![]() |
Gammal slipp for fiskebåtar under restaurering - Ægissida |
Skitvedur! Det har snødd og smelta igjen oppå hålka, vinden bles sånn passe, 16 m i sekundet med sludd Eg har motvind når eg går til butikken, og gler meg til medvinden når eg skal gå tilbake. Sa nokon små gleder? Når eg då kjem ut av butikken og går heimetter, pisker sludden meg like forbanna i ansiktet.
Er det meining i slikt? Vedurstofa Islands har ikkje sagt at vinden skal snu, forferdeleg irriterande.
Motvind i alle retningar, kan eg ta dette personleg? Sjølvsagt kan eg det.
Eg er blitt sabla god på pingvingange. Eg gidd ikkje klampa rundt på brodder på glattå her, men ekvilibrerer altså med pingvingangen min. Det handlar om å ha lågt tyngdepunkt - mjuke kne, eventuelt med knekk - armane litt ut frå kroppen og små steg. Slik tripper eg uskadd overalt på isen.
Mörgæs og bakkekontakt
Pingvin heiter mörgæs på islandsk. Det er eit hokjønnsord, og kan sjølvsagt bøyast i alle former og tal, skulle bare mangle. Ordet er langt i frå like nyttig som skitveður, lær dykk endeleg det ordet så fort som mogleg. Slik kan de ha ei kjensle av at de er med på å snakka om veret når de sit i heitapottur på Island, sei "Skitvedur" og nikk tenksamt. det er nesten alltid relevant.
![]() |
Ægissida - skal bli sjøbad her også |
Vi nærmar oss slutten på Þorra og vinden har nå aukt til 21 m i sekundet. Heldigvis har isen smelta, elles hadde eg flagra avgarde.. Kan sjølvsagt angre på at eg ikkje har ete meir kake og derfor fort kan bli for lett for Islandsk ver. Sjokolade og snop - nammi på islandsk er nemleg billegare enn heime, det er ikkje særleg sukkerskatt her. I tillegg har dei danske konditortradisjonar her, og usannsynleg deilige wienerbrød. Det er nok derfor folk er ørlite lubnare her enn i Noreg. Eg har sett statistikk på at dei er tyngst i Norden. Men då bles dei heller ikkje så lett avgarde.
![]() |
Knekt flaggstang - biletet henta frå RUV |
Konudagen
![]() |
Maleriske skur - Ægissida |