![]() |
Korte dagar, men det finst lys |
Jólakötturinn er på plass i byen og koret mitt øver julesongar. Vi skal heim til jul og feira kort og voldsomt heime.
Eksameneksameneksamen
Eg har hatt eksamenar, skule- og heime, og har skrive 1500 ord om ei bok vi har lese. Eg får
OK karakterar og merker at det framleis er viktig for meg å gjera det godt på skulen. Rare greier, eg gjer då bare dette for meg sjølv?
I januar byrjar vi igjen, mellom anna med Þjóðsögur og þjóðtrú, folketru og -soger altså, veldig spennande fag, tykkjer eg. Her har læraren alt lagt ut oversyn og program og det er klinkande klart at dette er ei dame med ambisjonar på våre vegne. Vi får verkeleg fordjupa oss i huldufolk, álfar, gryler og det som verre er, (jólakötturinn til dømes), dei har trudd på mykje rart her på øya.
"Ingen kommer undan politiken" song Marie Bergmann i si tid, fritt omsett frå fransk. Akkurat det har eg tenkt å gjera denne gongen, verda og røynda er for forferdeleg nå, grammatikken derimot. Ingen kommer undan grammatikken.
Jordskjelv og vulkan
- blei det lite av. Alle massemediafolk som ønska seg fart og eldmørje er reist. Igjen sit folk i Grindavik og er heimlause. Nokre har fått huset heilt øydelagd, andre har nokså uskada bustad, men er utan kloakk og vatn. Huslåna er dei same, og det kostar å pendla lenger til jobb, det tar på familien å vera gjest hos andre og det er sjølvsagt vanskeleg for barna i ny skule.
Vi fylgjer nøye med på jordskjelvmålingane, men nå er det nokså roleg, bare småskjelv. Jardskjalftafræðingur, ( eit ord å læra seg, gidd ikkje omsetja, såpass må de skjøna,)seier at det er sannsynleg at vi går inn i ein periode med mykje jordskjelv og vulkanutbrot, ( slik det var for 800 år sidan), og det er uvisst når utbrota kjem.
Senn koma jólin
"Ingen kommer undan politiken" song Marie Bergmann i si tid, fritt omsett frå fransk. Akkurat det har eg tenkt å gjera denne gongen, verda og røynda er for forferdeleg nå, grammatikken derimot. Ingen kommer undan grammatikken.
På islandsk er ordet jól eit inkjekjønns fleirtalsord. Ordet finst altså ikkje i eintal, er ikkje det rart? Tenk litt på det. Dermed må vi altså bøya verbet i fleirtal når vi snakkar om jula på islandsk. Verbet koma vert bøygd kemur i 3. pers eintal, men senn koma jólinn í húsið mitt, i fleirtal altså.
Ikkje så mykje jul i mitt hus, men glitrande lys ute for å halda skammdegisþunglyndið borte og humøret oppe.
Oslotreet
- blei kveikt første søndag i advent. I mange år blei det
hogd eit vakkert tre i oslomarka som
så fekk reisa med båten heilt til Island, det var jo ikkje så mykje tre på Island. Nå vert oslotreet hogd i Heiðmörk utanfor Reykjavik. Eit stort og flott tre står nå og skin og glitrar ved Alltinget.
![]() |
Oslotreet står ved Alltinget og skin. |
så fekk reisa med båten heilt til Island, det var jo ikkje så mykje tre på Island. Nå vert oslotreet hogd i Heiðmörk utanfor Reykjavik. Eit stort og flott tre står nå og skin og glitrar ved Alltinget.
Skogen i Heiðmörk er i seg sjølv eit vakkert resultat av norsk-islandsk samarbeid i skogplanting og skogrøkt. Dette samarbeidet feirar 75 år i 2024 og her kan de lesa meir om det
I staden for juletre får Reykjavik nå ei bokgåve til skulebiblioteka i byen.
Vi drar til Noregs i morgon ( de hugsar sjølvsagt at til tar genitiv?), men er tilbake her i romjula.
Dei har ikkje noko ord for romjul på islandsk, det er kanskje derfor dei må ha jula i fleirtal? Kan det vera noko der?
Gleðelig jól!