine. (Genitivsforma av Iðunn er Iðunnar, epli Iðunnar altså. Er det ikkje stas?)
Det er morosamt å sjå korleis norrøn mytologi lever og utviklar seg i populærkulturen i nåtida, Led Zeppelin "Immigrant song" vart skriven etter at bandet hadde vore på Island og er eit godt eksempel.
Guden Tor var viktig og blei dyrka mange stader i Noreg i si tid, bare sjå på stadnamna. På Island finn vi også mange stadnamn med Þór og han held populariteten. Det ligg ein norsk serie på Netflix som heiter Ragnarok der Tor er hovudperson. Den er frå "nåtida" frå ein liten tettstad, men følgjer overraskande godt opp eigenskapane til dei mytologiske karakterane hovudpersonane skal vera nåtidsversjonar av. Lauritz/Loke er vel min favoritt.
![]() |
Laurdagsbadet blei teke i Husafell for nokre veker sidan. |
Serien sin "Tor" er nokre gonger i (moderne) tvil om kallet sitt og vurderer fredsavtale med jotnane. Tor i mytologien gjorde aldri det, han bare slengte hammaren.
Er det derfor Tor er så populær nå? Ønskjer vi oss ein sterk mann ( ja, mann!) som aldri er i tvil og som løyser alle problem raskt og effektivt med hjelp av vald?
Veit ikkje, men Marvel sin film: "Thor: Ragnarok" er pensum og eg tenkte eg skulle sjå litt på den når eg har jobba med trea...
Ha ei strålande helg!