![]() |
Bakanfor Seljalandsfossen |
Det har vore ein vidunderleg haust. Mange fine dagar med sol.
Hest
Sommaren var kald. våt, og dårleg, også etter islandsk målestokk Men vi fekk nokre fine dagar i august/ september og då fekk eg med meg mannen på ridetur. Islandshestar er søte og nydelege og endeleg fekk vi prøva og ri.
Det var ein strålande dag med sol over lavalandskapet. Hesten min heitte Jordan, han var kvit og fin, men gjorde ikkje alltid slik eg ville. Han insisterte på å eta gras, for ikkje å seia lupiner, heile tida, og så heldt han seg ikkje alltid ut på sida der han skulle.
Han forstod sannsynlegvis at eg var sjenert og tafatt, og ikkje kom til å vera til for mykje bry, pingle på alle måtar. Det var humpete då vi reid fort, det finst teknikkar for å unngå det ubehagelege med denne humpinga, men då treng eg fleire ridetimar.
Haust sa eg?
Eigentleg er det vinter.
![]() |
Gjess som diskuterer om dei skal dra nå, eller drøya litt til - should I stay or should I go? |
Sommaren varer i 26 veker på Island. Han tar slutt ein onsdag og laurdag 24. oktober var islandsk første vinterdag. Vi har då nokre dagar mellom onsdag og laurdag, som den intelligente lesaren straks merka seg, Dette er vetrarnætur, vinternetter altså, (nei ikkje dagar). Då var det kjekt å feira bryllaup, blota for dei som dreiv med slikt, eller festa og kosa seg på anna vis. Haustonna var ferdig, det var nok av mat, og ein lang vinter var i kjømda, haustfest altså.
Personleg tykkjer eg islendingane overdriv her. Sommaren i år varte vel ikring to og ein halv dag, når du legg saman soltimane. I Reykjavik var temperaturen så vidt over 16 grader eit par gonger. Overdrive å kalla dette sommar, også tjueseks veker!
Saltsprengt bil
Og sjølv om hausten har vore fin hadde vi ein skikkeleg storm i slutten av september. Det rauk salt inn frå havet og dekka bilen til mannen og alle vindauga våre med salt. Det skal litt til - vi bur på det næraste meir enn ein halv kilometer frå sjøen, oppoverbakke, med mange hus mellom oss og saltvatnet. Mannen måtte avgarde og vaska bil, eg vaska omsider vindauga i dag etter oppfordring. Tykkjer eigentleg ikkje det gjer så mykje med salt på glaset, mørkt blir det uansett etter kvart
![]() |
Vik i Myrdal - Reynisfjara i morgonlys |
![]() |
Vik i Myrdal - Reynisfjara i måneskinn |
Reynisfjara revisited
Vi hadde ein fin tur til Vik i Myrdal, var også innom nokre fossar på vegen. Bilete av Seljelandsfossen ser de i byrjinga av innlegget. Her kan du gå inn i ei hole bak fossen. Landskapet i kring Vik i Myrdal er verkeleg dramatisk og spennande.![]() |
Kjekk mann poserer i studlaberget |
![]() |
Studlaberg på avstand - Vik i Myrdal |
Livet ruller elles og går. Eg helser framleis på alle kattar eg møter. Dei er med nokre unntak, bare måteleg interesserte, men tar høfleg mot litt kos før dei vandrar avgarde med halen i veret.
Elles har nordlyset begynt å sjå i nåde til oss og dansa rett over nabolaget vårt.
![]() |
Nordlys ! |
Yndlingsislandskordet
Nett nå er det Spretthópur
Det tyder "hurtigarbeidende komité" på moderne byråkratnorsk.
Áfram Ísland seier nå eg, dei har grep om språket.