Søndagstur på Esja
Esja er byfjellet vårt, staseleg og vakkert legg det seg nordom byen og verner mot den verste nordavinden. Gode Esja! Elles veit vi neimen ikkje korleis det hadde gått, her i Reykjavik bles det frå absolutt alle kantar.
Søndagsturen går du på Esja, fjellet er 914 høgt, men vi går til Steinn (uttale steidn), som ligg på 797. Du går opp frå parkeringsplassen og kan velja ei kort rute som går rett opp , eller ei litt lenger som lar deg få høgdemetrane meir skånsamt.Vi starta med friskt mot, rett opp. Vi hadde nett gått 15 km i Landmannalaugar, ein tur som var rekna til 6-8 timar gjekk vi på 4t og 45min. så vi trudde vi var spreke.. Men desse høgdemetrane var meir ugreie enn vi ante.
![]() |
Mann ved godt mot - tidleg |
Vi peste oss oppover og kom opp, men utan den store jubelkjensla.
Nå har vi begynt med intervalltrening på tredemølla på World Class. Det må gjerast noko med oksygenopptaket.
Men det er jo fint der oppe, vakker utsikt og mangt å sjå. Og så kan vi tenkje litt
![]() |
Mann tar bilete av dame som tar bilete |
Dronning Margrethe
Vi kan f.eks tenkje litt på dronning Margrethe, ho i Danmark, veit de. I 1954 då ho var prinsesse, fekk ho ein plastbolle oppkalla etter seg. Rosti heiter firmaet som har produsert det dei kallar den "ikoniske Margrethe-skål". I 1954 var ho bare 14 år, stakkars Margrethe. De hugsar kanskje korleis det var å vera fjorten år? Litt for høg eller for låg, for tynn, litt kviser? Ille nok vera prinsesse og fjorten år, men å måtte få ein plastbolle oppkalt etter seg, om aldri så ikonisk, kan du tenkje deg? Bollen er elles grei nok, han avløyste den eg kjøpte då eg flytta på hybel for stygglenge sida som hadde begynt å lekka. Margrethe-bollen er brun og stødig, og kan sannsynlegvis gå i arv i fleire generasjonar.