![]() |
Vakre landskap på vegen |
Det er ofte betre ver nordover på Island. Ekte islendingar følgjer med på Vedurstofa Islands og drar dit det er sol.
Det fann vi også ut at vi ville gjera. Vi har vore i Akureyri, men bare veldig kort, og det er mykje fint å sjå på vegen. Vi pakka dei heilage tre tøy: regn-, ull - og bade- og drog avgarde ein vakker dag med sol og vind.
På vegen til Akureyri kom temperaturen opp i 13 grader.
![]() |
Biskopen sin bustad |
Hólar var eit makt- og kultursentrum på Island tilliks med Skålholt og biskopane i Holar var mektige menn. Biskopar var sjølvsagt bare menn før.
Den første bibelen på islandskblei trykt her i 1644 av Gudbrandur Thorlaksson. Før den tid fanst bare evangelia på islandsk, omsett av denkatolske biskopen Jon Arason somogså var biskop på Hólar.
Jon Arason var den siste katolske biskopen på
![]() |
Interiør frå kyrkja |
Dette at bibelen blei omsett til islandsk gjorde nok svært mykje til at det islandske språket blei bevart.
Kyrkja på staden er frå 1763, men det har vore
![]() | ||
|
kyrkje der frå 1100-talet.
Det gamle bispesetet Holar er også ein høgskule. Her vert det undervist i hest, fisk og turist.
Vi såg nokre nydelege hestar med føl, og ho som synte oss rundt var lektor på turist. Vi såg ingen fiskar der.
Akureyri
Endeleg fekk vi bada. Forest lagoon eller![]() |
Skogarbad i motlys |
Og i Akureyri ligg Islands eldste. Her fann eg
ein skikkeleg syrin i fjor - Syringa vulgaris. Liten og puslete var han, men det var ein ordentleg syrin som duftar slik syrin skal dufta. Reykjavik er full av tullesyrin med litt slik vammel lukt, det er ein eller annan krysning. Det er bare i Akureyri eg har funne skikkeleg syrin.