 |
Landakot med den katolske kyrkja i morgonlyset |
Jula vel overstått
Eg er tilbake i Reykjavik etter ei veldig triveleg jul og lovande nyttår i Noreg.
Alt var taima og tilrettelagt slik at 22. desember (bittelitla julaftå) då vi kom heim, stod juletreet som var kjøpt på nettet, fint framfor døra vår, foten var lånt av snille folk med ekstrafot, og pinnekjøtet vart kjøpt på vegen ( Høvik).
Denne jula var alle snille og gilde, ingen krangla og vi spelte mykje scrabble.
Veret
Veret er alltid interessant. Her på Island er det meir interessant enn dei fleste andre stader.
 |
Trappa heime, fire timar etter at ho var måkt |
,
Kort tid før vi reiste letta ingen fly frå Keflavik på grunn av storm og snø, vegen frå Reykjavik til Keflavik var også stengd på grunn av same storm og snø. På Keflavik sat ein haug med folk som ikkje kom nokon veg, dei fekk ikkje reist frå landet, og fekk heller ikkje kome seg bort frå flyplassen. Det mangla både mat og drikke der etter ei tid Ikkje greitt i det heile. Heldigvis var alt i orden då det var vår tur å dra.Heime blei det etterkvart mykje snø, Fin lett snø i store mengder som la seg oppå isen som låg der frå før. Slik blei eg ei fullstendig skamlaus broddebrukar! Har to variantar, ein sånn lightvariant som du bare drar inn på skosnuten, og så ein proff som dreg inn over heile sålen. Eg må jo ta av meg broddene når eg skal inn på tregolv, men elles labbar eg stødig.
Men veret, etter å ha måka trappa vår tre fire gonger den dagen den dagen det snødde mest, begynte det å regna
 |
Eksempel på fortau |
I Reykjavik vert snøen liggjande og liggjande. På kjørevegen vert han salta. Sidan fortauet kan sjå ut som det andre biletet her, vel eg å gå i kjørevegen
 |
Salta veg
|
Det eg spekulerer på der eg går og vassar i brun saltgraut, er kvifor i all verda dei ikkje greier å laga pinnekjøt - salta og tørka ribbeside av lam - når dei er så overlag rause, ja reint ut lausslupne i sitt omgjenge med salt på vegen?
Þorrablot
Vi nærmar oss nemleg þorrablót! Thorrablotet er i månadsskiftet januar - februar, Månaden Þorri varte frå midt i januar til midt i februar.
Eg har fortalt om norrøn kalender før, med seks sommarmånader og seks vintermånader. þorri er fjerde vintermånaden.
 |
Ender i dammen ved Nordens hus. Her må det vera ei varmekjelde i vatnet så det ikkje frys |
Då var poenget at ein levde på det som var att etter jula og vinteren, og dette er nå blitt ein matfest på islandsk tradisjonsmat. Det er då desse veratestiklane og håkarlane som de har høyrt om, kjem på bordet, gjæra og surna eller fermentert (som det heiter), saman med smalahovud, røykt det også, blodmorr, tørrfisk og meire til. Dette vert servert med brennivin og øl. Eg har smakt veratestiklar, og dei smakte overraskande mildt og nøytralt, heller kjønnslaust. Smalahovud eller svid er jo godt, sjølv om eg er redd det er for røykt etter min smak, og hákarlen, desse gjæra haigreiene har eg att å prøva.
Bondedagen
 |
Frå ein morgontur, soloppgang i aust |
Første dag i þorri er Bondadagurinn, han er i år fredag 20. januar. Då skal bonden eller husbonden ærast og feirast med god mat ( hákarl og brennivin) og stor stas. Ikkje tilfeldig at det er ein fredag, bonden treng resten av helga til å koma seg på.Men husbonden har ei krevjande oppgåve denne dagen. Om morgonen skal han ta på seg skjorte og bukse, buksa skal bare henga på det eine beinet. Med dette på seg skal han hoppa på eitt bein ( det med bukse) rundt heile huset for å helsa Þorri velkomen.
Eg er dessverre utomlands helga dette skjer, så eg får ikkje varta opp og æra mannen så mykje som han sikkert fortener. Eg er også i tvil om Þorri kjem til å bli helsa velkomen på tradisjonelt vis her i Marargata, men det hadde vore rosaleg gaman om så var.
Kanskje det er det vi treng i januar, hoppa rundt huset vårt på eitt bein, med andre buksebeinet hengande etter? Lått og løye og ikkje minst god trening, det er jo også eit januarfenomen.
Hald ut folkens, det vert lysare.